onsdag, desember 01, 2010

1. desember

I dag har eg tenkt. Og tenkt. Og tenkt. Og innsett at det alltid vil vere både positive og negative konsekvensar med alle valg ein skal ta i livet. Dersom ein vel ein enkel utvei, kan ein konsekvens vere at det vert kjedelig og lite oppbyggande i lengda. Dersom ein vel å ta utfordringar, kan ein oppleve at ein ikkje mestrar dei og får nye nedturar.
Eg sette meg i bilen etter ein utfordrande, oppløftande og god time med psykologen min i dag, og John Mayer song og spurte meg kven som seier at eg ikkje kan vere fri, fri frå alt som eg har vore, fri til å skrive om historia mi?
Eg sat i bilen og smilte, heilt ekte, for fyrste gong på lenge. Det er ingen andre enn meg sjølv som kan ta valga eg står ovanfor, og det er berre du som veit kva som gjer DEG lykkeleg. Og det treng nødvendigvis ikkje vere det same som alle andre rundt deg. Utdanning, jobb, suksess, pengar, ingen av desse er det viktigaste for meg akkurat no. No treng eg å bli frisk, og å vere tilfreds med min eigen situasjon. Og dette gjeld alle, enten ein slit med hjertesorg, sjukdom eller andre tunge ting.
Veit DU kva som er viktigast for deg?
Med denne påminninga erklærar eg herved første luke i adventskalendaren for åpna.

And this is not to say, there never comes a day
I'll take my chances and start again
And when I look behind, on all my younger times
I have to thank the wrongs that led me to a love so strong.


Photobucket

3 kommentarer:

Birte :) sa...

<3

Maria sa...

Og med dette gleder meg meg til hva mer fint som kommer i adventskalenderen din!

Du er fin både inni og utapå du, Annamin!

Kristina sa...

Kjæmpefint, Anna! Ej konne ikkje vår meir eni!
<3