torsdag, desember 30, 2010

Produksjonsåret 2010 / Bad Karma

Ein av dagane før jul var eg på besøk med Jorunn i nabohuset. Sidan ho til vanleg bur i Oslo, og er mi besteveninde som eg ser altfor sjeldan, fekk ho ei lita gåve som skulle sei at eg var glad i henne. Eg hadde strikka ei "Marius"-hue. Ho skulle egentlig få den i julegåve, men no har det seg slik at ho er godt gift og mor, så eg følte eg heller ville gi noko som alle kunne få glede av. So då måtte eg leite fram symaskina. Eg har ikkje sydd sidan eg tok Symaskinsertifikatet i handarbeid på barneskulen (stod forresten med glans på den altso, sydde ein heilt bein strek), så eg måtte friske opp litt sykunnskapar. Noko som krevde både blod, sveitte og tårer. I allefall sveitte og tårer. For det har seg også sann at eg ikkje er av den tålmodige typen, og når eg ikkje fekk det til på fyrste forsøk, så var det berre å gi opp. Eg drog ut kontakta i protest, small med døra og var rett og slett skikkeleg sur. Når det er sagt, så varte det heldigvis ikkje så lenge, og eg og symaskina blei etterkvart svært gode vennar. Eg sydde sju og ei halv julegåve (den halve var noko eg aldri vart ferdig med, for eg var så dritlei. Det toppa seg då eg knakk nål nummer to på same prosjektet).

Tilbake til besøket mitt. Eg fortalte at eg hadde strikka og sydd alle julegåvene i år, og då sa Jorunn:
"Du kjenner ikkje noko i henda etter all strikkinga da?"
Eg: "Niks, eg kjenner absolutt ingenting, no skal eg strikke ein gensar til meg sjølv!"
Jorunn: "Heldig då!"

Den kvelden eg kom heim, tenkte eg "hm, det er kanskje litt rart at eg ikkje har merka noke slitasje i strikkearma. Eg skal vel få senebetendelse eller noko no da."

Eg hadde omtrent ikkje rukke å tenkt det ferdig, før smerta tok meg.
I går var eg med legen, og ho kunne konstatere det, senebetendelse i høgre arm.

Eg har fått mi fyrste strikkeskade.

Eit knippe av produksjonen:
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
gensar til Sigrid / mariusgensar til Celina / gensar til Ole Johan / jakka mi / perlesett til Karianne / sløyfevottar til Maria / monsterbukse til Eliah / monsterbukse til Fillip André.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Anna, så flink og produktiv du er! Og fin blogg, jeg er blitt fast leser. Hilsen Hanna

Jorunn sa...

off.. no fikk ej dårli samvittiheit!! unnskyld at ej minte kroppen din på å reagere!! va virkli ikkje meininga! håpe ikkje d e altfor gale, og at du fæ fortsette å produsere vakre ting i 2011! gla dej!!

Maria sa...

KUL mosterbukse :D (Og ekstra fine røde votter med sløyfe på!)

Ingunn Ekern sa...

...og tusen takk for VERDENS fineste pute! :)

janicke sa...

Smeis kor flinke du e t å strikke Anna!Kanonbra! Ej ska legge inn ei bestilling me dej ser ej;);)