tysdag, november 07, 2006

Hotel Cæsar for real!!

Absurde opplevelsar har prega min kvardag dei siste dagane.
I går var eg på Rimi Majorstua og handla, og bak meg i køa stod Kristin Zachariassen, ho som spelar systra til godaste Gjertsen i "Kvinnen i mitt liv" (forøvrig ein kjempekoslig film!), og eg tenkte 'kult, en kjendis'. Eg, ei jente frå Hareid, blir alltid litt opprømt når eg ser kjendte folk. Men det beste var då eg gjekk frå t-bana på National, då JENS AUGUST brått gjekk forbi meg!! Eg blei både glad, sjokka og mållaus. På bussen i dag på vei til skulen, såg eg også sjølvaste Katrine Sørland (top model lizm..), og ho var kjempepen!!
Men den aller største og mest absurde opplevelsen kom i dag då eg igjen befann meg på Rimi Majorstua (det er der det skjer). Eg og Ingunn stod å såg i kjekshylla, då Ingunn brått sa til meg: ikkje snu deg så fort, men det står ein kjendis i køa. Eg snudde meg sjølvsagt svært brått for å få med meg serverdigheita, å kven stod der? Hjertet mitt hoppa over minst to hopp, eg nærmast kaldsvetta og vart heilt satt ut. Der stod ingen ringare enn JUNI ANKER HANSEN og skulle betale. Ikkje Anette Hoff, som ho eigentleg heiter, men Juni. Ho såg akkurat slik ut. Det var som om eg var med i ei hotel cæsar episode. Eg venta berre på at Christian Borkman skulle komme bort. At ho faktisk har eit liv utanom cæsar, hadde eg liksom aldri tenkt over. Vi hadde til og med blikkontakt. Eg smilte til ho, men ho smilte ikkje tilbake...Eg hadde mest lyst til å gå bort og gi ho ein klem. Eg klarte å styre lystene mine, men eg vart so satt ut at då eg kom ut av butikken oppdaga eg at eg ikkje hadde kjøpt det eg skulle der.
















Takk Juni, for min beste kjendis-opplevelse hittil i Oslo!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Anna.. off off... E CÆSAR ei kjelde til glede i live ditt? :/ Kom heller til Bergen, der kan du sjå kvalitetskjendisa som Sigvart Dagsland å Rune Larsen, ej ser dei rett som de e! Eventuelt kan du henge utafor tv2-bygge om du e ute ette en klem frå na Davy elle en veirdameautograf...

Maria sa...

Hver gang jeg er det minste nedfor, så skal jeg gå inn her og lese detta innlegget, og da kommer jeg til å smile likevel :)