tysdag, mars 29, 2011

In repair, I'm not together but I'm getting there.

Det har vore nokre harde dagar i det siste, og det hjelp ikkje akkurat når dette
har vore utsikta mi i dag, 29. mars 2011:

Photobucket
Photobucket

Det har lava ned med masse snøv, og det er nesten slik ein får julestemning av heile greia. Men som dokke veit, er eg aller mest gira på vår, sol og sommar. Synd det er så lite ein kan gjere med det!

Eg har nesten berre ligge i senga eller på sofaen, vore trist og hatt det vondt sidan før helga. I dag er fyrste dagen det er pittelitt lettare, so no har eg rydda rommet, rydda i klesskapet, vaska og skifta på senga mi. Godt å lufte ut og kjenne den reine, friske lufta etter slike dagar, og ekstra deilig med litt velvære. So no gler eg meg til å legge meg i nyvaska sengetøy.
Verdens beste storesyster kom innom med ein liten ting ho har laga til meg, nemlig ein oppmuntring-inspo-vekeplan! Der kan eg skrive ned små ting som er målet med dagen, og legge meg med ei god følelse når eg har klart å gjennomføre det. Høyres ikkje det fint ut? Jo.
So slik er det i dag, på den siste tirsdagen i mars.

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

make a gif

Hadet!

torsdag, mars 24, 2011

With grace in your heart and flowers in your hair

Eg har laga ei ny speleliste som er fin å sovne til, eller smile til eller grine til eller kline til eller drøyme til. Enten du har kjærleik i hjertet eller tårer i augene. Ja, alt som er fint. Litt sann her:

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

tysdag, mars 22, 2011

Heartbeats



Høyrer på verdas finaste song og er glad for at ute er vegane tørre, og for at stjernene blinkar mens eg legg meg ned for å sove. Det skal gå bra.

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

måndag, mars 21, 2011

Nobody said it was easy

Photobucket

Eg meldte meg ikkje på dette frivillig, og eg hadde aldri trudd at det skulle vare så lenge. Eg valgte ikkje å sette livet mitt på vent for å ta ei pause, men det var noko eg måtte gjere då eg vart sjuk. Eg har aldri i mitt liv måtte takla så mykje som eg har gjort det siste året, eg har aldri måtta godtatt eller svelgt så mange vanskelige ting og skuffelsar som eg har gjort. Eg er lei, sint, makteslaus og trist. Det virkar som om alt eg har greidd å opparbeide meg (eg blei jo kaptein for litt sidan veit dokke) er gøymt og begravd ein plass langt vekk i frå meg. Eg har ikkje lyst å syte eller vere negativ her inne på bloggen, men eg skal vere ærleg. Og det er lov å vere sint og skuffa når ein ikkje orkar å få besøk av han som er kjekkast i verda og likar kryssord slik som meg, og som for tida bor i Japan. Då er det lov å grave seg ned i dyna og vente på betre dagar. For dei skal kome.

Eg må klare å tru på draumen, eg må stole på at eg kan klare det eg vil, ein dag. Og eg må tru på at den dagen skal kome. Det er søren meg ikkje enkelt, men har vi eigentleg noko valg? Viss ein ikkje har trua, håpet eller draumen, kan ein heller ikkje skape den framtida ein ønskar og treng.

Become your dreams.

Photobucket

torsdag, mars 17, 2011

Nokre lister på ein torsdag i mars

Photobucket

ti favorittar
farge: mintgrøn og fine pastelfargar
mat: enchiladas!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!! (Med tusen utropsteikn.)
musikk: akkurat i dag er det Hun er fri, og den nye spelelista mi "alt som er fint" som er under produksjon og som får meg til å lukke augene og kjenne kjærleiken i hjartet.
film: Titanic er min absolutte favoritt, men andre som kjem høgt opp på lista er m.a. Die Hard 4 (den siste altså), Mannen som elsket Yngve og Jeg reiser alene, og min guilty pleasure It's Complicated med Meryl Streep.
bok: Harry Potter bøkene.
by: vår i Oslo, haust i NY, London heile året eller seinsommar i Cannes eller Nice.
smak på is: kokos!
dag i veka: fredag eller søndags morgen
årstid: vår og sommar!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!! (Tusen utropsteikn her også.)
lukt: reinvaska sengetøy, friske blomster og lukta etter at det har regna på sommaren.

ni akkurat no
humør: sliten.
smak: first price si Festbrus.
klede: blå og kvit stripa gensar og grå joggebukse.
lyd: Elliot Smith - Angeles.
neglelakk: nr 613 frå Isadora, Lac Beige.
lukt: Parisienne frå YSL
tid: 16.52.
omgjevnad: sit under eit pledd på stua, Jackie ligg under bordet og søv.
irritasjonsobjekt: mensen.

åtte ting eg gler meg til
- sommarbryllup, som inkluderar lette kjolar og fine sko, mykje kjærleik, musikk og
dansing. (Sigrid skal gifte seg.)
- sjå på tv i kveld.
- islendaren min blir ferdig
- eg slepp å fryse når eg går ut
- grillsesongen
- siste Twilight film kjem, og siste Harry Potter kjem!!!!
- å treffe igjen mine BFFs som bur longt vekke.
- å bli frisk.

Photobucket

sju menn i mitt liv
1. Jarle Andhøy
2. John Mayer
3. Jarle Klepp
4. Edward Cullen
5. Ron Weasley
6. Mr. Schuester
7. Dave Grohl

seks ting eg vil gjere i 2011
- fare på en kjekke konsert
- reise til London
- ta tatovering
- ligge i ein park i oslo
- vere med i utdrikningslag
- lese fleire bøker enn eg har gjort i 2010

fem ting eg aldri i livet vil gjere
- hoppe i fallskjerm
- bli arrestert
- melde meg på Paradise Hotel
- fare på bilferie med campingvogn
- farge håret svart (hehe)

fire personar
eg kan fortelle alt til: Sigrid
eg ser opp til: mamma
eg er superfan av: kjekke gutar som kan å synge
eg syns er morsom: Birte

Photobucket

tre ting eg syns er dritflaut
1. når ein person "bøyer seg i støvet"/knelar framfor ein annan person
2. ha på lyset i bilen når det er mørkt ute
3. voksne damer som lev gjennom Facebook

to fine ting
- tanken på at mannen i ditt liv går rundt på jorda og anar fred og ingen fare. Kanskje flirar han godt akkurat no, eller kanskje søv han, gret sine modige tårer eller er skikkeleg sint. Men han er der, akkurat no.
- det er lyst ute heilt til klokka er sju på kvelden no.

Photobucket

eit ønske
Å bli frisk.

tysdag, mars 15, 2011

Hallo!!!!!!!

Hei stalkers, beklager oppholdet her på bloggen. Men det har vore stille, tomt, trist og vondt. Altså lite inspo og lyst til noke som helst. Men i dag skin sola, og eg prøvar å leve litt igjen. Har vore i posten å tatt ut krise-stashet mitt (pengar altso) og kjøpt meg nytt sengesett. Så no skal eg skifte på senga og freshe litt opp! Dei siste dagane har eg strikka, eller løyst kryssord. Det skal så lite til før eg vert utmatta, så då er også lysta til å gjere noke borte vekk. Eg held på å strikke ein Islendar. Eg er ferdig med begge armane, og starta med friskt mot på sjølve gensaren. Fann fort ut at det var tidkrevjande og kjedelig, men eg psyka meg skikkeleg opp og starta. Hadde strikka ca 1/3 av gensaren då eg fann ut at eg måtte rekke opp igjen fordi det vart for lite. Då gav eg opp. Så no har mamma Eli tatt over, og eg er sur på heile strikkinga. Men kjenner eg meg sjølv rett, startar eg sikkert på noke nytt seinare i dag.

Uansett. Ser med glede at mars månad er halvvegs og då er det snart APRIL! Omg. Snart er det skikkeleg varm vår og sommar rundt hjørnet. Så til neste gong, her er noko eg saknar og gler meg til; sommar.

Photobucket
Photobucket
Photobucket

Og Karoline!! Som er i Afrika men kjem snart tilbake. Eg saknar deg ekstra mykje. ♥
Photobucket

måndag, mars 07, 2011

Lev draumen

Photobucket

Eg har jo tidlegare skrive om ting eg vil gjere før eg dør. Men då har eg for det meste snakka om draumane mine, ikkje berre slike små ting eg har lyst å oppleve. Det har gått opp for meg at eg eigentlig berre fyller livet mitt med kvardagar, i staden for at eg fyller kvardagen min med liv. Kvardagar der eg går og ventar på at det skal passe bedre, og tenker at "ein dag skal eg gjere det". Og kva skjer då? Jo, ingenting. Eg seier ikkje at kvar dag skal vere fylt av liv og glede, for somme dagar er det berre å gløyme. Alle opplever dagar der ein ikkje orkar noko, i allefall ikkje å gå etter draumen sin. Men ein skal ikkje gløyme den helder. Du styrer jo livet ditt og kvardagen sjølv. Ha eit mål, for då er kvar dag eit steg nærmare draumen.

Photobucket

Så difor vil eg lage meg ei liste. Med ting eg har lyst å oppleve før eg dør. Små ting. Ikkje store draumar, som å åpne ein muffinskafé, men ting som til saman betyr mest. Då kan eg leve draumen litt kvar dag.

Eg har jo opplevd litt da, så desse punkta kan eg stryke ut:
♥ ta ei tattovering
♥ vere på Timbuktu-konsert og synge "Alle vil til Hareid" i staden for "Alle vil til himmelen"
♥ knipe vokalisten i Datarock i rompa
♥ vere i studio og spele inn CD
♥ stå på toppen av Empire State Building
♥ sjå Statue of Liberty
♥ treffe Elton John på shopping i Nice
♥ vere forlovar i eit bryllup
♥ jobbe frilans som journalist og intervjue kjendisar
♥ lære å sette sprøyter på folk
♥ bli med på ein amputasjon
♥ oppleve Smashing Pumpkins live

Dette er noko av det eg vil oppleve:
♥ sjå Eiffeltårnet
♥ vere på Spice Girls konsert
♥ sjå pyramidene i Egypt
♥ finne mannen i mitt liv
♥ bake perfekte makronar
♥ skrive ei bok
♥ prøve å hoppe skihopp (haha)
♥ halde konsert og høyre at publikum kan songane mine
♥ bli kvitt edderkoppfobien min for å kjenne den (sikkert heilt sjuke) meistringsfølelsen
♥ roadtrip gjennom Amerika
♥ dokumentere ein heil sommar gjennom polaroidkamera
♥ bo i slike stråhytter på ei strand på ein varm plass
♥ fare på båttur (og då meinar eg ikkje i robåt)
♥ klappe ein kval for å kjenne korleis det kjennes ut å klappe kvalhud
♥ vere med under ein operasjon
♥ vinne meir enn 100 kr på flaxlodd
♥ bo i utlandet i meir enn ein månad
♥ sjå ein kongeleg person eller ein president
♥ fare til nordnoreg
♥ treffe Jarle
♥ vere med i ein musikal
♥ få eit kyss på kinnet av Didrik

...og mange fleire!

Photobucket

fredag, mars 04, 2011

Baby, you're the prettiest one.

Everybody and their broken hearts.

Når klokka er mykje men natta er ung. Og det er skumring ute, men fortsatt lyst. Han smilar uten og sei noko, og det er ingenting anna som betyr noko i heile verda. Huda luktar sol. Og det er fortsatt varmt, men litt kaldt samtidig. Det er heilt stille ute. Han ringer deg rett etter at du har sagt hadet, og seier han vil snakke med deg heilt til du er heime igjen. Han legg ikkje på når du har lagt deg i senga di, og det gjer ikkje du helder. Det er sommar og lyst ute og heile verda er full av kjærleik. I allefall di.

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

tysdag, mars 01, 2011

Falling feels like flying, til you hit the ground.

Photobucket
Photobucket

Eg er heilt utslått. Det kjennes ut som all lufta er banka ut av meg. Som eit slag i trynet som kjem innanfrå. Konstant klump i halsen og tårer i augene og ingenting som kan stoppe det. Eg har mista all blogg-inspo, eg har mista muffinsteknikken min, eg orkar ingenting. Har hatt det slik i eit par dagar. Akkurat når ein kjenner kor godt det er å ha det fint, flire og smile, det er då det er hardast å treffe bakken, verte innhenta av det faktum at ein ikkje er så frisk som ein skulle ønske.
Det hjelp så lite å late som.

Ymse snacks sidan sist:
♥ har hatt hjertet i halsen og ein klump i magen mens eg har sjekka nyheitene etter nytt
om Berserk-gutane mine.
♥ i dag våkna eg av Jackie som spydde på teppet mitt...
♥ har fått pakke frå Stoff og Stil, med mykje kjekt nytt stoff. So når eg kjenner meg litt bedre,
skal eg sy igjen!
♥ eg står opp kvar morgon til min nye favorittsong. You gotta get going, you gotta get movin'!
♥ eg og Sigrid har vore på biltur til Volda og gått på kafé.
♥ har hengt opp den finaste kjolen eg har, og gler meg til sommarbryllup! (Meir om dette seinare..)
♥ og sist, men absolutt ikkje minst:
Photobucket