tysdag, januar 11, 2011

Hei!

Photobucket

fem ting eg vil gjer før eg dør:
1. starte ein kafé.
2. besøke minst fire av dei sju underverka.
3. klare å gjennomføre ein draum, tørre og satse, og få det til.
4. bli frisk som ein fisk!
5. oppleve verda.

fem ting eg verkeleg set pris på:
1. musikk som treff meg rett i hjertet.
2. dei små, fine tanteungane mine.
3. vår, tørre vegar og nytt håp.
4. ein skikkeleg bra film.
5. fine ord som varmar.

ei bok som har betydd mykje for meg:
den fyrste boka som fengsla meg heiter "Det er noe jeg må si deg" av Ellen Hofsø, då var eg kanskje 12 år eller noko slikt. Den handlar om ein narkoman, og om kjærleik. Ellers har boka "Berserk gjennom Nordvestpassasjen" fått meg til å tru på meg sjølv igjen.

noko som får meg til å gråte:
smerta som kjem innanfrå, å sjå at andre har det vondt og filmar. Eg er over gjennomsnittet lettrørt.

fem stadar som er fine å ver på:
1. fremst på ein bra konsert.
2. senga.
3. på badestranda i Cannes.
4. på marked, eller i ukjende gater i London.
5. på besøk med dei du er aller mest glad i.

fem ting eg elskar:
1. Sunniva Premium appelsinjuice.
2. høyre på skikkeleg høg musikk.
3. måten Birte og Sigrid kan lyse opp dagen min uansett.
4. å strikke.
5. våren og sommaren. Eg er ikkje skapt for vinterens kulde og mørke.

fem songar eg har eit spesielt forhold til:
1. Foo Fighters - Everlong, fordi då kjenner eg kor fin den siste tida på Sagavoll var. Den minner meg om lyse netter på nattbuss, kjærleik som ikkje vart noko av, og om Karianne. Det er fint.
2. Atreyu - Blow, fordi det var songen til Frantz og meg i Volda. På full styrke i bilen mens vi song av full hals. Og den songen høyrer eg på når eg er sint, og då vert det alltid litt betre.
3. Bjørn Eidsvåg - Til Alle Tider, fordi den sei alt.
4. Pearl Jam - Yellow Ledbetter, fordi det er kanskje den songen eg har grene mest til.
5. Mew - Comforting Sounds, fordi det er det beste konsertminnet eg har, og etter min fyrste Mewkonsert landa eg ikkje på fleire dagar. Den nesten ni minutt lange songen har redda meg monge gongar.

mine søsken:
er mine forbilder, støttespelarar, heltar og vennar. Christian er roleg og trygg, og eg veit at eg alltid kan kome til heimen hans og finne ro. Sigrid er min beste venn, og ho har alltid ei løysning på lur. Ho har den fantastiske evna til å berre sjå muligheiter og ikkje problem.

fem ting du ikkje veit om meg:
1. eg har ein heilt eigen forkjærleik for Metallica (eg har tross alt to eldre sysken, og har vakse opp med gjengen), og inni mellom får eg frysninga av James Hetfield. Når eg høyrer på Metallica veks ein styrke i meg, og det skal ein ikkje kimse av! (Er ekstra glad i Metallica og symfoniorkesteret, sjekk her, måtte spole tilbake til 3:05 om igjen og om igjen!)
2. eg likar ikkje ananas.
3. eg har fire tatoveringar, som eg er veldig glad i!
4. eg hatar å gå på ski.
5. eg ELSKAR å løyse kryssord.

mine forbilder er:
Mamma, Jesus, Roald Amundsen, Jarle Andhøy og tante Barbro.

ein plass eg skulle ønske eg var akkurat no:
tilbake på Times Square, New York, på ei strand i California ved solnedgang, eller på besøk med Jarle ombord i Berserk.

dette fascinerar meg:
seriemordarar, stjernehimmelen, polarheltane og Illustrert Vitenskap.

5 kommentarer:

sigg sa...

Du e goe du... :) ..å ej trur du klare samtlige 5 punkt på øverste! :)

Anna Josefin sa...

tvilakje på du he trua på det! ;) hihii

Mary sa...

Fining!
Måtte sette på Comforting Sounds, for det var en veldig bra konsert og en kjempefin Oslo-tur, og jeg savner deg. Og jeg hater også å gå på ski.

Ingunn Ekern sa...

Jeg vil også lage meg ei slik liste:) Takk for inspirasjonen du gir! Du er veldig flink til å minne oss på at vi må huske å leve. Ikke bare overleve.
Og konserten var så fin. Husker t-skjortene, at vi gikk med dem i kantina. Jeg hadde hvit. Husker også at jeg hørte veldig mye på en Mew-sang det sagavollåret. "Special" var det vel. Nr. 5. Husker ikke helt. Men den er nydelig!

Ingunn Ekern sa...

Hehehe.. "Kantina".
Matsalen, kanskje.
På jobben har vi kantine. Det er ikke halvparten så kos!