tysdag, april 26, 2011

L-O-V-E

Photobucket
Photobucket

Her ein dag spurte Sigrid meg om ho kunne få skrive eit gjesteinnlegg her på bloggen. "HAHA" var min fyrste reaksjon, men ho stod der like seriøs. Tingen var at ho ville lage ei deleliste på Spotify, med musikk til bryllupet! "Du har så mange vennar med bra musikksmak" sa ho. Så det kan eg sjølvsagt vere behjelpelig med. Difor har eg laga ei speleliste som heiter sharing different heartbeats, der du må legge inn songar som er fine å spele i eit sommarbryllup ein kveld i juni. Det skal vere både rolige songar til bakgrunnsmusikk, dansemusikk som dei voksne også kan svinge hoftene til og dansemusikk til ungdommen. Og ikkje gløym slowdancen. Altså, songar du syns er fine, som gjer deg varm i hjertet, som får deg til å smile og tru på kjærleiken, og som får deg til å ville danse berrføtt i ein fin kjole. Så kan bruda sjølv plukke ut songar å lage den perfekte spelelista. Ho seier tusen takk :)

SHARING DIFFERENT HEARBEATS.

Photobucket
Photobucket

måndag, april 25, 2011

And let the world spin madly on



woke up and wished that i was dead
with an aching in my head
i lay motionless in bed
i thought of you and where you'd gone
and let the world spin madly on

everything that i said i'd do
like make the world brand new
and take the time for you
i just got lost and slept right through the dawn
and the world spins madly on

i let the day go by
i always say goodbye
i watch the stars from my window sill
the whole world is moving and i'm standing still

woke up and wished that i was dead
with an aching in my head
i lay motionless in bed
the night is here and the day is gone
and the world spins madly on

i thought of you and where you'd gone
and the world spins madly on.

Photobucket

I dag er ein sann dag der eg helst vil ligge i senga, mens tankane får fritt spelerom. Sove, tenke, gråte og få det ut. Høyrer på fin musikk og gler meg til denne dagen er over.

fredag, april 15, 2011

I got 99 problems and this blog is one

Det var med forferdelse og lettare panikk at eg i går oppdaga at alle bilda mine på bloggen har blitt erstatta med ei melding om at eg må oppgradere til Photobucket Pro. Min fyrste tanke var "WTF?", og eg såg for meg at no var det slutt på bloggen. Har nemlig hørt om ei som ikkje kunne blogge meir på sin blogspot-blogg, fordi bildegrensa var nådd. Igjen, WTF? Akkurat no når eg har fått så mange fine lesarar, og føler at denne bloggen er på vei opp og fram! Men etter litt research (google) fann eg svaret. Ikkje overraskande kom eg inn på ei nybakt-mamma-forum side (der finn du seriøst ALLTID svar!!), der noken heimeverande mødre hadde det same problemet som meg. Og då viser det seg at eg på Photobucket har nådd mi månadlege (dette ordet blei rart uansett korleis eg skreiv det. Måntlege? Månlege?) grense på 10 GB, fordi eg har linka til bilda og dokke har gått inn på dei. Eller noko sant (litt usikker på detaljane her). Det kan vere på grunn av at bloggen har fått mange fleire lesarar enn den hadde for eit år sidan (wohoo!). Eller kanskje eg tok knekken på systemet då eg svarte på spørsmåla dokka i det lange innlegget. Uansett. Den grensa eg har, restartar seg sjølv ein gong i månen, så etter litt meir research fann eg ut at den 22. april er bilda tilbake her på bloggen til alles fornøyelse, og alt er som før. I mellomtida har eg ein reservekonto, så du kan ta det heilt med ro, her kjem fleire bilder!!

Ellers har eg den siste veka ligge med lungebetendelse, så eg er superslapp og ikkje heilt i strøk kan du sei. Heldigvis har eg Sheldon Cooper ved mi side, og i tillegg har verdens beste Karoline komt heim på påskeferie så ho held meg med selskap!

So, till we speak againg:

Photobucket

onsdag, april 13, 2011

Franske makronar

Photobucket

I går baka eg makronar, og desse blei mykje bedre enn forrige gang! Faktisk dei beste eg har laga. Så her skal du få oppskrifta, slik at du kan bake og kose deg med franske makronar på ein fin onsdag.

Makronar:
(gir omtrent 10 heile makronar)

♥ 50 g mandlar
♥ 50 g melis
♥ 30g sukker
♥ 1 eggekvite (romtemperert)
♥ farge/smak

Mal opp mandlane til heilt fint mandelmjøl, og bland med melisen. Sett til sides.
Pisk eggekviten stiv, og når du ser den begynner å bli kvit kan du tilsette sukkeret litt og litt.
Sikt mandel- og melisblandinga i eggekviterøra, og bland forsiktig med ein slikkepott. (Ikkje rør for mykje, då forsvinn all lufta ut.)
Tilsett det du vil av smak eller farge.
(I sjokolademakronane tok eg i to teskeier med kakao, og i dei mintgrøne tok eg i to dråpar med blå konditorfarge.)

Ta røra i ein plastpose, og klipp hol i enden. Sprut ut "klattar" så store som du vil makronane skal ver (telys-størrelse er fint) på ei bakeplate med papir.

Så til dei viktigaste triksa for å få perfekte makronar:
1. La egga vere romtempererte (eg brukar å sette dei ut av kjøleskapet dagen før eg skal bake.)
2. La makronane kvile på bakeplata i 30 min før du steiker dei.
3. Steik med ei ekstra bakeplate under, slik at dei ikkje vert så godt steikt på undersida.

Steik på 175 grader i 12 minutt.

Krem:
♥ 50 g smør
♥ 1-2 ss peanøttsmør
♥ 0,5 dl melk
♥ ca 150 g melis (her må du berre prøve deg fram, kor tjukk du vil ha kremen etc.)

Berre å blande alt godt saman. I dei mintgrøne makronane brukte eg dette fyllet, men tilsatte kakao for å få sjokoladesmaken også.

Det ser kanskje avansert ut, men det er eigentlig kjempeenkelt og fort gjort. Og SÅ godt. Mm!

Photobucket
Photobucket

fredag, april 08, 2011

Stop! In the name of love

Tusen tusen tusen takk for alle dei fine spørsmåla!! OMG, eg er så glad, vert heilt varm i hjertet og flirar litt når eg les kommentarane dokka. Kjempekjekt! Gler meg til å svare no. Jobbar med saka. Følg med!

ILU!

Photobucket

Svar på spørsmål!

Ja, då har eg endelig svart! Kos dokke, stalkers. :)

♥ Biter du negler? he he ..
Niks, det kan eg med handa på hjertet sei at eg ikkje gjer! Men eg klippar dei heilt korte og tek på neglelakk.

♥ Kan du svare på videoblogg??


♥ Finaste gutenamn og jentenamn du veit? (Altså det du ville ha kalla sonen/dottera di)
Gut: Lars Christian (fordi eg elskar dobbeltnavn, navnet Lars og Christian etter min bror.) eller Henrik, etter min morfar.
Jente: Viktoria, Sofie, Mia. Har eigentleg ingen spesiell favoritt her.


♥ Viss du kunne velja, kva slags dialekt ville du ha snakka?
Sogning eller Kristiansand.

♥ Ka farge bruka du mest på sokkane dine?
Favoritten er heilt kvite sokkar, men eg har nettopp fått fem par med striper og prikkar i pastelfargar som har blitt ein konkurrent.

Photobucket

♥ Ka du tenke når du ser på sengekleda dine?
Eg likar veldig godt fine sengeklede, så som oftast ser eg på senga og gler meg til å legge meg. Haha. Slik er senga mi i dag:

Photobucket

♥ Kar villa du helst ha reist AKKORAT no å koffor?

Photobucket
Photobucket
Photobucket

Eg har lyst til New York for å gå i lave vårsko, ligge i central park og gå på kafé og på musikal, eller til Paris for å gå på museum og spise is. Men akkurat no har eg likevel aller mest lyst til å reise til Oslo for å henge med alle eg er glad i.

♥ Ken ha du villa reist me?
Eg ville reist til NY i lag med bestevennar, noken som ikkje stressa rundt men som var ute etter å få det same ut av turen som meg sjølv. Til Paris ville eg akkurat no reist med deg, Sigrid, fordi du likar kunst og museum og kafé like godt som meg. Dessuten hadde du trengt fransk kvalitetstid med meg og ein husmorferie. Til Oslo ville eg reist åleine, for å besøke alle eg kjenner, og for å ha den friheita til å kunne ver der så lenge eg ville.

♥ He du ei bok å låne mej?
Hehe, ja Sigrid, eg er akkurat ferdig å lese "Skyggelandet" av Tom Egeland. Den var spennande, og lettlest.

♥ Kor lenge er det lengste du har gått utan å dusje?
Hm, det veit eg egentlig ikkje. Ei veke kanskje? Har ikkje vore verken i Afrika eller vore i andre situasjonar der dusjing har vore nedprioritert!

♥ Brukar du å sjå totalt meiningslause program på TV (Paradise Hotell t.d.) for å få tida til å gå?
Ja, eg elskar å sjå på tv-seriar. Helst sesongar der eg berre kan sette på ei ny episode med ein gong. Paradise Hotel er min gulty pleasure eigentlig. Eg begynte å sjå då eg ikkje orka anna enn å ligge på sofaen, og då såg eg mange episoder på rad for å få tida til å gå. Det er deilig med enkel underholdning som tek tankane vekk ei lita stund.
Og apropos Paradise, har du sett denne bloggen?? LOL!


Photobucket

♥ Er du enig i p3-avstemminga som kåra moldedialekta til Norges mest sexy?
Haha, nei! (Sorry Daniel, ein moldensar i frå himmelen.) Gi meg ein gut som snakkar Sogn og Fjordane.

♥ Hvis du skulle vært et dyr, hvilket dyr ville du vært?
Då ville eg vore ein pusekatt. Fordi dei er morsomme, bedagelige og får mykje kos.

Photobucket
Photobucket

♥ Hva syns du om converse-skoa som det står "This is not a shoe, it's a mania" på?
Eg skal ikkje kjøpe dei, for å sei det slik. Kanskje om eg hadde vore 14 år og emo! Er meir enn fornøgd med mine kvite converse! :D

♥ Hva er den beste tv-serien du vet, eventuelt topp 3? Noe å anbefale?
For øyeblikket er The Big Bang Theory favoritten min, har akkurat kjøpt dei to fyrste sesongane. På ei topp 3 liste trur eg at eg hadde valgt House, Private Practice og The OC. House fordi han er helten. Private Practice fordi ein blir heilt oppslukt i folka og settingen og pasientane og kjærleiken. The OC på grunn av folka, musikken, California og Seth Cohen. Ellers har eg aldri sett så mange seriar som eg har gjort det siste året, det har redda meg mange gongar! Å sjå ei episode no og då, eller sitte ein heil dag med maraton. Deilig avslappande. Ellers likar eg veldig godt Greys Anatomy, One Tree Hill, Sex and the City (høyrer egentlig med på topp 3 altso), Gossip Girl, Heroes, Big Love og How I Met Your Mother. Viss du ikkjer har sett House, Ingunn, så anbefalar eg det! Blir hekta!

Photobucket
Photobucket

♥ Kjære Anna, kan du legge ut bilder av tre hotte menn... tre av de hotteste menn du vet! TAKK :)
Det var vanskeleg å velge tre stk her. Men Leonardo Dicaprio er defeinitivt på fyrste plass. Som Romeo, eller Jack Dawson i Titanic. Egentlig heile tida. Og Jude Law må også med, utan tvil. Og Ashton. Men eg slenger med eit bilde av Nate og Dan frå Gossip Girl også, som ein liten premie til deg.

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

♥ Og, siden vi er i topp-tre humør, hvilke tre sanger gjør deg aller mest glad? Noe du kommer på i farta.
No om dagen:
- Veronica Maggio med "Jag kommer"
- The Weepies med "World spins madly on"
- The Script med "Nothing"

Generelt:
- "Give up the funk"
- Glee Cast med "My life would suck wothout you"
- Maria Mena med "Blame it on me"


♥ Hvilke blogger leser du/følger du med på selv, og vil du fortelle litt om hva du liker/ikke liker med dem?
- Hjartesmil: denne har eg lest lenge. Eg likar nynorsken, stemninga, dei fine bilda og at det ho skriv faktisk er interessant, og ikkje berre "mine nyaste innkjøp frå h&m" eller outfits. Eg føler eg kjenner jenta bak bloggen, Mariell, fordi ho skriv så fint. Ein gong såg eg ho og kjæresten i Oslo, blei nesten litt starstruck.
- Livingdoll: fordi eg er misunnelig på alle Chanel-veskene og skoa hennar. Ho gir meg litt luksus i kvardagen. Eg likar veldig godt at ho skriv så ærlig om alt, og det er interessant å følge henne på bloggen. Så er ho veldig søt!
- Pernille: ho er ikkje "kjendis" innen blogg, og det likar eg. Ho skriv så mykje fint, og har fin tatovering på ryggen sin. Hehe.
- Camilla Pihl: moteblogg, men ikkje "dagens outfit" i kvart innlegg. Mange bra tips og triks!
- Myldretid: har lest denne bloggen lenge, og på same måte som med Hjartesmil, føler eg at eg kjenner Ina. (Ho har faktisk kommentert på bloggen min ein gong, blei litt starstruck då også!) Ho likar neglelakk like mykje som meg trur eg, og det er morsomt å lese om kvardagen hennar.
- Atti Nugatti: sist men ikkje minst! Astrid er Birte sin BFF, og eg er fast lesar! Ho har mange fine bilder, og ein fin kvardagsblogg.


♥ Ka heite favoritt boka di? om du he ei da..
Det er Harry Potter bøkene. Fordi det fins ikkje noko lignande. Eg vart frelst frå fyrste bok, og den siste boka las eg på nokre dagar. Heilt magisk.

♥ Kan du legge ut bilde av ditt beste arbeid (altså enten ei side i ei scrapbook, en plakat av ett slag eller kanskje noke du he strikka)?
Hm, mitt beste arbeid. Eg har jo lagt ut bilder av ting eg har strikka, og det eg er mest fornøgd med er kanskje den blå jakka eg strikka til meg sjølv. Eller mariusgensaren eg strikka til Celina. Og då eg sydde, ikkje mindre enn, sju brødkroger til jul. Ellers har eg laga meg ein inspo-perm der eg har teikna og klipt ut fine ting, den er eg veldig fornøgd med! Er det lov å ta med bakeverk? Då tek eg i sofall med desse cupcakesane også!

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

♥ K e ditt beste teknologiske kjøp?
Trur kanskje eg svarar Mr. MacBook her. Ingen over i allefall. Er også ekstremt fornøgd med iPaden min!

♥ Muffins eller Walters?
Ja takk, begge deler! Mine Walters mandler muffins:

Photobucket

♥ Pest eller kolera?
Ingen av delane, men eg reknar med det ikkje er lov å svare. Så...pest..? Har meir enn nok med mine eigne plager!!

♥ Hode som en fisk eller nedre halvdel som en?
Æsj! Dersom eg måtte velge, hadde eg valgt havfrue! Altså nedre halvdel som ein fisk, men då måtte eg ha fått vore havfrue.

♥ My chemical romance eller creedence?
My chemical romance på vidaregåande, Creedence i dag. På grunn av Bruce Willis i Die Hard 4.

♥ Japan eller Amerika?
Amerika! Har veldig lyst til Japan ein gong, men i det store og heile er eg meir glad i Amerika. Har lyst på roadtrip gjennom USA ein gong! Ellers elskar eg NYC, og skal definitivt tilbake dit.

♥ Eige en mac, men kun måtte spille vikinggarna på den eller eige en pc og kunne spille Rolling Stones og Odd Nordstoga?
Mac, uten tvil. Uansett crappy musikkvalg å velge mellom der, Arne. Musikk kan eg høyre på anlegget mitt. ;)

♥ Ka e det eklaste du noken gong he sett?
Det var då eg var i sjukepleiepraksis og fekk vere med på ein amputasjon. Ein pasient måtte amputere storetåa fordi den var råten og død, og berre beinet stakk opp etter at tåa var fjerna. Vi studentane måtte studere den avkutta storetåa, og DET er det eklaste eg har sett i mitt liv. Men ganske stilig likevel!

♥ Ken e den eklaste personen du veit om?
Arne Marcussen som var med i Hotel Cæsar ei periode (omtrent då Juni var alkis). Trur eg svarar det. Vanskelig spørsmål ass!

♥ Syns du eklaste e eit rart ord?
Hehe, ja når du sei det mange gongar på rad so!

♥ Kan ikke vi begynne å si "mjau" istedet for "men" når vi snakker? For eksempel: Jeg er glad i kakao, mjau mest av alt når det er kaldt!
Jo det kan vi selvfølgelig, mjau eg trur det kan bli litt tungvint? Det hørtes unektelig fint ut da.

♥ Hvis du måtte velge, hva ville du helst studert på heltid av matte (på HØYT nivå) og latin?
Då hadde eg valgt latin. Fordi eg har alltid vore fascinert av latinsk, og her ein dag tenkte eg faktisk for meg sjølv "det hadde vore kult å studert latinsk altso!". (Eg sat å tenkte over at den heilage ande var spiritus sancti på latinsk.) N.E.R.D.

♥ Viss du he hørt "and the crowd goes wild", ka følte/tenkte du når du hørte den?
For dokke utanforståande kan eg opplyse om at "and the crowd goes wild" er ein CD som Jorunn og eg spelte inn på vidaregåande. Vi tok opp med min dåverande mp3-spelar, og spelte gitar sjølv. Vi laga til og med ein liten medley av "Idyll" og "Hodet over vannet", som vi kalla "Idyllen over vannet". Hadde først tenkt å legge ut eit klipp her, men eg trur eg står over. Haha. Eg fikk nettopp ein kopi av Jorunn, eg har nemlig ikkje hørt den sidan vi laga den nesten. Eg flirte høgt, blei litt flau, men var mest glad og takknemlig for alt vi fann på vi to.

♥ He du plana for påska?
Ingen plana, skal berre henge med alle dokke som kjem heim til Hareid. Er klar for ein kveld med deg, Jorunn! Gler meg til å sjå lisje Ole Johan igjen, og til å kjøpe årets fyrste milkshake på Mix med Karoline.

♥ Viss du konne jobbe som akkorat d du ville, sleppe å utdanne dej til d og å søke å få jobb som d. ka ville du jobba som/med då?
HM. Vanskelig! Kanskje operasjonssjukepleiar? Eller ape-ansvarlig i dyreparken. Eller personlig assistent til John Mayer. Eller ein slags jobb ombord Berserk så eg og Jarle kunne reist verda rundt. Eg har egentlig ingen draumejobb, eller høge ambisjonar som f.eks å bli høgsterettdommar. Eg vil jobbe med noko som gir meg noko, som er kjekt og som eg gir meg mange minner og erfaringar.

♥ He du sett na Thomas (som he en skrue laus) i det siste?
Nei, han er det ei stund sida eg har sett altso. Men eg trur han har det bra. :)

♥ Konna du ønskt du hadde minigolf i hagen?
Åh, ja det hadde vore fantastisk! Då skulle eg blitt dritgod! Ser for meg seine sommarkveldar med grilling og minigolf. Utkonkurrerar utan tvil crocket/kråkket!

♥ Kleia du på nasa no?
Nei, gjer du?

♥ Kan ej kome på kosebesøk på gjerda i påska å få verdens beste klem?? :D
Du er meir enn hjertelig velkomen, fine Kristin!! :)

♥ Kven av jentene i Spice Girls ville du vore for ein dag?
Åh, dette var vanskeligare enn eg hadde trudd! Eg trur eg svarar Posh-Spice, Victoria, for då kan eg kline med David Beckham.

Oh, hello there!

Photobucket

♥ Kva er favoritt middagen din?
Enchiladas eller tacopai. Taco generelt. Uten tvil!

♥ Og til slutt, mogleg det er eit litt for seriøst spm ditta, men kva for sjuk er du? Er det ME?
Eg har tenkt lenge fram og tilbake om eg skal skrive om sjukdommen min her på bloggen, men har til no ikkje vore tøff nok til det. Det blir så offentlig om eg skriv åpent om det her, då veit alle alt. Eg er åpen om det altså, men eg har valgt å sette grensa her. Eg kan skrive om det når eg kjenner meg frisk, komt forbi det, har vunne alt eg kjempar mot. Alle som kjenner meg veit kva eg går gjennom, og om du treff på meg kan du spør meg så skal eg svare. :) Det er ikkje ME, heldigvis.

♥ Topp 3 konsertar du har vore på?
- Smashing Pumpkins i spektrum
- den fyrste Mew konserten eg var på, i 2006
- delt mellom Thomas Dybdahl i oslo og National Bank i volda. (Thomas på begge, så regnar med det går greit.)


♥ Topp 3 konsertar du ønsker å oppleve?
- Spice Girls. Eg hadde gitt MYKJE for å oppleve dei live!! Heilt sant!
- Foo Fighters (då MÅTTE dei spelt "Aurora".) (Og ja, eg veit dei kjem til Noreg, men Sigrid skal gifte seg då.)
- John Mayer


♥ Fredrikstad eller Halden?
Sarpsborg (og Aarmo's) 4----> !!

♥ gul cola eller svart fanta?
Gul cola, for cola er ikkje frukt! Svart appelsin blir berre feil.

♥ Scream 2 eller Fryktens sommmer 2?
Hehe. Scream 2, fordi eg ikkje har sett Fryktens sommer 2. Men Fryktens sommer 1 der i mot, var gull.

♥ Synes du det er fint med fregner?
Ja, det syns eg er veldig fint! Skulle nesten ønske eg hadde det sjølv.

Photobucket

♥ Kva var det beste med å gå på Sagavoll? Og det verste?
Å gå på Sagavoll Folkehøgskule er det beste valget eg har tatt til no i livet mitt. Det beste med det var dei kveldane det ikkje skjedde noko, men likevel var det dei som inneheldt mest minner. Alle påfunna, smila, tårene og latteren. Eg veit det høyres fryktelig klisjé ut, men det er slik det er. Og at du får bestevennar som du veit vil vere der resten av livet ditt. Dei siste vekene var dei aller beste, då alle ønska at tida skulle stoppe. Det var sommar og kjærleik overalt og ei ekte sårheit i alle som visste at det gjekk mot slutten.
Det verste med det er at du får bestebestevennar som kjem frå heile landet, og at det ikkje er til å unngå at ein til ei kvar tid saknar nokon. Og tenk at det er det verste, då var det bra.

tysdag, april 05, 2011

Your hair, it's everywhere.

Photobucket
Photobucket
Photobucket

Hei, hallo, god dag og yo til alle dokke som henge her inne! I dag er ein sånn dag der eg helst vil ligge i pysjen på sofaen og høyre på triste songar. Eg er skikkelig slapp og makteslaus, og det er som om kroppen og haudet mitt ikkje heng heilt i hop. Så difor har eg tenkt å køyre i gong noke her på bloggen som enten kan faile heilt enormt, eller som kan vere skikkeleg kjekt. Det er eigentleg opp til deg. Du, ja. Alle bloggar med respekt for seg sjølv har jo spørsmålsrunder i ny og ne, du veit, der du kan spør om alt du vil så svarar eg i eit innlegg. Litt kleint egentlig, men eg tenkte å lage ein litt finare variant. Du må fortsatt spør (enten du vil eller ikkje, for eg vert dritflau om ingen kommenterar, og helst to spørsmål, minst!), så kan eg svare med bilder, ord, songar eller andre fine ting. Du treng ikkje vere seriøs, for eg er ikkje så seriøs som eg sikkert høyres ut som eg er no. I mens skal eg fortsatt ligge her på sofaen med Jackie trufast ved mi side, og høyre på denne songen her (for desse gutane har fått meg gjennom det meste):

måndag, april 04, 2011

Hey baby, I think I wanna marry you

Photobucket
Photobucket

Eg ELSKAR bryllup. Folka, følelsane, kjolane, tårene, kjærleiken, gleden og dansinga. Eg gler meg til å ta bilder med falske bartar, danse barbeint, spise god mat og kaker, synge, flire og kjenne varmen i hjertet. For når dei to kjekkaste eg veit om skal gifte seg i juni, då kan det ikkje bli noke anna enn fantastisk. Omtrent slik:


Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket