søndag, januar 29, 2012

Weightless



Då eg var lita jente, var eg kjempefascinert av stjernene på himmelen og alle planetane og alt som foregår så langt vekke frå oss, heile universet. Eg var fast lesar av Illustrert Vitenskap, og det er faktisk ikkje så lenge sidan eg kjøpte det bladet. No, 15 år etter, blir eg akkurat like lamslått av ei stjerneklar natt, og alt som skjer og svevar så utenkelig langt vekke. Det er stort og vanskelig, men veldig fint å tenke på at når ein ser opp på månen, så ser kanskje ei lita jente på 10 år på andre sida av jorda opp på den samme månen. Og når du ser opp på alle stjernene, så er det ingenting mellom deg og universet, ingenting som hindrar deg i å fare så høgt opp du berre vil. Det er dine stjerner, du eig dei like mykje som meg. Då eg var lita jente, ville eg bli astronaut. Eg ville sjå jorda utanfrå, som ein måne. Eg ville vere vektlaus. Det står fortsatt den dag i dag på drøymelista mi. Å vere vektlaus.

No, i dag, og alle dagar som har komt og gått, har eg levd i mi eiga verd. Det kjennes i allefall slik ut. Ei verd der tida står heilt stille, mens dagane går likevel. Det har stoppa opp, ting som gjorde meg til meg, dei har nokon røva frå meg. Men kanskje handlar det ikkje om det. Skal ein kome seg opp igjen når ein har ramla ned, ja då må ein ha ein ting, eit håp, ein draum, eit menneske som dreg ein opp, som støttar deg så du kjem deg på beina igjen. Av og til er det nok å bake litt, av og til er det best å sette på ein film. Men av og til må ein høyre frå eit menneske at du betyr noke. At alt ikkje er forgjeves, at alt ikkje er meiningslaust, sjølvom det kjennes slik ut. Og av og til kan det vere komplett umulig å sjå logikken i det heile, av og til er det så ufatteleg urettferdig at du skal vere sjuk og ha det slik, så svart i hjertet ditt. Og så plutseleg ser du ein dritbra film, eller plutseleg kjem det ein song på spotifylista di som sei akkurat det du treng å høyre. Og etterkvart bleiknar alt det svarte, og lyset blir litt sterkare inni deg. Du kan drøyme igjen. Drøyme om å vere vektlaus. Og kanskje får eg det ønsket mitt oppfylt. Kanskje ikkje i verdensrommet, men i hjertet. Tenk å vere vektlaus i hjertet, i staden for dei mørke dagane der ein ikkje klarer å stå opprøyst ein gong. Å kjenne vinden i håret på ein mild kveld, å halde nokon i handa, å late att augene og drøyme om ting som kjem. For kanskje handlar det ikkje om å fikse noke som har stoppa opp. Kanskje handlar det om å starte på nytt, starte på noke bedre. Å kjenne at alt som tynger deg gir slepp. Å bli vektlaus.

the sky is the limit, and i just wanna flow
free as a spirit on a journey of hope
cut the strings and let me go
i'm weightless, i'm weightless


Photobucket

Photobucket

Photobucket

tysdag, januar 17, 2012

Braveheart

Photobucket

Du veit når alt du gjer i løpet av ein dag, skjer på rett tidspunkt, heilt uplanlagt og tilfeldig. Og ting du har gått og bekymra deg over, ordna seg. Og når du hadde planlagt å legge opp heile strikkekarriera, men enda med å legge opp eit nytt strikketøy i staden. Og du får nybakte chocolate chip cookies med peanøttfyll seint på kvelden, berre for å avslutte ein rar og fin dag. Slik var min dag i går. Og som om ikkje det var nok, bestilte eg flybillettar til London! Eg skal altså til London for tredje gong, besøke ein av mine favorittbyar i heile verda igjen! Det drømte eg om i heile fjor også, men sjukdom og andre kjipe ting gjorde at den draumen ikkje blei oppfylt. Men i år, folkens. I vår faktisk. Då skal eg gå i dei ukjende smågatene i London, sitte på kafé å sjå på alle dei rare menneska og dei søte britiske gutane. Og eg skal kjenne at lufta er mild og at alt slitet er verdt det til slutt. Og at eg kan få til alt eg bestemmer meg for å få til. The limit is the sky!

Photobucket

Som eg tidlegare har snakka om, er mitt mål for 2012 å bli modigare. Tørre meir. Berre gjer ting eg har lyst til, og ikkje tenke på kva andre meiner om det. Ikkje bry med om kva andre sei og tenker om meg. Alle treng å bli minna på det no og då. Så i den anledning har eg laga ei ny speleliste, fylt med songar som kan få hjertet ditt til å banke litt ekstra, gi deg mot når du treng det og som du kan danse rundt i trusa til. Bli modigare!

Kloke ord i frå Kontrollert Kaos: fylg hjertet ditt, sjølv om det ikkje er smertefritt. Når du ser tilbake vil du sjå at du lærte litt.

fredag, januar 13, 2012

Hallo partypeople!

crop image


Det er (snart) midten av januar, og det er (heldigvis) ikkje ti minusgrader ute! Wihu! Eg håper våren kjem før vi anar det, og at vi går mot lysare tider. 2012 har foreløbig ikkje komt med så mykje endringar, med det er framleis eit deilig, nytt år. Eg kan jo ta ei kort oppsummering av 2012 så langt:

♥ i romjula blei eg tante til ein liten kjekkas, som no har fått navnet Benjamin!

Photobucket

♥ eg har vore på årets fyrste tannlegebesøk, noko som var kjipt både for meg og lommeboka. Men overraskande bra plassering av bedøvelsen denne gongen, så eg er nummen på ein deilig måte.
♥ eg har hatt besøk av verdens beste Tore. Han har vore i Afrika dei siste månedane, og kva han har gjort der kan du lese her!

Photobucket

♥ eg har kjøpt ny inspirasjonsdagbok, så eg kan bli motivert for kvar dag i heile 2012. Og så er det også ei veldig fin avtalebok!

Photobucket

♥ eg har rydda vekk jula, og syns det er deilig med litt vårfargar no
♥ eg har enda ikkje baka i 2012. :O
♥ i går då eg skulle hente ved, spratt plutselig Steve-O (min ti år gamle katt, som har vore uteliggar dei tre siste åra grunna hund i hus) fram. Eg har ikkje sett han sidan i sommar, og trudde han hadde "lagt på røret", for å sei det slik. Men neida, der stod han og mjaua og ville ha kos. Etter fleire år. Eg lokka han inn i gangen med middagsresta, noko eg aldri skulle ha gjort. Når han fyrst hadde komt inn (for fyrste gong på tre år), ville han ikkje ut igjen. Eg ser jo den. Men Jackie (hunden) viste ikkje like stor gjensynsglede som meg då katten kom inn. Eg hadde eit svare strev med å halde dei adskilt i kvar sitt rom, men til slutt gjekk gjensynsgleda over med meg også, så eg bar han ut i kulden igjen. Sidan har han holdt seg rundt huset og remjar kvar gong eg går ut eller inn. Hadde eg visst det blei slikt eit styr, hadde eg aldri lokka han inn med kalde poteter. Så no sit eg her, med ein gretten hund inne og ein innpåsliten uteliggarkatt ute. Kva skal ein sei.

Så slik er det. Og eg håper januar held fram slik, med uventa kattar og rare ting. For livet er jo til tider ganske morsomt. Og det er snart vår!!

Photobucket

Photobucket

onsdag, januar 04, 2012

2012

Godt nyttår! Eit godt, nytt år. Det er deilig å starte på eit nytt år, og det gamle året høyrer fortida til. No står du på startstreken av eit nytt år, ei ny framtid. Du kan fylle dette året med draumane dine. Med gode idéar og forventningar. Ny inspirasjon og meir motivasjon. Kanskje kjenner du litt på bekymringane eit nytt år fører med seg. Men ein må ha dårlige dagar for å vite kva ein god dag er. Og tårene kan kome som bølger, byggje seg opp og slå inn, eller kome som dønningar. Men du har fleire ombord i båten din, så ein må vere litt kaptein også. Kjenn kor deilig det er å tenke på at den neste årstida som er like rundt hjørnet, er våren. Så grip tak i draumane dine med begge henda, kast deg inni det, og ikkje tenk så mykje på kvar det vil føre deg eller kvar du vil ver om 10 år. Det er no det gjelder. Det er no du skal skape, vekse, leve, erfare, smile.

Photobucket

Eg vil at 2012 skal vere eit godt år for deg og meg, der draumane våre kan spire og gro, og blomstre i kapp med oss sjølve.
Difor har eg starta det nye bloggåret mitt, med å spele inn ein song. For då kjenner eg at det spirar litt inn i meg.