I dag kom eg over ei bok som no står øverst på ønskelista mi. Eg var inne på Kipekee sin nettbutikk, og der fann eg denne. Den heiter "My life story", og er ei 100-års dagbok der ein kan skrive ned alt ein har gjort i livet. Kvar ein har budd og kven ein har budd i lag med. Kvar du har gått på skule og kvar du har jobba. Den har også eit verdenskart i seg, der ein kan krysse av plassar ein har vore og plassar ein vil reise til. Så er der ei liste du kan fylle ut med ting du vil gjere før du dør. Åh, det er so fint! Tenk kor kjekt å bla i den når ein vert eldre! Eller når ein har ein skikkeleg dårleg dag. Då kan ein bla i den å huske på alle muligheitene som fins, ting ein har fått til og ting ein vil gjere i framtida.




PS! Sjekk ut the notebook doodles!
2 kommentarer:
Så koselig med hundreårsbok! Det vil jeg skaffe meg!
Me 2 :)
Legg inn en kommentar