onsdag, desember 24, 2008

tysdag, desember 23, 2008

Forelskelse

Eg får kriblingar i magen når han står utanfor klasserommet og ventar. Hjertet hoppar når han smilar.
Av og til begynner eg å knise når han sei noko søtt. Den kalde handa på kinnet. Engleansiktet og det rufsete håret. Latteren.
Dei monge spørsmåla. Den mystiske familia hans.


Eg e heilt mållaus. Eg vil ikkje at det nokon gong skal ta slutt.

Men eg har berre 100 sider att.

Eg skulle ønske eg var Bella, og at Edward Cullen var meir glad i meg enn eg var i han.
Sukk...


onsdag, desember 10, 2008

Ønskeliste til jul!!

- leopardmønstra clutch-lommebok
- sesong 3 av The OC
- guitarhero til ps2
- Sex and the city sesongane
- klokke (helst Nixon timeteller, men gjerne ei billig berre den e "gull")
- leopardmønstra cardigan (grå på cubus)
- stor brun veske med kort hank og litt stor lås (på cubus)
- store tre-perle i monge farga (til smykkelaging)
- kvit DC t-skjorte (stor)
- store diamant-øyredobba
- smykke med navnet mitt (gull-farga)
- svart, lita friis-veske på 2sko (sigrid veit ka for ei)
- plakat eller stort bilde av Kanye West <3
- stor strikka-hue med dusk (gjerne i flotte fargar)
- fargerik tape til å ha på rattet i mazdaen (biltema)
- raud cardiganjakke (cubus)
- skate-stickers til bilen (gratis på ymse butikka, t.d. urban)
- kjempestort sjal frå h&m (svart, me farga mønster)



torsdag, desember 04, 2008

Julekalendar

Mens vi ventar på jula...













Trykk HER for å åpne ei luke!

torsdag, november 27, 2008

808's and heartbreaks

Når eg ikkje har pensum å tenke på, har eg ganske god tida til å tenke på andre ting. Som f.eks livet. (Slapp av, dette er ikkje eit sentimental filosofisk innlegg.) Livet mitt har bestått av m.a. 15 års skulegong. Då syns eg at eg med god samvittigheit kan ta litt pause no. Det eg merkar godt når eg no har pause, er at eg saknar ymse folk. Daniel som er i New Orleans og som eg ikkje får sjå på lenge. PG som er i japan og eg helder ikkje får sett på lenge. Eg saknar dokke!! Og alle andre av peepsa mine som ikkje bur i Møre og Romsdal. Heldigvis er jula like om hjørnet, og eg ser fram til at heime-folka mine kjem heim til Hareid.

No vel eg å uttrykke med i stikkordsform, og temaet er ting eg gler meg til eller ting som gjer meg glad.

- Min gode venn Arne kjem på besøk neste helg!! Jippi :)
- Gler meg til galla-fest med tensing
- Sex and the city episoda då Carrie er i paris med russaren, og Big kjem
- 3.juledags festen
- 1. søndag i advent på søndag
- Kanye West - Streetlights
- Stemma til: Thomas Dybdahl og Caleb Followill
- Mi nye grå jakke med paljettar
- Bård og Vegard Ylvisåker (og radioprogrammet O-fag, som gjer at eg må snu meg å flire ned i puta for ikkje å vekke andre! Takk og pris for podcast.)
- Sufjan Stevens sine julesonga
- Msn med Daniel
- Gler meg til å snakke skikkelig med deg, Andrea!

Ellers kan eg fortelle at eg prøvte å feste silke-sløyfe på Lina, men fikk ikkje fotografert skjønnheita. Det kjem nok.

Peace!

onsdag, november 26, 2008

TAKK!












Dette er nok evig kjærleik.

onsdag, november 19, 2008

Should I give up?




Or should I just keep chasing pavements? Even if it leads nowhere..
Blir heilt matt...

tysdag, november 18, 2008

Snøv

I dag var det kvitt ute, og no virvlar snøvflaka rundt i lufta før dei legg seg på bakken. Det kan snøve så mykje det vil.
I staden for å irritere meg over glatte vegar og våte, kalde føter, dreg eg pusten langt ned og gler meg til jul. (Og kjenner kor god den skarpe lufta er her.) Det er jo så mykje bedre! Kvifor har eg ikkje tenkt slik før? Det kan ha noko med å gjere at eg på denne tida tidlegare har nilest utallige pensumbøker og stressa med innleveringar. Og no? No har eg fyr på peisen, har vore på biblioteket og lånt ei ny bok, spelar nintendo ds og ser på film, midt på dagen. Det er deilig. Og om litt, når dokke studentar tek ei velfortent pause, vender alle heim, og jula kan byrja for real!
Ellers har Hareid Ten Sing arrangert gospelnight i kyrkja, delteke på KM-fest, og hatt kjekke øvingar. For ein kjekk gjeng! :) Og for eit kjekt arbeid!

Eg kan også meddele at:
- i Gilmore Girls episodene som gjeng i reprise på dagtid, er Jess med (kjært gjensyn)
- eg har fått smaken på Urge igjen (yndlingsbrusa då eg gjekk på barneskulen)
- eg, Sigrid og Eliah skal ha juleverkstad i morgon
- skal på Ylvis-show om ei veke!!!!! og DU kor eg gler meg :)
- den nye programleiaren i "How to look good naked" er han eine frå homsepatruljen (haha, Arne!)

Peace Out!

onsdag, oktober 29, 2008

It's official!

Då eg vakna ombord i nattbussen på fergekaia på folkestad, trudde eg ikkje mine eigne auge. Snøv. Snøv?! For ein brå overgong i frå den milde hausten. Brått var vinteren komen. Minusgrader og frost. Og snøv. Herlighet. MEN! Sjølvom eg til vanleg ikkje er så stor fan av vinteren, tek eg meg sjølv i å tenke akkorat no at det ikkje er så gale med vinter. Så i staden for å deppe over kulden, gler eg meg over ei rekke andre positive ting:

- eg bur heime i eit varmt hus med ei snill mamma som fyrer i peisen (og som har strikka ny  gensar til meg!!)
- eg slepp å bekymre meg over eksamenar og andre innleveringar
- eg har ny lysekrune frå ikea
- eg får vere med på alle juleforberedingar
- eg har mykje å gle meg til

Før eg sette meg ombord i nattbussen, var eg i Oslo. Fem dagar i lag med gjengen. Eg kan nemne fleire turar i bogstadveien, sushi, aker brygge, bursdagsselskap, tre-stemt synging, tur til ikea, dizemba-christmaz og bildeframsyning frå japan-turen. Med andre ord fem dagar med kos. I love you :) 

torsdag, oktober 02, 2008

Dagen i dag.

I dag har eg hatt kjensla av at alle tinga eg gjorde, gjorde eg på heilt rett tidspunkt i heilt rett rekkefølge. Alt berre klaffa.
Ikkje at eg har gjort så veldig mykje, men i motsetning til dei to siste slappe vekene, føler eg at eg har gjort ein del. Eg har til dømes hatt min fyrste arbeidsdag på tre veker. Det var kjekt å ver tilbake på sjukeheimen saman med gjengen min, og der var også komen ein ny medlem i gjengen. Livet på skjerma avdeling er ganske underhaldande. Eg har det kjekt på jobb. Vi flirar mykje. Eg hadde seinvakt, så før eg starta rakk eg også andre ting. Eg las ferdig ei god bok ("Honningfellen av Unni Lindell), henta posten, gjorde nokre ærend, kokte meg tè og las vikebladet, spiste middag og såg tv. Og ikkje nok med det, når eg vakna i dag tidleg låg eg lenge og hørte på musikk. Slike dagar er gode. Og dette vart eit særs uinteressant innlegg. Men sjå bloggane til Maria eller Skate-Arne, so skjønar dykk mitt behov for å fortelle om dagen. :)
Sidan dette innlegget blei så sakleg, for eg avslutte med noko usaklge. Hade.




søndag, september 28, 2008

Easy like sunday morning.

Akkorat no er klokka ca 23 i japan, der eg skulle oppheldt meg. I staden for er klokka omlag 16, og det er ein heilt vanleg søndag på Hareid. Det er rart å vere sjuk over ei lengre periode. Tida gjeng fort, sjølv om dagane gjeng sakte.
Men eg høyrer på musikk og tenker at livet ikkje er så verst likevel. I morgon kjem kanskje min nye Ipod i posten. Eg skal henge med Jorunn, som er heime på haustferie. Eg har god tida til å sjå kjekke filmar. Eg har også god tida til å tilbringe kvalitetstid med Seth Cohen og resten av den gjengen. All things go.
Søndag. Mmm..

chicago (acoustic) - sufjan stevens

fredag, september 05, 2008

Reseptfritt

Eg er sjuk. Har halsen full av blemmer og hostar. Det siste døgnet har eg oppheldt meg på sofaen og i senga. I dag var eg med doktor, men eg har visst fått virusinfeksjon, og då er det ikkje medisin å få. Så når eg ligg her på sofaen er dette min medisin, minst like bra som det Hareid legekontor kan tilby meg:








torsdag, august 28, 2008

måndag, august 18, 2008

London, baby!!

No nærmar sommarferien seg slutten. Og som premie for uttallige timar på sjukeheimen, tok eg og Karoline turen til London.
Fantastisk tur, mykje handling, monge opplevingar og kjekke øyeblikk. (Og 5 og 7 kg overvekt i bagasjen på heimturen..)
Eg kan nemne: guida busstur, besøkte Westminister Abbey og såg gravene til alle kongelige + Georg F. Händel, Isac Newton, Charles Darwin osv., Buckingham Palace, Madame Tussaud, fantastisk musikal på Dominion Theathre (We will rock you), Abbey Road og Abbey Road Studio, Dark Mocha Frappe på Starbucks, Notting Hill og Portobello Market, sushi, Primark på oxford street, TopShop og Miss Selfridges. KFUK-hjemmet tok varmt imot oss, og oppholdet frista absolutt til gjentakelse!










laurdag, august 02, 2008

YO!

Her kjem ein liten situasjonsrapport i stikkordsform, etterfulgt av bildeserie.

- Sitt i senga og høyrer på The Fashion (favoritt om dagen, saman med Kakkmaddafakka og Matias Tellez. Sjekk ut!)
- Reiser til England om 9 dagar!!!!! Jippi!
- Er nurse på sjukeheimen
- Blitt kanin-mamma til Lina
- Vore på midnattsalg på Skeidar (lol opplevelse)
- Slått rekorden på Tetris (har no 346110 poeng, og kun 2 levela igjen)
- Kjøpt meg blond-spray frå "Poly Blonde" med fargen "Beach Look"
- Grilla uttalige pinnebrød på kvitneset
- Kveldsbada på Holesanden


1. Lina og meg sjølv 2. Karoline og Lina (rett før ho tissa seg ut) 3. Lina 4. Eliah og eg 5. Igjen 6. Steve-O må også få litt merksemd 7. Sjukepleiarane 8. Kos på Kvitneset (med bilete lånt frå facebook.)















tysdag, juni 24, 2008

Summerlovin'

Eg likar så godt
- at du mister kontrollen over dagane i veka når det er sommarferie
- at nettene er lyse
- at ein er seint oppe sjølvom ein skal på jobb
- at ein gjer det til ein vane å fare på kafè om formiddagen på fridagar
- at alle er heime
- å gle meg til London-turen i august
- å ta på seg varme kle etter at ein har bada
- lukta av kokos-kremen
- å legge seg om kvelden og kjenne at kroppen er god-sleten
- sommar!









fredag, juni 06, 2008