tysdag, oktober 24, 2006

Cola, loff og kjærleik

I urovekkande mengder. (Kanskje ikkje det sistnemnte..)
Eg er heime for tida, og eg er sjuk. Mat-inntaket mitt har hovudsakleg bestått av cola og loff. Og det er jo tilfeldigvis noko av det beste eg veit! Loff med smør og cola til. Nokre morgenar har sambuar-Maria sett rart på meg, tatt opp eine auenbrynet og sagt; "brus til frokost, Anna?" når eg har spandert på meg å spise slik frokost før eg dreg på skule. No spis eg det mest fordi mamma seier det. Eg har nemleg litt magesjukheit i tillegg til å ver forkjøla, så eg har jo ikkje lyst å spise noko i det heile tatt. So slik er det. Då fekk eg publisert helsestatusen min og.

Ellers bedriv eg tida med å skrive oppgåve som skal innleverast på torsdag. Analyse av 9 enkle vers i 1 Mosebok er jo meir interessant enn forventa. Abraham var litt ein kar. I går begynte mamma å synge: Fader Abraham har fire sønner, fire sønner har Fader Abraham! Nokre kjenner nok til denne barnesangen, eg song med, heilt til eg oppdaga den urovekkande feilen. Abraham hadde vel slett ikkje fire sonar. Makan til vranglære. Det er då eg tenker; hjelp, kva gjer MF med meg? Eg vil jo aller helst berre synge med, for eg bryr meg jo egentlig ikkje om kor monge sonar stamfaren hadde. Jaja. Akkurat no lar eg Abraham vere Abraham, cola vere cola, og legg meg tilbake på sofaen. Snart får eg sjå min kjære Alex, at Derek drit i Meredith, at dr.yang latar som om ho ikkje har kjensler og at Izzie er flink jente. Grey's Anatomy i et hjerte. Det er den kjærleiken eg får om dagen...



How can you not love him?

3 kommentarer:

Anonym sa...

Men kor månge søne han hadde då?

:)

Ingunn sa...

kom hit baby. skal gi deg kjærleik. skal gi deg masse up and down.

Anonym sa...

E du trygt tilbake i tigerstaden? Sakna oppdateringa!!

:)