tysdag, november 18, 2008

Snøv

I dag var det kvitt ute, og no virvlar snøvflaka rundt i lufta før dei legg seg på bakken. Det kan snøve så mykje det vil.
I staden for å irritere meg over glatte vegar og våte, kalde føter, dreg eg pusten langt ned og gler meg til jul. (Og kjenner kor god den skarpe lufta er her.) Det er jo så mykje bedre! Kvifor har eg ikkje tenkt slik før? Det kan ha noko med å gjere at eg på denne tida tidlegare har nilest utallige pensumbøker og stressa med innleveringar. Og no? No har eg fyr på peisen, har vore på biblioteket og lånt ei ny bok, spelar nintendo ds og ser på film, midt på dagen. Det er deilig. Og om litt, når dokke studentar tek ei velfortent pause, vender alle heim, og jula kan byrja for real!
Ellers har Hareid Ten Sing arrangert gospelnight i kyrkja, delteke på KM-fest, og hatt kjekke øvingar. For ein kjekk gjeng! :) Og for eit kjekt arbeid!

Eg kan også meddele at:
- i Gilmore Girls episodene som gjeng i reprise på dagtid, er Jess med (kjært gjensyn)
- eg har fått smaken på Urge igjen (yndlingsbrusa då eg gjekk på barneskulen)
- eg, Sigrid og Eliah skal ha juleverkstad i morgon
- skal på Ylvis-show om ei veke!!!!! og DU kor eg gler meg :)
- den nye programleiaren i "How to look good naked" er han eine frå homsepatruljen (haha, Arne!)

Peace Out!

Ingen kommentarer: