torsdag, mai 14, 2009

Hersens katte!

Det er ikkje alltid like enkelt å skal gjere ein hund og ein katt bestevennar. I allefall ikkje når katten er sjefete og gammal, og hunden er ung og dum. Men, eg gir ikkje opp! Pus brukar å terge hunden, ligg og mjauar og kosar seg rett framfor der hunden ikkje når tak i han. Chris holdt bandet til hunden, og eg slapp ned pus rettframfor mens Chris slapp bandet. Resultatet var som vanleg at katten klora hunden på snuten. AAAhh.. Kva skal ein gjere? Eg sit her med bitt og kloremerker opp til nakken, og dyra er ikkje bedre venner. Enda. Blir mest oppgidd over katten som skal vere so sta og sjefete. Han kan vel føye seg litt??! Han må skjerpe seg. Bikkja vil berre snuse og leike. JAJA. Skal oppdatere om eventuelle forbedringar/slåstkampar. :D

Sjefen:


Jackie vil so gjerne!




What's a dog to do?

2 kommentarer:

Maria sa...

Katter og hunder har så forskjellig kroppsspråk, det er derfor de ikke blir venner. Det sa Susanne.

Anna Josefin sa...

ja, veit! blir bære misforståelsa..hehe :)