tysdag, oktober 24, 2006

Cola, loff og kjærleik

I urovekkande mengder. (Kanskje ikkje det sistnemnte..)
Eg er heime for tida, og eg er sjuk. Mat-inntaket mitt har hovudsakleg bestått av cola og loff. Og det er jo tilfeldigvis noko av det beste eg veit! Loff med smør og cola til. Nokre morgenar har sambuar-Maria sett rart på meg, tatt opp eine auenbrynet og sagt; "brus til frokost, Anna?" når eg har spandert på meg å spise slik frokost før eg dreg på skule. No spis eg det mest fordi mamma seier det. Eg har nemleg litt magesjukheit i tillegg til å ver forkjøla, så eg har jo ikkje lyst å spise noko i det heile tatt. So slik er det. Då fekk eg publisert helsestatusen min og.

Ellers bedriv eg tida med å skrive oppgåve som skal innleverast på torsdag. Analyse av 9 enkle vers i 1 Mosebok er jo meir interessant enn forventa. Abraham var litt ein kar. I går begynte mamma å synge: Fader Abraham har fire sønner, fire sønner har Fader Abraham! Nokre kjenner nok til denne barnesangen, eg song med, heilt til eg oppdaga den urovekkande feilen. Abraham hadde vel slett ikkje fire sonar. Makan til vranglære. Det er då eg tenker; hjelp, kva gjer MF med meg? Eg vil jo aller helst berre synge med, for eg bryr meg jo egentlig ikkje om kor monge sonar stamfaren hadde. Jaja. Akkurat no lar eg Abraham vere Abraham, cola vere cola, og legg meg tilbake på sofaen. Snart får eg sjå min kjære Alex, at Derek drit i Meredith, at dr.yang latar som om ho ikkje har kjensler og at Izzie er flink jente. Grey's Anatomy i et hjerte. Det er den kjærleiken eg får om dagen...



How can you not love him?

måndag, oktober 16, 2006

Kva er oddsen?

Det er rart kor mykje anna som fristar å gjere når ein eigentleg skal analysere vårt respektive Gamle Testament, type Genesis og Exodus. I går sa eg at eg sikkert ikkje kom til å begynne med lesinga før kl 14, "eller nei, sikkert 13.00!". Vel, no er klokka 14.11 og eg har framleis ikkje starta. Men eg er på vei.

Må berre få gjengi tidenes samtale med Anders Kvellestad i natt kl 02.00:


Anna Josephine says:
høyr da, kwelli!!
Kvellestad says:
i'm all yours. enlighten me!
(...)
Anna Josephine says:
hehehe
Kvellestad says:
...and remeber, He has never had chili. No, no, never had chili
Anna Josephine says:
it's the milky pirates!!
(...)
Anna Josephine says:
ej savna dej også.. forstår ikkje koffør du ikkje e i oslo!!
Kvellestad says:
For lite breiflabb. Jeg må ha breiflabb. Breiflabbbreiflabbbreiflabbbreiflabbbreiflabbbreiflabbbreiflabb
breiflabbbreiflabbbreiflabbbreiflabbbreiflabbbreiflabbbreiflabb
breiflabbbreiflabbbreiflabbbreiflabbbreiflabbbreiflabbbreiflabb...
"breiflabb over alt!!!"
Kvellestad says:
breiflabb
Kvellestad says:
breiflabb
Kvellestad says:
breiflabb
Kvellestad says:
...breiflabb
Anna Josephine says:
TEXAS-ALARM TEX TEX TEXAS ALARM!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
texas alaaaaaaaarm tex tex texas alaaaaaaaaarm!!!!
Anna Josephine says:
Jeg lik Maria for din bot vil falle, gi meg parkeringsbot, jeg ber deg sårt
Kvellestad says:
hehehehehehehehehe...sært!!!



DU er sær, Kwelli!! :)




















(Gla i dej fordeom da..)

søndag, oktober 15, 2006

Frantzebråtveien 6, avd 1

Idag gikk det opp for meg kva eg har gjort. Og kva eg har behov for i livet, nemleg nærheit.
Eg bor som kjent i Frantzebråtveien 6. Nærmare bestemt i avdeling 1. Og eg har aldri i mitt liv hatt slik ein plass å boltre meg og mitt legeme på. Alltid har eg levd med max 10 m2, både heime og på Sagavoll. No veit eg ikkje kor stort rommet mitt er, men det er merkbart større. Heime tok senga mi opp nesten heile golvplassen, her har eg kanskje plass til 3-4 stk. Og det seier vel litt.
Eg syns det er godt med så stor plass, men eg kjenner at eg syns det vert litt "kaldt". Ingunn sitt rom til dømes, er akkurat passe stort, og intimt. :) Men eg er veldig glad i avdelinga mi, eg og Maria har til og med separat gang. (Ho søv i naborommet).

No sit eg i senga mi, og eg tek meg sjølv i å oppdage kva eg har gjort. For her ein dag fekk eg det føre meg at eg måtte flytte litt på senga mi. I skrivande stund står den midt i rommet, med "himmelen" rundt. (Type himmelseng...) No er det litt mindre golvplass, alt er litt tettare rundt meg, og det er godt. Såg i dagboka mi at eg ein dag hadde skreve at senga mi er altfor tom med berre ei dyne i. Så no har eg to.
Eg må ha ting rundt meg. Slik er det berre.

(Usaklig innlegg om rommet mitt, burde heller ha skrive om Skapelsesberetninga, som er det som opptek mine tankar om dagen (jfr. analyse-oppgåve), men det er litt keisamt med longe innlegg..hehe..)

onsdag, oktober 11, 2006

we all got hands.

but mine are very bare. do you know vai?

tysdag, oktober 10, 2006

Steining, istè og nytestamentlige briller.

I dag vil eg vie mitt innlegg til det høgt respektive teologiske menighetsfakultet. Min kjære presteskule der eg som oftast tilbring mine oslo-dagar.












Auditorium 1 - der himmelsk kunnskap kjem inn i mitt ulærde sinn.








Dagen min i dag har vore...mja...alternativ og usannsynleg morosam.
Eg valgte å tilbringe litt meir tid enn planlagt i senga mi, som resulterte i at den altfor tidlege forelesninga vart droppa. Og den etterpå. Men eg fekk då med meg litt likevel! Sjølv om eg igjen valgte å drage ut matpausa med nye 45 KLT-minutt. Kvalitetstid i kantina med gjengen set eg faktisk høgt opp på prioriteringslista mi. :) Trond Meland snakka om kjærleiken, og eg fryda meg over mitt nye bekjentskap som tok opp mitt favoritt-tema!

Etter "pausa" var det klart for GT (gamle testamentet) forelesning. Det som står igjen etter forelesninga, er at det er IKKJE Moses som har skreve dei 5 mosebøkene (Genesis, Exodus, Leviticus, Numeri og Deuteronomium). Hehe, som min kjære forelesar Hanne Løland ville sagt det: Latin-show off! Ho seier også at vi må passe på å lese GT med nytestamentlige briller. Spennande!


Hanne Løland, tredje og siste medlem i bestevenngjengen.
(Eg, Rota og HannePannePøne)









I pausa prøvte eg og Ingunn og kaste ut Maria av lesesalen, ved å kalle ho ein hedningkristen. Eg ville steine ho, så vi plasserte ho ved Rota-søten. (Eg vil henvise til bloggen til Maria, for ei meir utdjupande forklaring.)


Ho prøvar å gøyme seg, hedningkristen som ho er!

















Ingen skal få sei at vi ikkje har det moro på skulen som Universitet-nerdane baksnakkar! ;)

søndag, oktober 08, 2006

Søndagar i oslo

Er fantastiske. :)
Alt er så kos! Sove lenge, spise god frokost, henge, storsalen, kebab osv.
Eg, Kristin og Karoline drog inn til slottsparken for å ha ein fotosession i haustsola. Det var moro, med meir eller mindre vellukka bilder. Hehe..
Storsalen var som vanleg bra, monge kjentfolk og mykje kos! Deretter introduserte eg mine to kjære for den obligatoriske søndags-kebaben på bislet. :)
Vi er alle enige om at det var ein god oslo-dag. Søndagane er som oftast det...



Jomfru-kebaben



Småjentene :)



Sjølportrett i brillene til Kristin



Kristin og eg



Vi flyge framfor slottet!


laurdag, oktober 07, 2006

Skopunktet, HMK Garde og Den rosa dagen.

Som overskrifta tilseier, har det vore ein innhaldsrik dag i hovudstaden. Kom tilbake til oslo i dag tidleg, etter ei meir eller mindre underhaldande natt på nattbussen frå Hareid. Med meg hadde eg Kristin og Karoline, som er på besøk hjå meg i helga! Når vi kom fram la vi oss og sov litt, så var jentene rimeleg klare for ein bydag. Fyrste stopp: slottet. Garde-bussen hadde akkurat ankomt, ei ny tropp med gardistar stod klar, og vi naut synet av x-antal "stramme" karar i uniform. Hehe.. Etter ein fotosession, stod Karl Johan for våre føter. I dag er det den rosa dagen, der kvinner over heile verda er med å fremje kampanja mot brystkreft. På Karl Johan var det satt opp ei scene der Trine Rein og ei dame frå Beat for Beat song, Henriette Lien var konferansier, og Idol-Jorun hengte opp bh'en sin. Mykje folk, Karoline på jakt etter kjendisar, TV-opptak og rosa stemning!



3 hareidsdølingar klare for å innta hovudstaden.


Kristin og Karoline fann mannen i deira liv!


Henriette Lien og den rosa dagen.


Skopunktet slo til med 3 for 2-tilbud, som resulterte i kvar sitt skopar, type fora basketsko! :) Ellers vart det mykje handling både på den eine og den andre, og vi kom sletne heim til Frantzebråten i 18-tida.

No er det pizza i ovnen, på med nykjøpte pysj-bukser, snop, te-lys, Ameliè og kos.
Livet er godt med venar på besøk. :)



Karoline og Kristin i Frantzebråten. :)

torsdag, oktober 05, 2006

will this restless heart never lie still?

No er det torsdag, og det er kveld. Det er stjerneklart og fullmåne på hareid, og den gode skarpe, kalde haustlufta har komt. Eg var ute ein tur i sta, og då gleda eg meg slik til å kome til Oslo igjen, at eg kjende det kribla litt inni meg. Det har vore ei perfekt veke heime. Eg bekymra meg ei stund for at eg ikkje ville tilbake til Oslo, for alt er så bra heime på hareid. Men no kjenner eg at eg er klar for min andre heim i frantzebråten. Gler meg til å gjere alt eg ikkje kan gjer heime, og sjå alle eg ikkje kan sjå på hareid. :)

Hausten har so longt vore fin. Den brukar som regel å vere det. Eg kan kjenne hjertet mitt banke litt ekstra for tida. Eg merkar at eg smilar for meg sjølv. Ingen kan nokon gong kjenne korleis eg har det inni meg. Eg gidd ikkje å prøve og beskrive det ein gong. Det er godt å ha det godt for seg sjølv også, det er ikkje alt ein treng å dele!

Sjekk denne koslege filmen! Hadde det berre vore fleire slike i verda...:)




"Smoooooooth 100% naturlig! Det ekje kødd engong!"

Sa Tore til meg. Han har fått seg smoothie-maskin, og i går kveld var eg fram på besøk. Vidunderet av ei maskin står og prydar kjøkenbenken, og eg fekk ein grundig demonstrasjon av herligheita. Tore kan sakene sine, smoothie blei det, og den blei nyyyydelig! :) Type jordbær/bringebær. Mmmmm...Ellers såg vi Will & Grace, spiste rundstykker, hørte på musikk og sat i vinterhagen, og spelte piano og song. Tore er ein god kar.
Meg, Tore og smooooooothiane:

måndag, oktober 02, 2006

Blomster i glas og fersk gjærbakst i et hjerte.

Eg elskar når musikken du høyrer på er akkurat passe høgt på, så det føles ut som om songen er soundtracket i livet ditt. Dette har eg tenkt ofte på i det siste, og då må eg smile litt for meg sjøl. Ser for meg at livet mitt er ein einaste long film med meg i hovudrolla. Men det var ikkje det dette innlegget skulle handle om.
Dette skulle handle om morskjærleik og eit morsomt vennskap.

I dag sa eg til mamma at eg trengte litt heimelaga gjærbakst. Og sidan eg no har vorte fattig student som lev på lusne kjøpebrød, sa mamma seg enig i denne idèen. Ho sette ei kjempestor bolledeig, som resulterte i eit brannsår på tommelen min, monge rykande varme bollar, og ei glede i yngste dottera sitt hjerte. Varme bollar med skinkeost. Det beste i verda. Slik er det, ingenting kan måle seg med mamma sin mat!





Mi kjære Karoline kom etterkvart. Eg dreiv med oppgåva mi. Ho kom og plaga meg, stod bak meg og sa "kan ikkje vi lage til kvarandre på håret??", eg skubba ho vekk, ho gjekk og la seg på sofaen og flira høgt. Eg forstod fort at dette ikkje var holdbart i lengda, og at vi trengte å lufte oss litt begge to. Dermed tok vi bilen og kjørte ned til Prixen. Vi bestemte på førehand for å kjøpe noko som vi aldri elles kjøper. Dette viste seg å vere vanskligare enn fyrst antatt. For kvar ting vi hadde lyst på, fann vi ut at det er jo slike ting vi alltid kjøper, som til dømes sjokomelk. Vi gjekk lenge og kjika, heilt til augene fall på eit glas med ei rose oppi. Vi lo lenge av denne tilsynelatande og meiningslause tingen å selge på Prix gule priser, og fann ut at dette var ein god kandidat til kjøpe-prosjektet vårt. Heilt til vi såg prisen: 198 kr. For eit glas med ei rose i. Nei, hon tutte, det var uaktuelt. Dermed enda vi opp med kvar sin istè/iskaffi, som vi alltid gjer. Visse ting treng det ikkje å endrast på. Eg trur ikkje glas-rosa hadde gjort kvardagen bedre akkurat. Det har vi golfen, musikken, råninga og kosen til. I allfall på Hareid. :) Vi kjørte til Brandal berre for å høyre walk idiot walk kjempehøgt, for so og snu og kjøyre heim. Heime venta nemleg bollane, jentebladet og tv'en. Hareid for alltid.







Karoline. Plagsom og søt.