tysdag, desember 19, 2006

O vestland vestland!

Etter ei meir eller mindre strabasiøs og absurd natt på nattbussen, kom eg endeleg til Hareidlandet. På bussen opplevde eg mellom anna ein som spydde 3 gongar (her snakkar vi sprutspying i haudet til dama som sat framom). Eg syns jo som kjent at spying kan vere morosamt, iallfall om det er planlagt og eg er med sjøl (jfr. spykonkurranse med Frantz og Lars). Men denne hendinga fall IKKJE under denne kategorien. Han spydde utover seg sjølv, alle tinga, seta, den allereie nemnte dama, gangen, ja you name it. Dette resulterte i ein halvtime med vasking på Hamar, ei lettare irritert dame frå nord-norge som vaska opp mens ho banna og drakk konjakk, og spyaren hadde ikkje noko anna valg enn å ta inn på et hotell. Jaja, touchè, tenkte eg der eg sat aller fremst og kosa mej. Vidare på turen kan eg nemne at vi sat fast i snøstorm midt oppe på strynefjellet, noko som resulterte i ei kjempenervøs Anna, statens vegvesen som dirigerte og ein bussjåfør som ikkje ville la seg dirigere. Som om ikkje alt dette var nok, slo lynet ned ved mi side då vi var på den siste ferga frå rjåneset til eiksund. Det sa pang, og rett etterpå blei heile øya mørklagd. Litt av et syn. Kjende eg kunne assosiere meg med Martin Luther då han fekk tårnopplevesen i 1517. (For dei ulærde kan eg nemne at godaste Martin opplevde ei rekke uheldige hendelsa, og det toppa seg då lynet slo ned ved han og han utbraut: "O hellige st. Anna, eg vil bli munk!", og soleis starta reformasjonen.)

Du kan skjøne eg pusta letta ut då eg såg mamma på bussterminalen.
No er det 19., og dagane har bestått av julebrus, snøv, kos, tjuvsmaking på spekematen, permanent, rotfylling, dirty dancing, songe jula inn i kirka og gjensynsglede.

Eg gler meg storleg til dagane som kjem.

Maybe i'm old, but life here is gold.

6 kommentarer:

Sindre aka Sid sa...

anna mi anna! du skrive som ivar og knut foreint i eit felles språk, der målet er å underhalde! sjølv om det var frykteleg synd på både spymannen, og de stakkars kolonnemennene som bare ville hjelpe bussjåføren!

gla i deg min kjære!

kos og klem, nuss og julesuss -Sid

Sindre aka Sid sa...

anna mi anna! du skrive som ivar og knut foreint i eit felles språk, der målet er å underhalde! sjølv om det var frykteleg synd på både spymannen, og de stakkars kolonnemennene som bare ville hjelpe bussjåføren!

gla i deg min kjære!

kos og klem, nuss og julesuss -Sid

Sindre aka Sid sa...

den kom to ganger. det er fordi du jeg ville si glad i deg to ganger!

Arne sa...

HAha! tenk å bli spruta me spye i hodet!! :D eg ler..

Maria sa...

1505, ikke 1517. Hehe, MÅ ha rett liksom.

Anonym sa...

De skjer i 9-tida. Kom som du e!

:p