Tidlegare i dag sat eg i møtesalen på Sagavoll og sa til Tobias: "eg vil ikkje tilbake til virkeligheita". Vi sat der gråtande begge to, akkurat slik eg har sitte der så mange gongar før. Det gikk så sinnsjukt opp for meg at det aldri kom til å bli slik igjen. Det kjem ikkje til å verta like bra. Difor vil eg aldri i mitt liv gløyme alle øyeblikka som har betydd so usannsynleg mykje for meg. Og alt kom liksom innover meg då eg sat bakerst i møtesalen etter vårt aller siste møte.
Fjorårstreffet, eller gjensynstreffet som Maria så fint kallar det, var vakkert, godt, sårt, moro, bekymringslaust, rett og slett fantastisk...
And i wonder, when i sing along with you, if everything could ever be this real forever? If anything could ever be this good again?
Alt var som før.
Bjørn fiksar dart-pilene, folk kosar i stua, volleyball og fotball i gymsalen i fleirfoldige timar, Peri og Christer sitt høyrespel i studioet, PG spelar My heart will go on og Michael seier "samme dritten ja!" på klassesamlinga, alltid nokon som spelar piano i stua, alltid nokon som spelar biljard, alltid moro ved bordet i matsalen og alltid nokon å få ein klem av.
I dag etter søndagsmiddagen hadde klassa oppvask. Everlong på anlegget, Kwelli som lever seg inn i alt han gjer, Peri og meg som var så fornøgde med bordvaskinga vår at vi såg for oss at vi kom til å jobbe på kafè i oslo neste år og tørke bord, Karianne som vaska vasken, 10 stk som skylde koppar og fat og Dag Frode som flira litt av oss frå bordet sitt.
Eg kan ikkje gjere noko anna enn å seie:
takk Sagavoll, for du lærte meg om livet.
1 kommentar:
Da jeg satt på bussen tilbake Oslo, så følte jeg meg så sinnsykt takknemmelig for at jeg skulle hjem til et hjemme som innehold to av mine beste venner fra Sagavoll. Takktakktakk!
Legg inn en kommentar