torsdag, juli 30, 2009

Mitt liv som museumsvakt.

Jaja, folkens! I dag er eg tilbake som museumsvakt på Ishavsmuséet.
Det er som vanleg ein jobb fylt av uventa hendingar. Til dømes kan eg melde om då eg skulle vatne blomstrane utanfor, låg der ein død spurv på bakken. For eit trist syn. Eg har også hatt besøkande med franske rabatt-kort, besøkande som har kjøpt brus og besøkande som har kjøpt bøker. Isbjørnane står like skremmande, men troskyldige, på plassane sine enda. Soundtracket til muséet i dag er, ikkje overraskande, Hallelujah-gutane. Oh, baby you're so cool på anlegget er ikkje feil.
I tillegg til alt dette har eg fått besøk av nokre skate-kids som har rigga seg til med rampe utanfor. Herlighet, kor søte dei er.
No trur eg at eg skal sette meg ned og lese litt om Harry Potter og Dødstalismanene. Hade!



onsdag, juli 29, 2009

Påfyll.

No er alt over, og det eg er tom inn i meg. Gravferda var i går, og den var akkurat slik ho villa hatt den trur eg.
Og no er det over. Noko manglar.
Men slik er livet. Eit liv er over, og nytt kjem til. Rart!

Eg har fått bronkitt, og hostar og hostar.
Ligg for øyeblikket på senga og har det greitt.
Fyller på med musikk og gode venar.
PG har komt frå Japan, og eg gler meg SÅ til å treffa han igjen!!!
(Dette fordi eg er så glad i han.)
Og John Mayer syng mjukt til meg.
Og i kveld skal eg på kino og sjå 6. Harry Potter filmen ein gong til.
Så det vert vel bedre etterkvart.



Frå ei gammal minnebok på Hareid Sjukeheim:
"Å leve det er som havet, å spegle ein himmel av!"

torsdag, juli 23, 2009

Josefine.

Mi aller finaste farmor har reist.
Like før ho tok siste andedrag, åpna ho augene
og såg oppover med levande auge.
Eg trur ho vart henta akkurat då.
Ho visste kva som skulle skje, og ho var glad.
Eg heldt ho i handa og sa at det var greit.
Så slutta ho å puste.














La ankret falle! Jeg er i havn
i ly for brenningens vover!
Jeg kaster meg i min Frelsers favn,
han som har hjulpet meg over.
Og kjente, elskede stemmer kaller,
mens ankret sakte og stille faller
i evighetens lyse land.

søndag, juli 19, 2009

Hello.

No ligg eg i senga mi på rommet mitt med Jonas Brothers på anlegget (!!!!!)......Jackie ligg under senga, og eg er fornøgd med livet. Eg er kjempetrøtt, det er like før eg sovnar her. Har hatt jobbehelg, noko som inneber at ringeklokka ringer kl 05:55 på morgenen.
På ein søndag. Shit man.
Ellers er det i grunnen ikkje så mykje nytt å melde. Karoline har reist down under ( :( ), og eg føler generelt at få er heime i sommar. Dessuten føler eg også at sommaren snart er over. (Men vi er vel berre halvvegs?) I tillegg til alt dette har eg kjøpt meg Sims 3 som eg ikkje får spele. Katastrofalt. LOL-Mac med for "dårlig" drit. Haha, gidd ikkje sette meg inn i saken, så eg har alliert meg med meir kyndige folk. Det er ikkje aktuelt at det ikkje skal funke. Så vent i spenning på oppdatering om den saken.
Over til litt meir lysbetont informasjon. Eg og Sigrid var i byen tidlegare i veka, og eg tok AV (mildt sagt) på gina tricot. Gensarar og tigths og kjolar og toppar og you name it. I tillegg var det nyåpna Sessions butikk med det uimotståelige tilbudet "Ta 2 for 1" på nesten alt. Dette resulterte i at vi kjøpte oss kvar sitt sko-par, og ingenting fryda mitt sko-hjerte meir. Eller, faktisk fryda det seg litt til i og med at det ikkje var kva som helst sko-par eg kjøpte. Eg kjøpte raude Vans med knyting. Klassiske tøysko. Som eg har ønska meg i månedsvis. Sigrid kjøpte kvite. Gjett om vi var fornøgde og opp i øs og eg veit ikkje kva.
På den andre sida har denne bytur-utskeiinga ført til dramatiske spare-tiltak. Men det går fint! :D

(No har Hallelujah-gutane (Lind/Holm/Fuentes/Nilsen) komt på anlegget.) (Easy Lover er jo faktisk ganske kul.)(Eller?)

I det siste har eg også fått føre meg at eg skal sjå alle Harry Potter filmane, og det har eg no gjort. Og eg må berre få sei det, Harry er jo kongen! Herlighet, blir heilt amazed av alt. Får veldig lyst til å gå på Galtvort og verte kjærast med Ron.
No gler eg meg berre til å sjå 6. filmen på kino.

Og ein ting til: eg kom inn på sjukepleia, og er ei fornøgd jente. :)




Ååå, Ron. Skulle hatt ein tryllestav så eg fekk trylla meg til Galtvort.
(Jada, eg innser at eg har vorte HP-nerd.)




fredag, juli 10, 2009

Og den finaste..

I dag regnar det, og eg merkar eg syns det er godt å
ta på meg meir klede.
(Men håpar samstundes at sommaren ikkje er heilt over enda!)
Ellers: hostar og er hås, men let meg ikkje stoppe av det. Likar sommar og kos, likar mindre at venar reiser longt vekk.
Har kjøpt meg sekk, og er klar for skule (?). (Ikkje skinn-ransel altso.) Har også vore på shopping i Molde, handla på platekompaniet, sett film, vore på jakt etter Sims 3, jobba og sove. Mykje. Og blogga heller lite. Men her er i allefall ei lita oppdatering! Har lagt ut mange fine ting her, men her kjem ho aller finaste:


Celina Leikanger Jønsson.













Fint navn på ei fine jente. Ikkje sant?

søndag, juli 05, 2009

Tomt














Når ein kjenner seg tom inn i seg, kva skal ein fylle opp med då?

(Oppdatering om livet ellers kjem seinare.)