måndag, mai 24, 2010

Ting som gjer livet litt finare.

♥ Bon Iver:


♥ Bilturar på seine kveldar

♥ Når ein kan sjå alle trea i fjella, i staden for at fjella berre er mørkeblå

♥ Kjekke Eliah, som seier: "Hei tante! So fine gensar du hadde."

♥ Lyden av regnet ute

♥ Latteren til Celina når ho flirar skikkeleg

♥ Søte vennar i ein park







♥ Ei fin storesøster og ein snill storebror

♥ Bestevennar

♥ Morsomme sommardagar på hytta til Karoline & co

♥ Ei mor som spør " vil du ha selskap?" når ein kjem igen seint på kvelden og treng kveldsmat, i staden for å legge seg sjølv

♥ Når ein heilt inpulsivt kan låne film like før stengetid på Mix

♥ Slike songar som gjer at ein kan oppleve noko fint om ein berre let att augene








♥ Kva gjer livet ditt litt finare?

laurdag, mai 22, 2010

Karoline



♥ er den einaste eg veit om som også likar milkshake
med jordbær og lakrsis-smak
♥ har kyssa Jason Mraz
♥ er flink til å bake kake
♥ har bedre vinnarlykke enn meg når det gjeld flaxlodd
♥ vert irritert når eg og Henriette lagar eigne reglar i Bonanza
♥ er yndlingsleikekameraten til Jackie
♥ er min beste venn.



onsdag, mai 19, 2010

Lyse netter.










(No har nettene blitt lyse og kveldane finare. Det likar eg og B, og eg likar ekstra godt når ho syng i songen over. I dag er det sol og varmt og eg har på meg shorts. No ventar eg berre på deg, Karoline!)

måndag, mai 17, 2010

17. Mai 2010

Sjølvaste nasjonaldagen er også bursdagen til verdens beste Eliah, og i år blei han heile fire år. Nybakt storebror og lykkeleg bursdagsbarn med sjokoladeslott og fyrverkeri. Birte var også på besøk, og vi pynta oss og spiste god middag, før vi var i bursdagsselskap.








søndag, mai 16, 2010

Tante Anna

For åtte dagar sidan vart eg tante for tredje gong, til ein perfekt liten gut. Han himlar med augene, nys, hikkar og er morsom som babyar flest. Eg har gjennom ni månar kalla han for Bob, men det syns ikkje mora noko om. Men til han får eit skikkeleg navn, er han min Bob, eller Justin Bob/Bobby/Baby/Bieber. :D



måndag, mai 10, 2010

10. Mai 2010

I går var Birte sin store konfirmasjonsdag. Den vart sjølvsagt feira på Ishavsmuséet, med kjekke folk, tårevåte talar, intimkonsert med Gollj og Gråstein, raude løpar utføre og heimelaga Chanel-kake inne.









I dag skal vi i brusdagsselskap til Andrine/etterselskap, og eg gler meg til meir kaker og moro! ;)
Ute er det berre nokre få grader, og regn/sludd/snøv. Ikkje mykje til vår skal eg sei deg. Men inne er det litt sommar, med min bodybutter frå Kings&Queens med mangolukt. Når eg smører den på meg luktar det tivoli, sommarkveldar og kjærleik, omtrent slik:

(Og slik ser den altså ut.)

No skal eg ta på meg kjole og lukte sommar. I mens kan du kose deg med min yndling om dagen; Kråkesølv - Kalde Føtter:

måndag, mai 03, 2010

På ein grå dag

Kan ein farge negla i forskjellige fargar, vinne 80 kr på flaxlodd, få besøk av ei lita søte jente og høyre på Ellie Goulding. Og gle seg til sommaren og lysare tider. Sjølv kor mykje det snøvar (!) og haglar ute!

create avatar