torsdag, desember 30, 2010

Produksjonsåret 2010 / Bad Karma

Ein av dagane før jul var eg på besøk med Jorunn i nabohuset. Sidan ho til vanleg bur i Oslo, og er mi besteveninde som eg ser altfor sjeldan, fekk ho ei lita gåve som skulle sei at eg var glad i henne. Eg hadde strikka ei "Marius"-hue. Ho skulle egentlig få den i julegåve, men no har det seg slik at ho er godt gift og mor, så eg følte eg heller ville gi noko som alle kunne få glede av. So då måtte eg leite fram symaskina. Eg har ikkje sydd sidan eg tok Symaskinsertifikatet i handarbeid på barneskulen (stod forresten med glans på den altso, sydde ein heilt bein strek), så eg måtte friske opp litt sykunnskapar. Noko som krevde både blod, sveitte og tårer. I allefall sveitte og tårer. For det har seg også sann at eg ikkje er av den tålmodige typen, og når eg ikkje fekk det til på fyrste forsøk, så var det berre å gi opp. Eg drog ut kontakta i protest, small med døra og var rett og slett skikkeleg sur. Når det er sagt, så varte det heldigvis ikkje så lenge, og eg og symaskina blei etterkvart svært gode vennar. Eg sydde sju og ei halv julegåve (den halve var noko eg aldri vart ferdig med, for eg var så dritlei. Det toppa seg då eg knakk nål nummer to på same prosjektet).

Tilbake til besøket mitt. Eg fortalte at eg hadde strikka og sydd alle julegåvene i år, og då sa Jorunn:
"Du kjenner ikkje noko i henda etter all strikkinga da?"
Eg: "Niks, eg kjenner absolutt ingenting, no skal eg strikke ein gensar til meg sjølv!"
Jorunn: "Heldig då!"

Den kvelden eg kom heim, tenkte eg "hm, det er kanskje litt rart at eg ikkje har merka noke slitasje i strikkearma. Eg skal vel få senebetendelse eller noko no da."

Eg hadde omtrent ikkje rukke å tenkt det ferdig, før smerta tok meg.
I går var eg med legen, og ho kunne konstatere det, senebetendelse i høgre arm.

Eg har fått mi fyrste strikkeskade.

Eit knippe av produksjonen:
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
gensar til Sigrid / mariusgensar til Celina / gensar til Ole Johan / jakka mi / perlesett til Karianne / sløyfevottar til Maria / monsterbukse til Eliah / monsterbukse til Fillip André.

fredag, desember 24, 2010

24. desember

♥ God morgen og GOD JUL frå Jackie og meg! ♥

Photobucket
Photobucket

torsdag, desember 23, 2010

23. desember

Dagen før dagen! Håper alle har ei fin veslejuleaften, og at det er fint og fredeleg i heimen. Det er vel ingen vits i å stresse no, no skal ein berre pynte juletre, spise snop og kaker, og gle seg til i morgon.
Her kjem ei veslejuleaftenliste.

Photobucket

min bestevenn er ikkje berre ein person, men fleire fine mennesker som eg er veldig glad i.

når eg pussar tenna gjer eg det helst åleine, og grundig. Med fluortablett etterpå.

eg er (litt) redd for at nokon i familia mi eller nokon av vennane mine skal få ein alvorleg sjukdom. Så er eg livandes redd for edderkoppar.

den verste følelsen er likegyldigheit og fortvilelse.

den beste følelsen er når du høyrer en skikkeleg bra song som beskriv alt.

eg er best på å gi kjærleik til dei eg er glad i.

eg er dårligast på å vere tålmodig.

eg hører på julemusikk for øyeblikket. Men også mi nye speleliste, heart skipped a beat.

eg likar følelsen av reint sengetøy, knekkebrød med godt pålegg og å strikke.

kjærleik er godt, fint og vondt.

i sommar var eg i bryllup til besteveninda mi.

sist eg grein var i går.

når eg vil tenke høyrer eg på musikk. Men no for tida vil eg helst ikkje tenke i det heile tatt.

Photobucket

når eg bakar kosar eg meg.

akkurat no tenker eg på at eg skal til å pynte juletreet. Og på kva eg skal strikke på i jula.

i dag har eg spist grandis til middag, rydda og vaska rommet mitt, skifta på senga mi, sett tre episodar med sex and the city og fått ei julegåve i posten. (Takk Ingunn!)

Photobucket

i kveld skal eg sjå Home Alone på tv2.

i morgon kjem eg til å ta på meg min nye, fine kjole og ha det fint i lag med familia.

min mobiltelefon er eg veldig glad i! Min nokia e71 er perfekt.

når eg våknar om morgenen må eg psyke meg opp til å stå opp. Så spring eg gjennom den kalde gangen ut på det varme badet.

dersom eg var et dyr ville eg vore ei stor kanin som var lat og som fikk mykje kos.

Photobucket

onsdag, desember 22, 2010

22. desember

Stemningsrapport frå Gjerdevegen 12:

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

tysdag, desember 21, 2010

21. desember



Eg er så trøtt og sliten i dag. Eg har falt ned igjen i den mørke og velkjente gropa mi. Hallo mørke, eg har ikkje sakna deg. Lurer på om den svarte veggen rundt meg blir lysare etterkvart. Eller kanskje eg klarer å lage meg fine vindu på den. Det er tre dagar til jul, og eg klarer ikkje forstå korleis eg skal kome meg gjennom dei neste dagane.
I dag har eg sove, dusja, sove, sett mange episoder med Heroes og enda fleire episoder med Sex and the City. No vil eg berre sove meir.

Sangen over er så fin at eg kjener tårene krype opp over heilt i frå magen og ut i augekroken.

Well maybe I'm just tired,
tired of never knowing.

I know i'm not good enough for you
.

Photobucket
Photobucket

måndag, desember 20, 2010

20. desember

Endeleg har mi aller beste Karianne komt på førjulsbesøk!
Dagen har gått med til Sex and the City 2 til frokost, kortspeling (julebridge med eigne reglar) og generelt kos. På kvelden kom Tore også, og vi har hatt det ekstremt morsom med mellom anna denne filmen.
No er det siste del av Millenium, etterfulgt av Beyoncé-konsert på tv.

Photobucket
Photobucket
Photobucket

Hello from Bahamas!
Photobucket

Hallo frå månen:
Photobucket

Coolios på berg og dalbane:
Photobucket

Photobucket
Photobucket

...og Bjarte frå RadioResepsjonen:
Photobucket

laurdag, desember 18, 2010

19. desember

Photobucket

Eg elskar absolutt alt med denne serien. Eg hadde lett gifta meg med Mr. Schuester, så kunne vi sunge duettar resten av livet. Mi favorittscene hittil i serien er når han syng "Tell me something good" til Sue Sylvester. Veit ikkje kor monge gongar eg spolte tilbake til den scena! Kunne lett date'a Finn også. Eller kanskje Puck, han er ein type som er litt for kul for Glee-gjengen, men han overraskar stadig vekk. Så har han hanekam. Kanskje det er derfor eg er svak for han, at han er litt "bad guy" men samtidig syng så fint.
Og Kurt er min absolutte favoritt. Kurt Elizabeth Hummel, som elskar Gaga, Madonna og som får heile fotballaget til å danse til "Single Ladies".

Dersom du ikkje har sett på denne serien, er du heilt nødd til å sjekke den ut!!

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket


18. desember

Den siste laurdagen før jul i stikkordsform:

♥ Mamma Eli har vaska og pynta til jul.
♥ Birte og Kristin har vore på besøk, Kristin går på folkehøgskule i Børsa, og kom heim til jul i går. <3
♥ Eg har passa verdens søtaste Celina.
♥ Den lange raude nisselua til Eliah er ferdig strikka, og ein glad fireåring fekk den på for fyrste gong.
♥ Eg har baka gode muffins som Jorunn og eg skal kose oss med i kveld (vi skal ha strikkekveld).
♥ I morgon kjem Karianne! Eg kan knapt vente.

♥ Ha ein fin laurdagskveld! ♥

Photobucket

fredag, desember 17, 2010

17. desember

Eg er kanskje over gjennomsnittet glad i notatbøker. Eg har fleire små, nye, fine bøker med heilt blanke sider som eg gler meg til å ta i bruk. Eg har ei lita raud bok der eg skriv opp ting eg må huske på å gjer. Eg har ei anna som eg skriv opp oppskrifter i. Så har eg sjølvsagt ei stor dagbok, og ein svart almanakk. Og ei som eg skriv ned fine ting i, og teiknar litt i. Men eg trur den finaste eg har er den som ser ut som eit gammalt postkort på framsida, med eiffeltårnet på. Den står berre til pynt foreløbig.

I dag kom eg over ei bok som no står øverst på ønskelista mi. Eg var inne på Kipekee sin nettbutikk, og der fann eg denne. Den heiter "My life story", og er ei 100-års dagbok der ein kan skrive ned alt ein har gjort i livet. Kvar ein har budd og kven ein har budd i lag med. Kvar du har gått på skule og kvar du har jobba. Den har også eit verdenskart i seg, der ein kan krysse av plassar ein har vore og plassar ein vil reise til. Så er der ei liste du kan fylle ut med ting du vil gjere før du dør. Åh, det er so fint! Tenk kor kjekt å bla i den når ein vert eldre! Eller når ein har ein skikkeleg dårleg dag. Då kan ein bla i den å huske på alle muligheitene som fins, ting ein har fått til og ting ein vil gjere i framtida.

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

PS! Sjekk ut the notebook doodles!

onsdag, desember 15, 2010

16. desember

Når eg er dritlei det meste, og tenker "kva er vitsen?", då hjelp det litt å ta på seg headsettet mitt og høyre på denne sangen kjempehøgt. Då løftar eg hendene og smilar, og alt kjennes pittelitt betre ut. I forgårs når eg var ute på kvelden, kikka eg tilfeldigvis opp på stjernehimmelen, og plutseleg for eit stjerneskudd rett over meg. Eg sa "takk" høgt, og gjekk inn igjen.

Photobucket

Stars
av Switchfoot

Maybe I've been the problem, maybe I'm the one to blame
But even when I turn it off and blame myself, the outcome feels the same
I've been thinkin maybe I've been partly cloudy, maybe I'm the chance of rain
Maybe I'm overcast, and maybe all my lucks washed down the drain

I've been thinking 'bout everyone, everyone you look so lonely

But when I look at the stars,
when I look at the stars,
when I look at the stars I see someone else

When I look at the stars,
the stars, I feel like myself


Stars lookin at our planet watching entropy and pain
And maybe start to wonder how the chaos in our lives could pass as sane
I've been thinking bout the meaning of resistance, of a hope beyond my own
And suddenly the infinite and penitent begin to look like home

I've been thinking bout everyone, everyone you look so empty

But when I look at the stars,
when I look at the stars,
when I look at the stars I see someone else

When I look at the stars,
the stars, I feel like myself


stars, stars
everyone, everyone feels so lonely
everyone, yeah everyone feels so empty

When I look at the stars,
when I look at the stars,
when I look at the stars I feel like myself

When I look at the stars, the stars
I see someone...

15. desember

Om å ha bestevennar som bur langt vekke.

Å gå på folkehøgskule er det beste eg har gjort. Men det er ein ting med det som er skikkeleg kjipt. Du får deg mange bestevennar som kjem frå heile landet, og det er fysisk umulig å vere saman med alle til dagleg. Og då kjem saknet. Eg er på Hareid, ei er i Danmark og ei er i Oslo. Ein er i Japan, og nokre er i Bergen og andre igjen i Oslo.

Omtrent ein gong i veka når eg skal til akupunkturtime, tek eg heisa opp sjølvom det berre er ei etasje. Fordi den heisa er heilt lik den heisa som er i Linstows gate i Oslo. Eg står stille i heisa og let att augene, og huskar alt som har skjedd i den heisa i den blokka i Oslo.

Med jamne mellomrom må eg sjå alle filmane som eg filma med eit dårleg mobilkamera i leiligheita i Oslo. Karianne som ligg innepakka i eit teppe på senga mi og skal sove over. Eller Ingunn som vaska badet. Eller Maria som sit på golvet og malar. Eller Karianne som diktar opp dyredansen.

Eg saknar dokke.

Photobucket
Photobucket
Photobucket

tysdag, desember 14, 2010

14. desember

Dersom ein ikkje har dårlege dagar, veit ein heller ikkje kva ein verkeleg bra dag er.
Og håpet har vi uansett. Heldigvis.

Photobucket

Og dersom ein treng litt påfyll, kan ein gå inn på denne sida, Love gives me hope. Eller på denne.

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket