måndag, mai 11, 2009

Å glede seg.

God kjensle. Å gle seg til noko, eller glede seg over noko.

Når du smiler og kriblar etter at du har lagt deg om kvelden.
Når du plutselig kjem på noko du gler deg til, å brått blir kjempeglad.
Eg har mykje å glede meg over, og mykje og glede meg til. Eg vert glad når eg ser utover fjorden og fjella, og tenker på kor bra eg eigentleg har det. Eg vert glad av folka eg har i kvardagen min.



Eg vert glad når eg er sikker på valget av skule og framtid. Eg vert glad når eg får uventa, kjekke meldingar. Eg vert glad når eg ser på bilder og tenker på gode minner. Når eg høyrer ein song eg ikkje har hørt på lenge.
Og eg gler meg til sommar. Sommar og seine kveldar og mykje moro.Til TT på Gjøvik. Til å gå berrføtt i hagen, og spise is.



Og eg gler meg til å bli tante på nytt. Terminen er om akkurat ei veke.
Eg har mykje kjekt å glede meg til, og glede meg over.
God kjensle.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Åå,korr kjekt nønnøø!:D

Anna Josefin sa...

:D