Så fann dei kjærleiken. I alle fall Tore Jardar og Michelle. Harald valgte åpenbart feil dame, og Anne fann seg ein "god venn" (omg..). Høgdepunktet var uansett då TJ (som eg likar å kalle han) skulle velge dame. Eg, Karianne og Ingunn sit i sofaen under dynene og ventar spent. "Jeg har rett og slett blitt forelska denne uken" seier han, og vi veit alle korleis dette kjem til å ende. Han valgte seff Michelle, og dei kyssa som aldri før. Vår umiddelbare reaksjon var høgfrekvente hyl, roping, glede, misunnelse og meg og dyna på golvet. Michelle sa so søtt: du er så bra! og vi var ingenting anna enn einige. Sukk...Den store jakta på kjærleiken er over i deira liv, men realiteten er noko heilt anna i mitt...
I skrivande stund er eg nøyaktig om to veker ferdig med eksamen. Det vil også seie at innen dei neste 14 dagane må eg nilese om Matteus, Shiva, Quelle, Jesus og Allah i ei salig blanding. Men om 15 dagar er eg også heime på Hareid. Det er drivkrafta som held meg oppe. JULEFERIE! :) I går hørte eg på julesongar, sterkt inspirert av humoren som eg, Anders og Maria fikk i GT-forelesninga, der vi syng julesongar etter hukommelsen (altså ikkje rett tekst).
Ho som delte mi julestemning var min gode venn Karianne
(sidan dei eg bor med ikkje er i julemodus før 1. des).
Sjå kor søt ho er! :)
Old i mofoe krishna is YOU!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar