


I år tenkte eg at eg ville lage eit litt anna pepperkakehus, så eg googla litt og fann ymse hus. Det meste var ganske avanserte greier, men eg fann til slutt eit hus frå Laban som eg printa ut og brukte. Eg kan vel trygt sei at eg er ekstremt dårleg til å klippe og skjere beint, så eg var temmelig spent då eg skulle lime saman huset. Som eg trudde, så blei det nokre glip her og der, men eg regna med det skulle gå greit. Sjølvom eg måtte lime taket på igjen etter ein time, så vart det jo etter forholda ganske så koselig. Så no satsar eg på at det held seg oppe til over jul!



Tradisjonen tru hørte vi sjølvsagt på julemusikk på ein slik dag, og tradisjonen tru er det sjølvsagt juleplata til kor og symfoniorkester ved Høgskulen i Volda som gjeld. (Den vi spelte inn då eg studerte musikk der.) Og sidan dokke har lyst på meir synging på denne bloggen, legg eg ved songen som Ingunn og eg spelte inn på den plata.
2 kommentarer:
Åååh, kor kosli!! :) å FOR ett skjønt bilde av na Felleeeep!
Fint hus! Jeg har hørt på Adventsplata til Hroar og Kristian og de i dag :-D
"Du uttrykjar ordet 'føde'. Det er ekkelt å tenkja på!"
Legg inn en kommentar