måndag, januar 31, 2011

Til Andrea.

Kjekke, fine, flinke Andrea! Her skal du få oppskrifta på verdens beste Scones.

Photobucket

Scones

2-3 ss smør
ca. 3 dl melk
0,5 ts salt
1 ss sukker
ca. 6 dl kveitemjøl
1 ss bakepulver

♥ smelt smør og bland med melk, salt, sukker og bakepulver
♥ tilsett mjølet (deiga skal helder ver lause enn faste!)
♥ steik til dei er fine under, dei treng ikkje vere gylne på toppen.
♥ 230 grader i ca 10-15 minutt
♥ det blir omtrent 14 scones.

Photobucket
Photobucket

fredag, januar 28, 2011

Heimelaga

Dokke har kanskje sett på facebook at nokon har "Pay it forward 2011" som status. Det går ut på at dei fem fyrste som kommenterar statusen, får noko heimelaga/handlaga i løpet av 2011. Fin idé, ikkje sant? Difor har eg lyst å vidareføre dette til bloggen min. Så dei fem fyrste som legg igjen ein kommentar under innlegget her, skal få noko heimelaga med meg. Det er veldig sannsynlig at det blir noko strikka altso. Eller kanskje syr eg litt. Uansett, du skal få noko med meg. Det er kjekt å glede nokon uansett om det er "Pay it forward" eller ikkje! :)

Photobucket

torsdag, januar 20, 2011

Draum.

No og då kjenner eg ein uroleg følelse inni meg. Av og til kan den kjennes ut som tusen sommarfuglar, andre gongar dreg den meg longt vekk, til ein annan plass langt her i frå. No kan eg tenke mykje klarare enn i fjor (du veit, har blitt kaptein og slikt), og eg klarer fortare å kjenne igjen denne rastlausheita. Av og til hjelp det å gå ut ein tur, men i det siste har ikkje det vore nok. Eg vil vekk, ut å oppleve, sjå verda og besøke fine plassar. Eg skulle ønske eg var eventyrar, at eg hadde mot nok til å reise ein plass heilt åleine. Eller at eg hadde god nok økonomi til å reise vekk i nokre månar. At eg rett og slett var sterk nok til å kome meg vekk. Men slik er det ikkje. Ikkje no. Men kanskje om ein måned, eit halvt år, eit år, to år?

Det handlar ikkje om det å gjennomføre. Misforstå meg rett, det er viktig å gjennomføre det ein har planlagt, viss ikkje kjem ein ingen veg. Men eg meinar at det er ikkje det som betyr noko no, heile poenget er at eg er fri og har draumar og håp og ei framtid! At eg har muligheiter, og at eg har ei framtid etter at alt dette er over. Det er fint å tenke på. Som John Mayer syng i "Who says" (denne songen har ein tendens til å kome på dei rette tidspunkta altso, som til dømes etter ein trasig psykologtime): kven seier at eg ikkje kan planlegge ein tur og reise åleine? "Doesn't matter if I even go".

Og ein dag SKAL eg bo i Paris. Eller kanskje London. Eller New York? Om det er ei helg, ei veke, ein månad, eit år? Det veit eg ikkje enda.

Photobucket
Photobucket
Photobucket

Over the bridge and under the rain



these four walls are closing in on me, the talk is louder than I'll sing
i want to be there, want to be where you are
but you know it all, every look and smile that aren't meant to break
i'm over the bridge and under the rain

if everything's falling, if everything's changed
if I'm in the open, if I'm in the way

what am I doing here, if you're not with me?
what have I got to live for, if it's just my own dream
take it back to the beginning, back to the start
when gravity's pulling, you're still holding my heart
you come crashing down

Photobucket
Photobucket
Photobucket

søndag, januar 16, 2011

Det e so godt som ingenting som e so godt som nordavind mot varme kinn.

Når det er berre musikk, fred og tårer som kan gjere situasjonen pittepittelitt bedre, har ein ikkje så mykje å blogge om. Difor slår eg til med ei lita liste til!

♥ Ein ting eg har kjempelyst til akkurat no:
bli i lag med mannen i mitt liv, ligge på ein sofa i oslo og flire med morsomme folk, vere frisk, ha masse penga og muligheita til å bo i f.eks NY eller London, sitte på eit bord i min eigen kafé og spise verdens beste ostekake uten gelé på toppen.

Fem ting som får meg til å flire:
1. Eliah, når han heilt utan forvarsel byttar ut eit ord i ein song med "bæsj".
2. Arne Undheim sine MMSar.
3. Mr. Bean (spesielt då han er på ferie. Heile filmen. Elskar den.)
4. Slik humor.
5. Når Birte skal fortelle ei historie.

Fem ting som er superfint på det motsatte kjønn:
1. Eit sjarmerande smil.
2. Ein morsom latter.
3. Litt trange bukser.
4. Bra sko. Som f.eks lave Vans.
5. Litt langt, rufsehår.

Song på øyra:
Pachuca Sunrise, passelig på ein sein søndagskveld når ein saknar ein gut og gler seg til våren.

Eit outfitbilde:
Photobucket

NEIDA! Haha..

Photobucket
Photobucket
Photobucket

Ein situasjon eg kunne tenke meg å være i om 5 år:
hatt ein eigen kafé som det gjekk kjempebra med, ein fin plass som f.eks i Notting Hill. Eller ville eg reist jorda rundt og sett utrulege ting og opplevd mykje i lag med ein fin ein, f.eks Jarle.

Photobucket

Fine blogga:
- Hjartesmil
- Pernille
- Lise

Eit bilde der eg er smilar heilt på ekte:
Photobucket

Noke ærleg, som kjem rett frå hjertet. (I form av tekst/bilde/video/tegning/musikk.)

Photobucket

- denne songen. But only if you are a little bit in love with me.
- Og denne. Så korfor ror vi i ring?

Photobucket
Photobucket
Photobucket

onsdag, januar 12, 2011

Lovers

Når ein ikkje alltid har like lyst til å stå opp om morgonen, må ein iverksette tiltak:

Photobucket

tysdag, januar 11, 2011

Hei!

Photobucket

fem ting eg vil gjer før eg dør:
1. starte ein kafé.
2. besøke minst fire av dei sju underverka.
3. klare å gjennomføre ein draum, tørre og satse, og få det til.
4. bli frisk som ein fisk!
5. oppleve verda.

fem ting eg verkeleg set pris på:
1. musikk som treff meg rett i hjertet.
2. dei små, fine tanteungane mine.
3. vår, tørre vegar og nytt håp.
4. ein skikkeleg bra film.
5. fine ord som varmar.

ei bok som har betydd mykje for meg:
den fyrste boka som fengsla meg heiter "Det er noe jeg må si deg" av Ellen Hofsø, då var eg kanskje 12 år eller noko slikt. Den handlar om ein narkoman, og om kjærleik. Ellers har boka "Berserk gjennom Nordvestpassasjen" fått meg til å tru på meg sjølv igjen.

noko som får meg til å gråte:
smerta som kjem innanfrå, å sjå at andre har det vondt og filmar. Eg er over gjennomsnittet lettrørt.

fem stadar som er fine å ver på:
1. fremst på ein bra konsert.
2. senga.
3. på badestranda i Cannes.
4. på marked, eller i ukjende gater i London.
5. på besøk med dei du er aller mest glad i.

fem ting eg elskar:
1. Sunniva Premium appelsinjuice.
2. høyre på skikkeleg høg musikk.
3. måten Birte og Sigrid kan lyse opp dagen min uansett.
4. å strikke.
5. våren og sommaren. Eg er ikkje skapt for vinterens kulde og mørke.

fem songar eg har eit spesielt forhold til:
1. Foo Fighters - Everlong, fordi då kjenner eg kor fin den siste tida på Sagavoll var. Den minner meg om lyse netter på nattbuss, kjærleik som ikkje vart noko av, og om Karianne. Det er fint.
2. Atreyu - Blow, fordi det var songen til Frantz og meg i Volda. På full styrke i bilen mens vi song av full hals. Og den songen høyrer eg på når eg er sint, og då vert det alltid litt betre.
3. Bjørn Eidsvåg - Til Alle Tider, fordi den sei alt.
4. Pearl Jam - Yellow Ledbetter, fordi det er kanskje den songen eg har grene mest til.
5. Mew - Comforting Sounds, fordi det er det beste konsertminnet eg har, og etter min fyrste Mewkonsert landa eg ikkje på fleire dagar. Den nesten ni minutt lange songen har redda meg monge gongar.

mine søsken:
er mine forbilder, støttespelarar, heltar og vennar. Christian er roleg og trygg, og eg veit at eg alltid kan kome til heimen hans og finne ro. Sigrid er min beste venn, og ho har alltid ei løysning på lur. Ho har den fantastiske evna til å berre sjå muligheiter og ikkje problem.

fem ting du ikkje veit om meg:
1. eg har ein heilt eigen forkjærleik for Metallica (eg har tross alt to eldre sysken, og har vakse opp med gjengen), og inni mellom får eg frysninga av James Hetfield. Når eg høyrer på Metallica veks ein styrke i meg, og det skal ein ikkje kimse av! (Er ekstra glad i Metallica og symfoniorkesteret, sjekk her, måtte spole tilbake til 3:05 om igjen og om igjen!)
2. eg likar ikkje ananas.
3. eg har fire tatoveringar, som eg er veldig glad i!
4. eg hatar å gå på ski.
5. eg ELSKAR å løyse kryssord.

mine forbilder er:
Mamma, Jesus, Roald Amundsen, Jarle Andhøy og tante Barbro.

ein plass eg skulle ønske eg var akkurat no:
tilbake på Times Square, New York, på ei strand i California ved solnedgang, eller på besøk med Jarle ombord i Berserk.

dette fascinerar meg:
seriemordarar, stjernehimmelen, polarheltane og Illustrert Vitenskap.

søndag, januar 09, 2011

Ei lita påminning.

Photobucket

Eg veit ikkje om det er mi nye interesse for polarheltar, eller starten på eit nytt år, eller tanken på at eg står med eit heilt blankt 2011 uten nokon konkrete planar i, eller det at eg har hatt ein kjip start på året med mykje legebesøk. Men eg har bestemt meg for å ta kontroll. Kontroll over livet mitt. Kontrollen som eg mista tidleg i 2010. Eg har gått altfor lenge med tanken om at livet mitt har stoppa heilt opp, at det har gått i tusen knas. Eg har gått altfor lenge å venta på at ting skal bedre seg. Eg er lei. Veldig lei.

Eg veit ikkje akkurat kva det vil sei å ta kontrollen tilbake. Ja, ofte kjem det ting som trykkar meg ned igjen, pressar meg ned i det svarte holet og hånflirar til meg. Men alle opplever det no og då, det er ein del av livet. Og uten dei mørke dagane, kan ein ikkje kjenne gleda og takknemligheita over dei gode dagane. Eg veit at alt dette er bullshit når ein er lengst nede, men eg har lyst til å kunne lese dette når eg er der nede, og tenke på den dagen eg skreiv det. For det er ein god dag. Kanskje kan det minne meg på at eg må finne igjen roret. Styre meg ut i frå mørket som stenger meg inne. For ein ting er sikkert. Det er berre eg som kan vere kapteinen i mitt eige liv, det er berre eg som kan styre det i den retninga EG vil.

So husk det. Ta igjen styringa. Ver kapteinen i livet ditt.

Photobucket
Photobucket

laurdag, januar 08, 2011

Oppdatering

Dokke lurer kanskje på korleis det går med nyttårsforsettet mitt?
Vel, eg er fortsatt hekta. Ragnar har komt seg til Nordpolen og forbi, onkel Webjørn har pressa på meg mange bøker frå Isahvsmuséet og eg har som sagt funne mannen i mitt liv (igjen). Heilt på ekte. (Nesten.) Eg smilar for meg sjølv og kjenner små babysommarfuglar i magen kvar gong han smilar lurt, har olje i ansiktet etter motorreparasjon, skyt isbjørnar eller står øverst i tønna på Berserk. Det er ikkje berre fordi han er søt, men eg er storleis imponert over måten han berre reiser over dei sju hav med ein liten seglbåt. I onkel si bok "Bersek gjennom Nordvestpassasjen", har han signert og skrive: "Lev drømmen og klin til".
Jarle. Den tøffaste, barskaste og modigaste mannen eg veit. Vil du gifte deg med meg?

Photobucket
Photobucket

torsdag, januar 06, 2011

Nytt år, nye nyttårsforsett.

Siste overskrift som ropar ny start, nye muligheiter og nye løysningar. Lovar. Eg ser egentlig ikkje så lyst på det her eg sit altso. Kanskje det er nettop derfor at eg må ha noko nytt, noko å sjå fram til. Slik at eg kan sjå muligheiter i staden for håplausheit. Uansett. Dei siste nyttårsforsetta mine har vore beskjedne, men overkomelige. I fjor var nyttårsforsettet mitt at eg skulle lære meg å spele eit nytt instrument, og det blei kornett. Noko som viste seg å vere vanskelegare enn fyrst antatt. Men eg gjorde det, og per i dag kan eg spele (ikkje mindre enn) nasjonalsongen vår på kornett. (I dag spør eg meg sjølv kvifor eg ikkje heller valgte fele eller noko som er litt enklare.)

Mitt nyttårsforsett i år, er eg veldig fornøgd med. Det er som ein liten flamme plutseleg har teke fyr inni meg. Eg kjenner lysta til å lære. Lære om (hald deg fast): Norsk polarhistorie. Skulle berre mangle seier du kanskje, eg som er i familie med Isahvsmuséet Aarvak og alt. Og det er sant. Det var tross alt min tippoldefar som starta opp med selfangst i Noreg! Min bestefar Henrik starta opp Ishavsmuséet, og eg har omtrent vakse opp med utstoppa isbjørnar, selar, og kjennskap til historia om dei barske ishavsmenna. Uten å ha vore særleg interessert. Men no! No skal det verte andre tider. Eg har vorte kjempefascinert av dei modige menna som plutseleg tok ein liten båt og rodde til færøyane, tok skia på og gjekk til nordpolen, eller dei som overvintra i isen. Tenk å vere ein liten mann i ein liten båt på det store, store havet. Det er vel ikkje noko som er meir overveldande enn å vere så liten i forhold til naturen.

Photobucket

Mamma fekk boka "Den siste viking - om Ragnar Thorseths evetyrlige liv" i julegåve. Du veit, han som var fyrste nordmann på nordpolen, som rodde åleine over havet og som falt av hesten sin heime på Sunnmøre og låg i koma? Og bestefar Henrik har til og med vore med Ragnar på tur. DET er tøft det. Eg har leita fram tre andre bøker eg skal lese etterpå. Ei av dei er "Mysteriet i vestisen", som handlar om då 50 skip med mannskap forliste, og den dag i dag har dei enda ikkje funne spor av verken båt eller mennesker. Som Sigrid utbraut då eg fortalte kva den handla om: "det er jo betre enn krim!!!"

Dersom ingen interesserar seg for historie, kven skal då huske den om 50 år?

Photobucket
Photobucket

Min barsking nr 1 (og den nye mannen i mitt liv): Jarle Andhøy, frå Berserk-ekspedisjonane.
Photobucket
Photobucket
Her kan du forresten sjå meir om han!

søndag, januar 02, 2011

Nytt år, nye muligheiter, litt omregulering.

Då min gode venn Tore (som går på arkitekt) kom på besøk før jul, utbraut han plutseleg: "oi, dokke har omregulert!". Og sidan har det vore uttrykket her i hus. (Omregulert som i ommøblert.)
Så det har vi gjort i dag. Det er nytt år, ein ny start, kvardagen kjem tilbake og livet går vidare. Folk reiser tilbake til studieplassar og kalde hyblar, på an igjen med lekser og jobbing. Men eg, eg skal ikkje nokon plass. På ein måte er det godt å sleppe å reise vekk til ein skule og ei leiligheit som ventar på meg, men på ei anna side skulle eg ønske at eg og skulle begynde på igjen etter ferien. Uansett. Noko nytt trengde eg. Så i dag har eg omregulert rommet mitt. Eg har tatt ut ein gedigen skrivepult, skifta om på bilder og lampar, og fått inn ein av farmors gamle stolar. Eg har tatt vekk dei laaaaange, støvete gardinene mine (eg skal nemlig sy meg nye når eg får kjøpt eit fint stoff), vaska og skifta på senga. No har eg dusja, tatt på min beste bodylotion og pysj, og no skal eg prøve å strikke igjen og sjå på film. I morgon skal eg på jobb å telle varer.

Før (arkivfoto, haha. Men du ser skivepultbeistet.):
Photobucket

Etter:
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

laurdag, januar 01, 2011

2010

Det er noko med den fyrste dagen i eit nytt år. 01.01.2011. Ein ny start. Eg kan legge 2010 bak meg, og starte på nytt. Eg håper at dette året vert bedre enn det forrige. Sjølv om eg ikkje har noken konkrete planar for året (utenom eit par turar innom sjukehuset), håper eg at eg kan fylle det med positive, oppbyggande, og morsomme ting og mange fine minner.

I staden for ei oppsummering av 2010, tek eg heller ei kåring.

Årets støttespelar:
Photobucket

Årets bestevenn:
Photobucket

Årets vakraste:
Photobucket

Årets finaste påminnelse:
Photobucket

Årets mest absurde situasjon:
Photobucket

Årets tvillingpar:
Photobucket

Årets største og minste skatt:
Photobucket

Årets draum:
Photobucket

Årets mest savna:
Photobucket
(sjukepleia)

Årets mann/ framtidig ektemann:
Photobucket

Årets søtaste:
Photobucket

Årets søtaste bestevennar:
Photobucket

Årets beste muffins:
Photobucket
(smash-muffins med peanutbuttertopping)

Årets finaste songtekst: Kråkesølv - Mannekeng

Årets finaste idé: dele-spelelista mi på Spotify, fjører og diamantar. Det er så fint å sjå kva dokke høyrer på! Blir glad når eg ser nokon har lagt til ein song dei likar godt og høyrer mykje på. Det er så fint å dele.