måndag, september 28, 2009

søndag, september 27, 2009

Søndag.

Søndagar er gode og fine. Alt går pittelitt saktare enn alle andre dagar. Spesielt når Jamie Cullum med "gran torino" kjem ut av høgtalarane. (Det er den sangen som er på rulleteksta til Gran Torino, forøvrig ein bra film.) Og Cullum er også bra. I dag.
Ellers har eg Greys-maraton for meg sjølv. Og sender bilder til framkalling. Og gler meg til at kjellarstua er ferdig oppussa. Eg skal ha lysekrune i taket, anatomiplakatar i rame og andre kjekke bilder på veggane. Eg skal ha fine puter og gode pledd. Eg skal ha høg musikk når eg er glad eller sint, og roleg musikk når eg til dømes halvsøv eller dagdrøymer. Eg skal sjå fine filmar og skumle filmar. Eg skal flire der og grine der, åleine eller saman med andre.
Eg gler meg.
Set på Gran Torino, du.
Her kjem nokre kjekke bilder eg fann då eg samla saman bilder til framkalling:
(ikkje alle bilda er tatt av meg, men alle gjer meg like glad.)











onsdag, september 23, 2009

For du skin ikkje for deg sjølv.

Det var lite for deg,
men så mykje for meg.
Eit smil når det gjaldt,
og eit handtrykk var alt.

Tåre,
du tarv ikkje falla.
Eg veit at du er salt.

(Valkyrien Allstars/Olav Hauge)


tysdag, september 22, 2009

Sometimes i've got nothing to say, nothing to sing about that makes you lie awake.

Etter dei forrige innlegga, som eigentleg er muntre og positive, kjem no eit lite innlegg der eg presiserar at alt ikkje berre er feiande flott. Eg har mellom anna hatt ein råten dag i dag. Det har regna enormt mykje, det bles, det er kaldt og eg er ikkje heilt i form. Skuledagen var kjedelig, og etter skuletid har eg kun oppheldt meg enten på stua og sett tv, eller på rommet og høyrt høg musikk. Eg har sakna alle mine kjære i Oslo, og eg har sakna kvardagen slik den var for nokre år sidan. Eg har vorte lei og oppgitt over kvardagen eg har no, med pendling, uver og litt mindre sosialt liv. Eg er lei av alt som har grunnleggande framfor seg, eg er lei lekser og oppgåver, og eg er lei av å stå opp tidlig. I dag. I dag er eg lei alt dette. Og eg veit at i morgon er eg ikkje lei, for i morgon er ein ny dag og då ser eg annaleis på ting. I morgon skal vi mate kvarandre på skule, og pusse tenna på kvarandre. I morgon er det onsdag. I morgon skal det ikkje blåse so mykje. I morgon skal eg ringe ein eg saknar. I morgon.
I dag set eg på Mew - Repeaterbeater veldig høgt på anlegget, og gir meg sjølv lov til å ikkje ha det feiande flott.

måndag, september 21, 2009

There's never been anything to worry about.



Blir alltid litt glad inni meg når eg ser denne videoen. :)
Thomas in my heart forever!

Hey man, don't feel sad
there's never been anything to worry about
think of all the times
when things have just seemed to work out
no matter how pathetic you are

Don't let this man go down tonight
cause it's all going to work out right

So man, you've had it rough
but there's no point in just beating around the bush
do something with your life
we're all a part
happy or sad
it doesn't make a difference whether you had it all

If it's all gone bad

Don't let this man go down tonight
don't let this man go down tonight
just let yourself be part tonight
don't let yourself go down

tysdag, september 15, 2009

onsdag, september 09, 2009

So we said the words that we kept for worrying times

Når veret ute er ekstremt kjipt, fortjenar ein å kose seg inne. Dette gjeld også om du har vore flink student og lært mykje og vore på skule. Og når du har fri i morgon. Ognår veret som sagt ikkje oppmuntrar til å gå ut.



Då kan ein til dømes bake muffins i rosa former, med masse glasur på.



Og spise bamsemums frå ei fin skål.



Og benke seg til med Greys Anatomy-maraton



Og glede seg over å ha ei seng som ser slik ut.



Og høyre på denne songen:



Something happened in the dark
We bought raincoats and pretty charms

tysdag, september 01, 2009

Ups and Downs

Ups:
- i dag har det vorte september, jippi! (sikkert fyrste gong eg er glad for at sommaren er over, men i år er eg berre glad for å
gå vidare!)
- eg har fått bursdagsgåve heilt i frå Australia! :D Tusen tusen takk, Karoline! Aldri fått eit so fint kort før, med Ron Weasley
på framsida. Jippi!
- ja, eg har bursdag om 2 dagar :D
- biltema har åpna i Ulsteinvik (har altso kjøpt meg masse masse perler for lite pengar)
- på biltema kan ein også kjøpe plastalina. Eg og Eliah laga elefantar og slangar og cowboyar.
- i dag kom Woman i posten
- har verdens finaste storesyste som eg er veldig glad i
- gler meg til fyrste labdag på skule, i sjukepleiaruniform og heile pakka
- kantina til Høgskulen i Ålesund sel kokos-yoghurt (!!!!)
- greys har begynt på igjen, og alle hjerter frydar seg


Downs:
- det regnar. mykje.
- eg har SVÆRT mykje pensum og lese
- anatomi er vanskelig
- eg har i dag fått mi fyrste parkeringsbot :(((
- merkar godt at eg lev uten studielån
- i dag fann eg ein kleistra flått i gangen. Blod overalt. Tok fram antibac.

Oppsummert ser ein at + sida har fleire punkt enn - sida, så eg kan vel konkludere med at eg har det rimeleg bra. :)