onsdag, oktober 29, 2008

It's official!

Då eg vakna ombord i nattbussen på fergekaia på folkestad, trudde eg ikkje mine eigne auge. Snøv. Snøv?! For ein brå overgong i frå den milde hausten. Brått var vinteren komen. Minusgrader og frost. Og snøv. Herlighet. MEN! Sjølvom eg til vanleg ikkje er så stor fan av vinteren, tek eg meg sjølv i å tenke akkorat no at det ikkje er så gale med vinter. Så i staden for å deppe over kulden, gler eg meg over ei rekke andre positive ting:

- eg bur heime i eit varmt hus med ei snill mamma som fyrer i peisen (og som har strikka ny  gensar til meg!!)
- eg slepp å bekymre meg over eksamenar og andre innleveringar
- eg har ny lysekrune frå ikea
- eg får vere med på alle juleforberedingar
- eg har mykje å gle meg til

Før eg sette meg ombord i nattbussen, var eg i Oslo. Fem dagar i lag med gjengen. Eg kan nemne fleire turar i bogstadveien, sushi, aker brygge, bursdagsselskap, tre-stemt synging, tur til ikea, dizemba-christmaz og bildeframsyning frå japan-turen. Med andre ord fem dagar med kos. I love you :) 

torsdag, oktober 02, 2008

Dagen i dag.

I dag har eg hatt kjensla av at alle tinga eg gjorde, gjorde eg på heilt rett tidspunkt i heilt rett rekkefølge. Alt berre klaffa.
Ikkje at eg har gjort så veldig mykje, men i motsetning til dei to siste slappe vekene, føler eg at eg har gjort ein del. Eg har til dømes hatt min fyrste arbeidsdag på tre veker. Det var kjekt å ver tilbake på sjukeheimen saman med gjengen min, og der var også komen ein ny medlem i gjengen. Livet på skjerma avdeling er ganske underhaldande. Eg har det kjekt på jobb. Vi flirar mykje. Eg hadde seinvakt, så før eg starta rakk eg også andre ting. Eg las ferdig ei god bok ("Honningfellen av Unni Lindell), henta posten, gjorde nokre ærend, kokte meg tè og las vikebladet, spiste middag og såg tv. Og ikkje nok med det, når eg vakna i dag tidleg låg eg lenge og hørte på musikk. Slike dagar er gode. Og dette vart eit særs uinteressant innlegg. Men sjå bloggane til Maria eller Skate-Arne, so skjønar dykk mitt behov for å fortelle om dagen. :)
Sidan dette innlegget blei så sakleg, for eg avslutte med noko usaklge. Hade.