måndag, februar 13, 2012

For mange tankar å tenke

Life aint perfect if you don't know what the struggle's for.
Falling down ain't falling down, if you don't cry when you hit the floor.


Klokka er alt for mykje, men egentlig betyr det ingenting kva tal ho viser til deg. Det er ulogisk å legge seg, men så er det jo ikkje så mykje som er logisk med noko som helst for tida. Kaoset tek over, og den vesle tanken du hadde som heldt deg fokusert, blei sugd inn det så altfor uforståelege dragsuget. Nokre legg seg med stigande promille, men det er søren meg ikkje godt å legge seg med stigande fortvilelse helder.

It's a crazy situation when you notice you get used to all the pain.

Og kva kan ein gjere? Når ein blir overmanna av det ulogiske, og draumane du tenker på forsvinn i kaoset? Det er ikkje så lett å holde motet oppe då, det er ikkje så lett å tru på dei helder. Men eg har lært meg å bli bestevenn med natta. Eg er lei av å ligge våken å sjå ut i mørket, å vere redd for å ikkje få sovne. Når det er for mange tankar å tenke, ja då kan ein ikkje legge seg til før ein har tenkt litt og ordna opp litt. For det skal ikkje så mykje til, når ein fyrst gir slepp. Når ein blir natteravn. Og stjernene er utallige der utanfor vindauget, og ein kan sleppe fri alle tankar som lagar kaos. Sende dei opp og ut, og vere ferdige med dei. Og når det meste er ulogisk, så kan ein drite i klokka og helder skrive eit slikt blogginnlegg, mens ein høyrer på fine songar, og kanskje kan ein kome seg laus i frå dragsuget av tankar, og fokusere på draumane sine igjen. Draumane som kan bli virkeligheit, som kan bli eit mål. Få kontrollen igjen. Så kanskje kan ein fylle hjertet, og hovudet, med ro igjen, i staden for altfor mange tankar.

Photobucket Pictures, Images and Photos

fredag, februar 03, 2012

..for eg skal nyte dette livet til sekundet eg dør



noen tar ut forskudd på den skjebnen vi har
kanskje er det først da vi får et endelig svar
når dagen kommer den dagen jeg drar
den dagen jeg tar mitt siste åndedrag
da skal jeg smile som det siste jeg gjør
for jeg skal nyte dette livet til sekundet jeg dør


Dokke huskar kanskje dette blogginnlegget eg skreiv for litt sidan, der eg skreiv om ting eg ville fylle livet mitt. Vel, no kan eg krysse av ein ting på drøymelista mi! For på onsdag tok eg nemleg denne tatoveringa:

Photobucket

Evigheitsteiknet! Det skal minne meg på alt eg har gått gjennom, og komt meg gjennom. At eg klarte det då, og då kan eg kome meg gjennom alt som vil kome i framtida også. For alltid! Ein fin liten påminnelse. Smil.

Photobucket

No har eg akkurat hatt besøk av verdens beste Kristin, som kom med morgonflyet frå Oslo i dag tidleg! For i helga er det nemlig VT (vintertreff) på Hareid, så då skal både eg og ho ver med å hjelpe til litt. Gler meg!
Håper alle fine får ei morsom helg! Husk å nyte livet litt ekstra, for ein veit aldri kva dagen i morgon bringer. Lag ein god middag, sjå ein bra film, kjøp deg masse smågodt, send ei melding til han/ho, drikk vatn i frå stettglas, og uansett kva du gjer, så er det viktigast å kjenne det i hjertet. Syng som om det er det siste du gjer. :)

how to make gif