Idag gikk det opp for meg kva eg har gjort. Og kva eg har behov for i livet, nemleg nærheit.
Eg bor som kjent i Frantzebråtveien 6. Nærmare bestemt i avdeling 1. Og eg har aldri i mitt liv hatt slik ein plass å boltre meg og mitt legeme på. Alltid har eg levd med max 10 m2, både heime og på Sagavoll. No veit eg ikkje kor stort rommet mitt er, men det er merkbart større. Heime tok senga mi opp nesten heile golvplassen, her har eg kanskje plass til 3-4 stk. Og det seier vel litt.
Eg syns det er godt med så stor plass, men eg kjenner at eg syns det vert litt "kaldt". Ingunn sitt rom til dømes, er akkurat passe stort, og intimt. :) Men eg er veldig glad i avdelinga mi, eg og Maria har til og med separat gang. (Ho søv i naborommet).
No sit eg i senga mi, og eg tek meg sjølv i å oppdage kva eg har gjort. For her ein dag fekk eg det føre meg at eg måtte flytte litt på senga mi. I skrivande stund står den midt i rommet, med "himmelen" rundt. (Type himmelseng...) No er det litt mindre golvplass, alt er litt tettare rundt meg, og det er godt. Såg i dagboka mi at eg ein dag hadde skreve at senga mi er altfor tom med berre ei dyne i. Så no har eg to.
Eg må ha ting rundt meg. Slik er det berre.
(Usaklig innlegg om rommet mitt, burde heller ha skrive om Skapelsesberetninga, som er det som opptek mine tankar om dagen (jfr. analyse-oppgåve), men det er litt keisamt med longe innlegg..hehe..)
2 kommentarer:
Det er godt å høre at du trives der nede på Megarommet. Kanskje jeg også skal prøve å sette senga midt i rommet... Synd vi ikke ville fått opp døra da.. Og at pulten måtte blitt hivd ut... Hehehehhe.. Men jeg er ikke bitter. jeg liker mitt lune hi:) og skal nyte det de siste åtte-ni-ti ukene:) Love!
Heihei!
Kjekke blogg du hadde! :)
Håpe du he det berre fint i tigerstaden. Her i Bergen bjynde det å mørknast tidlig, og vi kosa oss me te og twist..
Legge dej til på blogrollen min ej, so veit du det. Ha ei fine veke vidare!
Legg inn en kommentar