torsdag, mars 29, 2007

Can I talk to the prettiest girl in Oslo? Oh, is that me?

Jepp, og her kjem eit lite og kanskje litt absurd referat frå då mi mor, min bror, Lena, Kristin og undertegnede tok den 10 timars longe turen frå Hareid til Oslo.

Vi starta med godt mot, pastellfarga gensarar og god stemning i golfen.
(Legg spesielt merke til sjåføren sine festlige briller.)















Vel framme i hovudstaden var det klart for bytur i vårsola. På bildet ser du Aarmo, meg og Østrem.















Etter litt om og men, bestemte vi for å driste oss til og ta turen til Ikea Slependen. Dette skulle vise seg og ikkje vere så enkelt som fyrst antatt. Men på bildet ser du iallfall to stolte frøkner; Karianne og Eli-Sølvi fann vegen til slutt. Etter ein ekstra tur i Lysaker og ein tur innom Jar, kom vi endeleg på rett veg, og stemninga var høg då vi såg det gule og blå bygget.















Då kvelden kom dukka folka opp, og vi laga pizza og kosa oss i Bråten. Ein særs morosam kveld, og eg vil sende ei spesiell takk til Karianne Aarmo, som verkeleg var i slaget.

I tillegg til å gje meg tittelen 'vakraste jenta i Oslo', gir eg meg sjølv eit ekstra klapp på skuldra for å kunne vere den fyrste som kan publisere eit vaskeekte og ikkjemanipulert kysse-bilete av det forelska og våryre paret:















Karianne, stakkar, har ingen å kysse på så ho må ty til eigne hjelpemiddel:















Men så er det ikkje så mange andre som kan seie at ein er ein skodespelarinne frå 50-talet:















Vi starta reisa opp igjen til Møre tidleg søndags morgen. Men turen starta heller dramatisk, då Golfen rett og slett takka for seg og ville ikkje køyre lenger. Det var ikkje aktuelt å få start på han ein gong, snakk om stabeist. Som menneske, og han som bil, var det ikkje stort vi kunne gjere der og då. Heile episoda endte med at Naf kom og henta han, og so vidt eg veit står han framleis i Oslo. Dramaqueen. Vi fekk i all fall ein flott Opel stasjonsvogn til rådigheit heim, og ingen av oss slit med posttraumatiske skadar etter hendinga.















Så no er eg vel heimkomen, sola skin og våren har verkeleg inntatt Hareid.
Eg håpar veret held seg i påska, og gler meg stort til å sjå folk igjen! :)
Eg vel å avslutte med nokre bilete av det nymala rommet mitt. Signe maten!




torsdag, mars 22, 2007

Bare vegar, brownies og generell kos.

Her kjem ein aldri så liten stòde-rapport frå Hareid:
- våren har endeleg komen, og eg kan gå ute i berre den fine Marius-gensaren min!
- eg har til no baka 3 stk brownies; ei til meg og mamma, ei til onkel-bursdagsbarn, og eg baka ei saman med Eliah.
- eg har hekla eit og eit halvt panneband.
- eg har uttalt: "om det var ein person eg ville ha vore, hadde det vore Christina Aguilera."
- eg siklar etter eit par gull-sko på skobutikken.
- eg er dagmamma for Eliah, der mykje kos og trilleturar er hovudingrediensane for dagane vår.
- eg tykkjer Jesper er så fantastisk attraktiv med det rosa og blå-stripa slipset sitt, og den dressjakka med eit slags motiv på høgre side.
- eg gler meg storleg til den nye Mr.Bean filmen kjem! LOL <3
- eg har mala rommet mitt (med god hjelp av mamma og Christian).
- eg har jogga.

Utan vidare utdjuping, legg eg ved nokre situasjonsbilete. :)

ja takk:







Anna Aguilera?




















Eliah min:



laurdag, mars 17, 2007

OMG "tikken"

Ok, eg skal innrømme og ha blitt oppgidd over følgande "leik" som florerar i bloggar-verda. Tikken. For det fyrste; på Hareid heiter det Tiggen, for det andre; latterlig bølge som eg eigentleg ikkje vil henge meg på.
Men med fare for å bli sett ned på av andre nerde-bloggarar, kjem no 6 rare ting om meg: (kva har dette med Tiggen og gjer eigentleg??? Gir meg ende over..)

1. Heime har eg alltid hatt heil-rosa rom. SJølv då eg vart "ungdom" og skulle fornye, vart det ein annan rosa-farge berre.
2. Eg har fobi mot alt som har med auge og gjere. Å sjå folk ta seg på auge er noko av det verste.
3. Eg har ELSKA Robbie Williams over alt.
4. Eg gret når eg ser edderkoppar.
5. Eg sat på eit tog for fyrste gong i 2005.
6. Det beste eg veit i heile verda er graut, og eg kan ikkje fordra ananas i nokon som helst form.


Og med dette sender eg "tikken" vidare til:
Maria Sannes Larsen, Andrea Øien Sæverud, Anders Kvellestad, Helene Holvik, Renate Liaset og Arne Undheim.


Krig og uro.

torsdag, mars 15, 2007

Full Pakke!!

Yo'as:















pluss musikkfreak:




















= (erlik):


S A N T !



leamus i underleppa?

måndag, mars 12, 2007

Ring meg når du skal til Asia!

(-fritt etter Karpe Diem)

Situasjonsrapport 02.00 natta til mandag, også kjent som Ingunn og Pg sin avreise dag:
(Per Gunnar søv i Bråten)

Brått sprett PG opp og bryt ut: "oi, æ må lufte malarianettet mitt!"
*spring ut i gangen og oppdagar til sin store skrekk at MYGGnettet ligg nederst i backpacker-sekken*
"Jaja, da gidder æ ikke å gjør det nå."

'Kva skal dokke gjer når dokke kjem til Tallin i morgon?' spør eg, og før eg veit ordet av det fortel Maria (som altså ikkje skal ut å reise) alt dei kan gjer i "gamlebyen".
'Har du vore der eller?' undrar eg.
'Ja, vertfall 4 gongar' svarar ho akkurat som om det var allment kjent at ho har vore i Estland oftare enn eg har vore i Danmark (der har eg ikkje vore). Ho har til og med sett Russland på avstand over ei elv. Einaste eg kan huske å ha sett på avstand er Vartdal, ein plass eg har vore kun èin gong og som ligg på andre sida av fjorden, og som eg ser dagleg frå Hareid. Tydlegvis ikkje like verdsvant som unge frk Larsen, aka "globetrottaren".

Men i morgen reiser altså mine kjære Ingunn og Per Gunnar ut på reisa til Asia, og m.a. Mongolia. (Eg syns sistnemnte er så stas, sidan eg har sett verdas høgste mann som er ein gjetar frå indre mongolia, som signerte Guinnes rekordbøker på Ark bokhandel karl johan, og også fordi det er ein litt lol plass.)

Uansett....

GOD TUR TIL ASIA!!



















...og om dokke lurer på korleis det ser ut, og kva dokke kan vente dokke i Mongolia, er eg så behjelpelig at eg legg ut ein film om den mongolske kvardagen:


Eit lynkurs i russisk er vel heller ikkje å forakte:
(fritt etter Go down Moses og www.freetranslation.com)
Engelsk: when pg was in mongolia, let ingunn go
Russisk: когда pg был в Монголии, позвольте ingunn идти


Sjåast i juli! :)

Volleyballtreff 07

soundtrack:


"Volleyballtreffet på Sagavoll er mulighetenes treff."
Takk for ei fantastisk helg.


Gode stemning

Silje og Lillian

Min tilstand på tribuna

Vingle-Petter var der!!!!!!

"E det slik eg ser ut ja" (Lars Tore vise muskla)

You can do it put your ass into it



















Merethe "spolerar" bilde

Slik ser eg ut etter 4 timar søvn

Og slik ser Vegard ut etter litt fleire timars søvn

Emo-Maria, Anna 34 år og Vampyr-Vegard

0506 for evig

Døme på heiarop som blei misforstått av (ikkje overraskande) meg og Karianne:
"Lett å bry seg!" (Petter Briseid)
"Følg med, Guds ekte kull!" (Syng med, 0607)

onsdag, mars 07, 2007

Gi meg tid gi meg ro, nå tuner jeg inn på TV2.

It's too good to be true.



God dag og velkommen til Hotel Cæsar.
Hotel Cæsar et hjem for deg og meg.
I Resepsjonen der står Alex, Benedicte ho henger i bar'n.
Jens August og Juni har en skummel plan.
Og stakkars Ninni prøver å skjule at a' er på vei.
Ja Hotel Cæsar et hjem for deg og meg.

SKYPE 2K6!

Eg gir meg ende over, nok ein gong! OMG! Skype har nådd nye høgder!
No kan du og din samtalepartnar teikne saman også! LOL!

tysdag, mars 06, 2007

Bodil bodil bodil!

Det heile starta med då Anders fortalte kvar mora hass heitte, og Karianne skulle ønske ho hadde et navn ingen andre hadde. 'Ka me Cnixye?' sa Anders, og dermed fekk Karianne si 2. personligheit eit navn. Ikkje overraskande, greidde meg sjølv og Karianne å drage dette så langt som å dikte opp livshistoria til Cnixye (som forøvrig kjem frå Stranda, er 34 år, og har ein son som går på Majorstua skule). Etterkvart tok Cnixye meir og meir over for Karianne, og ho dukkar opp i tide og utide. Heller ikkje overraskande, fekk Cnixye etterkvart ein bestevenn i Bodil (mi 2. personligheit), som er mysande og skeptisk til omverda. Saman er dei litt av eit syn. Då Cnixye lett vert overraska og "tent", er Bodil meir skeptisk og oppgitt. Begge slit eigentleg litt med manglande sjølvinnsikt.
Her kjem eit bilde av Cnixye:


Men dette var eigentleg ikkje poenget med innlegget.
Eg vil gjengi ein samtale frå bussen i dag mellom meg og Aarmo:

Anna: åååh..du slette tid asso!! Ej gir mej ende over!
Aarmo: hva er det?? Har du sjekka statsbudsjettet??

...Dermed starta den saklige og politiske humoren vår. For ingen av oss bryr oss særleg om det. Brått kalla vi kvarandre for Kvellestad og Eders Galle (no affence!), og diskuterte "salgsbudsjettet" som Aarmo så fint kalla det.
Dette fører meg vidare til sjølve klimakset i innlegget!
Eg kom brått over dette bildet på dataen min. Snakk om parodi!

(samtale mellom meg og Maria.)

Og med dette gjer eg vel det klart at min blogg er ikkje, og vil heller aldri bli ein "diskusjonsblogg", ei helder ein sakleg blogg.
Flaks for meg at eg har meir sjølvinnsikt enn Bodil.

Heilt på slutten vil eg gratulere tingrettsdommar Sverre Sigurd med nok ein vellykka sak!
Hurra for Aarmo!