laurdag, juni 20, 2009

Fine ting

































































































Rommet mitt, ny kjole med fint mønster, blomstrar, marengs og jordbærkake.
Sommaren er fin so langt.

tysdag, juni 16, 2009

Blinded



God natt.
(Finastesongenogegtrurhjertetmittdørlittnokjærleikoglivetogsommaroglykkeogdrauma.)

måndag, juni 15, 2009

Rainy days

I dag regnar det. Og ikkje berre litt, det renn ned. Men det er sommarregn. Sjølv om ikkje det er noko særleg varmt ute, er det fortsatt sommar. Og regn. Og når det sluttar å regne kjenner du den gode sommarlukta når alt er vått. Og kanskje vert det skikkelig sommar etterpå.
Men foreløbig held eg meg inne i sofaen med OC sesongane konstant på. Med ei sovande Jackie ved føtene mine. Og smågodt. Og rosa neglelakk.
I tillegg gler eg meg slik til ting at det kriblar i heile meg.
Då kan det berre regne!!


Seth Cohen in my heart forever!!!











































Gratulerer med dagen i går, Birte.. :)

torsdag, juni 11, 2009

PetVett er BEST!

I dag fekk Jackie pakke i posten, navneskilt frå Karianne som jobbar på PetVett i Oslo.

TUSEN TAKK! :))

Ho var svært fornøgd sjølv, og eg syns ho blei kjempefin! :D




Update!

Beklager eit lite blogg-opphald her, men det er mykje som skjer for tida!
På tirsdag 2. juni blei eg tante til den nydeligaste jenta som fins, ei lita Pocahontas! Så på fredag var vi på besøk på sjukehuset. Ho er så lita! Hadde gløymt kor små babyar er..:)
Det er også hektisk på ten sing, med siste innspurt til musikalen. I helga hadde vi mellom anna øvingshelg med ten sing, samtidig som det var åpning av vernebygget på Ishavsmuséet, OG jobbehelg. Puh. Eg rakk alt, men det vart hektisk, og eg var trøytt som ei fele søndags kvelden. Mandags kvelden kom lisjepia og foreldra heim igjen, i går var det 4 timars øving med ten sing, i kveld er det konsert med Tone Damli Aaberge (alle i ten sing fekk gratisbillettar), og i morgon er framsyning av musikalen!
Men før på dagen skal eg i gravferd. Ein klassekamerat var involvert i ei trafikkulykke, og omkom etter nokre veker i koma. Så det vert reunion med klassa i morgon, i staden for 10års konfirmanttreffet som er om eit par år. Heilt feil rekkefølge!!
Det er heilt feil at vi skal møtast igjen for å vere med i gravferda til ein som skulle vore i lag med oss i gjensynsgleda.
Men slik er livet, har eg skjønt. Ein veit ikkje langt fram i tid, når ulykker skjer heile tida, like brått kvar gong.
Det gjeld å glede seg over dei små tinga i kvardagen, og sette pris på dei ein er glad i! :)

No skal eg ein tur saman med Karoline, så til slutt slenger eg med ymse bilder!

Lisjemora


















Dissa søtaste













Ho aller beste














Eg er stolt over ishavsblodet i årene mine på ein dag som denne!


tysdag, juni 02, 2009

Ventetida e over!

No har babyen komt til verda, og eg er blitt tante til ei lita jente!! :D
Jippi!! Gler meg til å sjå lisjepia..:)))


4120 gram og 53 cm..