tysdag, januar 17, 2012

Braveheart

Photobucket

Du veit når alt du gjer i løpet av ein dag, skjer på rett tidspunkt, heilt uplanlagt og tilfeldig. Og ting du har gått og bekymra deg over, ordna seg. Og når du hadde planlagt å legge opp heile strikkekarriera, men enda med å legge opp eit nytt strikketøy i staden. Og du får nybakte chocolate chip cookies med peanøttfyll seint på kvelden, berre for å avslutte ein rar og fin dag. Slik var min dag i går. Og som om ikkje det var nok, bestilte eg flybillettar til London! Eg skal altså til London for tredje gong, besøke ein av mine favorittbyar i heile verda igjen! Det drømte eg om i heile fjor også, men sjukdom og andre kjipe ting gjorde at den draumen ikkje blei oppfylt. Men i år, folkens. I vår faktisk. Då skal eg gå i dei ukjende smågatene i London, sitte på kafé å sjå på alle dei rare menneska og dei søte britiske gutane. Og eg skal kjenne at lufta er mild og at alt slitet er verdt det til slutt. Og at eg kan få til alt eg bestemmer meg for å få til. The limit is the sky!

Photobucket

Som eg tidlegare har snakka om, er mitt mål for 2012 å bli modigare. Tørre meir. Berre gjer ting eg har lyst til, og ikkje tenke på kva andre meiner om det. Ikkje bry med om kva andre sei og tenker om meg. Alle treng å bli minna på det no og då. Så i den anledning har eg laga ei ny speleliste, fylt med songar som kan få hjertet ditt til å banke litt ekstra, gi deg mot når du treng det og som du kan danse rundt i trusa til. Bli modigare!

Kloke ord i frå Kontrollert Kaos: fylg hjertet ditt, sjølv om det ikkje er smertefritt. Når du ser tilbake vil du sjå at du lærte litt.

2 kommentarer:

sigg sa...

ej e dej og du e mej i samme bule la oss gjer om dinne verda til ei diskokule..! :D

Karoline sa...

Digg innlegg!
Du e diggare!
Alle trenge om å bli modigare,
viss ikkje kjeme ein seg ingen vei!

Sjølv om ein trur ein e modig, he alle noke ein kan bli enda tøffare på! WORD!

love u <3