søndag, november 29, 2009

Den fyrste søndagen

I dag kom den fyrste snøven. Når eg stod opp kl 06 (på ein søndags morgen) lyste det ute. Vi tente det fyrste lyset i adventstaken på sjukeheimen, og kosa oss ekstra lenge med kaffi og kjeks på førmiddagen. Mamma har pynta stua med stjerner og stakar, og eg syns rommet mitt er nok pynta som det er. I morgon har eg store planar om å starte på eksamensperioda med brask og bram. Men i kveld har eg på meg kjole og har fyr i peisen.
Og høyrer på slik fin musikk.

(Slik såg det ut frå kjøkenet i dag tidleg!)










onsdag, november 25, 2009

Everything is never as it seems.

I helga var eg i Oslo. Det var rett og slett veldig kjekt å vere der. Vi var på konsert med Mew på laurdagen. Sist eg var på konsert med dei, var eg høge på Mew veldig lenge. Eg trur eg kjem til å ver det no også. Det var fantastisk!
Og etter helga må eg sei det var litt nedtur å kome tilbake til kvardagen eg har heime på Sunnmøre. Det er ofte eg saknar bestevennane mine og Oslo-livet, mens andre gongar kjenner eg at livet er veldig fint heime. Om eg hadde budd i Oslo hadde eg nok sakna folka og ting heimanfrå. Eg syns det er litt vanskeleg, det skal eg ærleg innrømme. Å velge ein plass eg skal leve for å ha det bra. Det vil alltid vere positive og negative ting som virkar inn på kvardagen. Eg har jo budd både i Telemark, Oslo og i Volda. Alle åra var veldig kjekke på kvar sine måtar, men korleis skal eg vete kvar eg har det best? Det som har prega åra er folka eg har budd med og vore mest i lag med. Men eg trur eg har innsett at det aller viktigaste er å tenke på kva som gjer at EG har det bra. Då meinar eg skikkeleg bra, og ikkje ei god blanding av å ha det kjekt og vere lei. Og ikkje tenke på kvar eg har flest vennar eller flest ting å gjere på. VEL. Nok om ditte. Eg tek eit år i gongen. :)

Etter at eg kom heim, har eg neste berre høyrt på musikk. Eg har ikkje gjort noko skulearbeid. Men i morgon. Kanskje.
I dag har eg laga til bilder på veggen min. Mine favorittar.
Eg er veldig glad i dokke, bestevennane mine. :)





søndag, november 22, 2009


Heavenly, heavenly, heavenly
Hard now to picture a me
Without a you

måndag, november 16, 2009

Right about now





Det er mandag i dag. No er det kveld. Eg og Jackie har vore ute i kulden under stjernene, men no er vi inne med fyr på peisen. Eg kosar meg med anatomien, mens bikkja snorkar på golvet. Top Model i bakgrunnen, akkompagnert av knitringa i peisen. Og eg et mandarinar. Berre kom, eksamensperiode! Eg er klar! ;)

(Takk til Photobooth for flotte bilder.)

søndag, november 15, 2009

Gratulerer med dagen!



I dag har mamma bursdag, hurra! :)
Ho er så flott, mitt forbilde og ho er verdt si vekt i gull.
Eg er veldig glad i ho!

onsdag, november 11, 2009

Days floating by

like in a dream..


(Eg har lagt min elsk på songen i den nye NSB-reklama, som Silje Kåfjord syng. Einaste staden eg har funne den, er her!)

Tamiflu-kuren er over, og i dag har eg vore på skule igjen. Vi har hatt lab-dag på skulen, der vi går rundt og leikar sjukepleiarar (MED uniform OG crocs, til og med i kantina...........). Uansett. Vi har lært å sette klyster. (Maria veit kva det er.) Vi måtte ligge i senga og late som vi var pasientar som ikkje hadde hatt avføring på nokre dagar, og late som vi sprøyta inn væske i endetarmen. Ahhh, gleda livet som nurse kan by på altso! Det var også veldig kjekt å sjå folk igjen, etter 7 dagar med isolasjon.
Ellers har eg vore husmor i 3 dagar, sidan mama har vore på kurs og Birte har budd her. Eg har fyrt i peisen, laga middag, rydda og styrt på. Jada! Det var koseleg å vere mor.


Slik er livet på Høgskulen i Aalesund!

Eg vil også kome med ei blogg-anbefaling. Om du ikkje har gjort det, sjekk ut Hjartesmil her. Og ho har nettopp lagt ut 5 gutar ho likar godt, og det same skal eg gjere no.

Nr. 1: Chuck Bass

Berre fordi han er Chuck. Chuck er nemlig litt av ein kar, sjølv om han er litt overlegen og rar. Han er nemlig so godt som rikast i NYC pga faren sin, og han slit med å vise sin kjærleik til Blair. (Og litt fordi han er fin og kler seg fint.) (Og ja, eg innser at eg lev i Gossip Girl-bobla. XOXO!)

Nr 2: Robert Pattinson
Fordi han er Edward Cullen, som er mannen i alle jenters liv.

Nr. 3: Vinni
Fordi han er så SØT!!

Nr. 4: Jamie Cullum
Fordi han syng so fint. (Eg har enda ikkje komt over Please don't stop the music!)

Nr. 5: Cole Mohr
Fordi han er fin (han er modell), og er ekstra søt i denne videoen:


Kven er dine fine?


PS: Pelle Krogstad og Kathrine Hove klina på cæsar. LLOOLL.

fredag, november 06, 2009

Snakkast!



(Dag 3: har nettopp skifta klær, vaska hår og hatt på meg diorparfyme. Er litt bedre, men har ikkje spist på 3 dagar. Kjennes ut som eg har fått muskelstrekk i kvar einaste muskel i kroppen. Hostar konstant. MEN: eg har cola med isbitar og ei snilde mamma. Dagens høgdepunkt er gossip girl kl 15.20. XOXO)

måndag, november 02, 2009

Du veit

når du drøymer så kjekt at du må berre knipe igjen augene å håpe på at draumen held fram litt til? Alt er så levande, og alt kan skje. Du har null kontroll. Stadar som ikkje fins, og absurde samansetningar av folk.
Difor er det noko av det beste eg veit. (Ikkje når det er mareritt, sjølvsagt)
Og når du drøymer om gutar du er kjærast med, vaknar du opp i ein døs og er glad og fin. Og er forelska ut dagen.
I dag er ein sik dag.

Og då kan ein høyre på ein slik song:


(Eller, trykke HER for fleire kjekke songar!)

Og vere so glad:
create animated gif