laurdag, desember 30, 2006

"Ej he gjort DET kuppet!"

Kjent strofe i heimen for tida. Christian og Sigrid, mine sysken, har lokka mamma inn på netthandel.no. Om dette er bra eller ikkje er eg ikkje heilt sikker på, men mi mor fortel med stor iver alt ein kan finne der inne til ein billig penge. Eg har fått streng beskjed om ikkje å ta vekk sida, den skal stå oppe heile tida, slik at ho alltid er oppdatert. Det er nøye planlegging kva tid ho skal ut å by, og kor lenge det er før neste auksjon er over. Og det er utruleg alt ein kan finne der inne. Eg lurte ho nesten til å kjøpe ei pute me radio inni, men ho tapte i siste liten. Av andre observasjonar kan eg nemne automatisk dyrefòrar, bjeffe-alarm (!), blondetruser, roterande casinobord, massasje-dusj og mykje anna.

Eg skal ærleg innrømme at eg lett vert engasjert i auksjonen.
Det gir ein viss tilfredstillelse å sjå desse orda:




Spenninga stig ettekvart som du ser at tida renn ut.
Kan mitt bud halde, eller kjem der ein luring i siste liten og byr over??







Akkurat i det du pustar letta ut med tanke på det nyinnkjøpte, og sikkert høgst nødvendige smykket eller casinobordet, kjem denne meldinga:






Hr.Langhus slo til. Han baud over rett før tida rann ut, noko som resulterte i at Hareid måtte gå tomhende frå auksjonen.
Jaja. Livet går som kjent både opp og ned.

søndag, desember 24, 2006

God jul!

Vil berre få nytte anledninga til å ønske gamle og nye lesarar, vennar, bekjente, slekt og andre:

Ha ei velsigna julehøgtid, og virkelig kos dokke alle samen!


From Anna with love

torsdag, desember 21, 2006

tysdag, desember 19, 2006

O vestland vestland!

Etter ei meir eller mindre strabasiøs og absurd natt på nattbussen, kom eg endeleg til Hareidlandet. På bussen opplevde eg mellom anna ein som spydde 3 gongar (her snakkar vi sprutspying i haudet til dama som sat framom). Eg syns jo som kjent at spying kan vere morosamt, iallfall om det er planlagt og eg er med sjøl (jfr. spykonkurranse med Frantz og Lars). Men denne hendinga fall IKKJE under denne kategorien. Han spydde utover seg sjølv, alle tinga, seta, den allereie nemnte dama, gangen, ja you name it. Dette resulterte i ein halvtime med vasking på Hamar, ei lettare irritert dame frå nord-norge som vaska opp mens ho banna og drakk konjakk, og spyaren hadde ikkje noko anna valg enn å ta inn på et hotell. Jaja, touchè, tenkte eg der eg sat aller fremst og kosa mej. Vidare på turen kan eg nemne at vi sat fast i snøstorm midt oppe på strynefjellet, noko som resulterte i ei kjempenervøs Anna, statens vegvesen som dirigerte og ein bussjåfør som ikkje ville la seg dirigere. Som om ikkje alt dette var nok, slo lynet ned ved mi side då vi var på den siste ferga frå rjåneset til eiksund. Det sa pang, og rett etterpå blei heile øya mørklagd. Litt av et syn. Kjende eg kunne assosiere meg med Martin Luther då han fekk tårnopplevesen i 1517. (For dei ulærde kan eg nemne at godaste Martin opplevde ei rekke uheldige hendelsa, og det toppa seg då lynet slo ned ved han og han utbraut: "O hellige st. Anna, eg vil bli munk!", og soleis starta reformasjonen.)

Du kan skjøne eg pusta letta ut då eg såg mamma på bussterminalen.
No er det 19., og dagane har bestått av julebrus, snøv, kos, tjuvsmaking på spekematen, permanent, rotfylling, dirty dancing, songe jula inn i kirka og gjensynsglede.

Eg gler meg storleg til dagane som kjem.

Maybe i'm old, but life here is gold.

måndag, desember 11, 2006

Ode til

...min nr 2...






















Sjølv om eg aldri vert nemnt på din blogg, Kwelli,
skal eg no lage ei ode til deg.

Anders Kvellestad, det er ikkje rart i det heile tatt
at når eg ser deg, vert eg nesten litt betatt!
Når sola henger høgt over Langesund, mens du i Bergen er,
er du (ikkje overraskande) like sær!
Knoxville, Bam og andre elska må likevel vike,
for til deg, til deg fins det ingen like!



(Der fikk du den!)

fredag, desember 08, 2006

Lykka er (del 2):





















Min gode venn Arne "Odd" Undheim på besøk























Marianne Voll er no ein del av Frantzebråtveien 6! :)














Min nr 1, Mr. Knoxville














Kongefilm nr 1!! :)



















Kjærleik... :)

måndag, desember 04, 2006

Lykka er:












Lappekalendaren eg fekk av Maria
























Ei boks med julemannar (aka kakemenn) frå mamma i posten
























Adventsstjerna i vinduet mitt























Musikk på badet (sjå opp på vaskemaskina, bildet tatt frå do)



















Vi er synkroniserte




















Ei stk jente som er heime åleine, gler seg til jul og finn på alt anna enn å lese til eksamen























Lapp til meg på kjøleskapet når eg vakna























Pensum

















Eg har skrive satan sitt navn i Bibelen min...

















...som eg har notert urovekkande mykje i dette halvåret på MF.


















Kven seier Gud ikkje har humor??



















I all lesinga måtte eg fram med årboka for å hente styrke. Eg vert alltid glad av å lese helsingane! :) Ein anna kar som gjorde meg glad i dag var:
























min godaste Sid! :)











Eg er så glad i deg!!



No er det ikkje lenge igjen til juleferien, og eg gler meg unekteleg mykje.
Eg kjem i julestemning av....











...at ho her syng "have yourself a merry little christmas":
















"christmas is all around me"



























"ooooo could you call her chubby?? *lyst tonefall*"




















Gi meg ein slik ein!!!



















Evt. Hugh i Love Actually... :)

















Desse lyser opp i førjulstida mi. :)
No gjenstår det 9 dagar med lesing før det er ferie. Det gjeld å finne gleda i dei små tinga...

søndag, desember 03, 2006

Ei stk jente med FOR mykje energi:




















Kven andre
- dansar areobic-dans til julesongar eller lagar dyre-dansar med lyd?
- står på utsida av døra di om morgenen og ringer for å vekke deg?
- tar i nakkefletter om natta for å få krøllar, og dermed mister nattesøvnen?
- diktar samtids-songar inspirert av situasjonen ho er i?
- held deg våken til longt på natt for å fortelle anekdoter frå livet i særp?

Men ingen andre gjer meg so glad som dinne jenta her. :)