tysdag, mai 26, 2009

Ventetid.

Babyen har enda ikkje komt ut, sjølv om terminen var for fleire dagar sidan. På den lyse sida, betyr det at eg har rukke og vorte ferdig med strikkeprosjekta! (Altso, dei har vore nesten ferdig lenge no, men mangla siste finpussen.) :D
Eg har strikka to tepper. Det kvite er 100% ull, og i dobbel perlestrikk,
mens det stripa er i ull/silke/kasjmir. Mmm!
So no er det berre å kome til verda, lisje venn!






søndag, mai 24, 2009

Twitter.

Ahh...hva skal man si? Gotta love it.
Heidi Montag tæke av. :D









måndag, mai 18, 2009

Hallo.

I går var kanskje tidenes varmaste 17.mai! Det er ikkje ofte en går i tog på Hareid i bunad og svettar. Enten er det overskya eller vind. Men i går var det strålande sol! :))
Bunaden var på plass, og nasjonalkjensla var på plass i det 'Ja vi elsker' vart spelt akkurat når vi gjekk ned bakken med utsikt over fjorda og fjella. Ellers kan eg nemne is-spising, leikar på stadion, Jackie med sløyfe, Eliah 3 år, kaker og mykje moro.
Eg jobba seinvakt, og det var kjempekoseleg å sjå kor alle hadde pynta seg, eg leika fotograf for å forevige dagen på sjukeheimen også. Det var nesten alle pasientane som var ute med familie, så det var stille og roleg. Og bløtkake med jordbær. Og sløyfe på uniforma. Alt i alt ein flotte dag! :)



torsdag, mai 14, 2009

Hersens katte!

Det er ikkje alltid like enkelt å skal gjere ein hund og ein katt bestevennar. I allefall ikkje når katten er sjefete og gammal, og hunden er ung og dum. Men, eg gir ikkje opp! Pus brukar å terge hunden, ligg og mjauar og kosar seg rett framfor der hunden ikkje når tak i han. Chris holdt bandet til hunden, og eg slapp ned pus rettframfor mens Chris slapp bandet. Resultatet var som vanleg at katten klora hunden på snuten. AAAhh.. Kva skal ein gjere? Eg sit her med bitt og kloremerker opp til nakken, og dyra er ikkje bedre venner. Enda. Blir mest oppgidd over katten som skal vere so sta og sjefete. Han kan vel føye seg litt??! Han må skjerpe seg. Bikkja vil berre snuse og leike. JAJA. Skal oppdatere om eventuelle forbedringar/slåstkampar. :D

Sjefen:


Jackie vil so gjerne!




What's a dog to do?

onsdag, mai 13, 2009

God natt.



Av og til må en berre la haudet få tenke og hjertet få verke.

tysdag, mai 12, 2009

God dag.

Endelig sol igjen! :) Eliah har fått seg "hoppeline" (trampoline) i hagen, og vi har vore ute lenge i dag. Eg og Jackie og Eliah og Sigrid.
I tillegg har vi plukka rabarbra og spist, og det er lenge sidan eg gjorde sist!
Vi sat på reia og flira og naut sola og livet.
Eg let bilda tale for seg. :)






måndag, mai 11, 2009

Å glede seg.

God kjensle. Å gle seg til noko, eller glede seg over noko.

Når du smiler og kriblar etter at du har lagt deg om kvelden.
Når du plutselig kjem på noko du gler deg til, å brått blir kjempeglad.
Eg har mykje å glede meg over, og mykje og glede meg til. Eg vert glad når eg ser utover fjorden og fjella, og tenker på kor bra eg eigentleg har det. Eg vert glad av folka eg har i kvardagen min.



Eg vert glad når eg er sikker på valget av skule og framtid. Eg vert glad når eg får uventa, kjekke meldingar. Eg vert glad når eg ser på bilder og tenker på gode minner. Når eg høyrer ein song eg ikkje har hørt på lenge.
Og eg gler meg til sommar. Sommar og seine kveldar og mykje moro.Til TT på Gjøvik. Til å gå berrføtt i hagen, og spise is.



Og eg gler meg til å bli tante på nytt. Terminen er om akkurat ei veke.
Eg har mykje kjekt å glede meg til, og glede meg over.
God kjensle.

onsdag, mai 06, 2009

Takk for meg, Oslo!

Hatt nok ein morsom tur til Oslo og til folka mine! :))
Eg kan nevne:
- sommartemperatur, og is-mocca med Andrea på aker brygge
- henging i park
- 1. mai tog
- shopping
- bislet kebab
- Vegard sine solbriller (og caps)...
- pizza og twilight med Karianne
- MTV :D
- novellene på acapela.tv
- fantastisk konsert med José <3
- generell KOS