anna

Photobucket

Anna Josefin Oline, likar å sjå det fine i dei små tinga for eg trur at det er det livet handlar om. Bor med verdas snildaste og mest trufaste bestevenn, min tre år gamle "rev" Jackie. Som eigentleg er ein heilt vanleg hund, men lignar mest på eit menneske i alt ho gjer. Eg kan med handa på hjertet sei at ho hevar livskvaliteten min kvar dag. Spesielt etter at eg vart sjuk for snart to år sidan. Eg likar havet, historie, lyden av regnet, å ta bilder, gå på museum, å lese, å høyre fin musikk, å synge og skrive. Og eg elskar taco og isté med mangosmak. Eg er svak for hausten, sløyfer, gutar med fine smilande auge, muffinsar og reinvaska sengetøy. Det skal ikkje mykje til for å gjer meg glad, enten det er eit uventa smil, ein songtekst som gjer at hjertet svir litt, ein klem eller ein biltur. Eller kjærleik generelt.
Eg likar alt som er fint. Med andre ord.
Og så har eg eit bokprosjekt.

Photobucket

Photobucket