søndag, desember 05, 2010

5. desember

I dag har det vore ein produktiv søndag.
Eg la meg tidleg i går, fordi det var ein dårleg dag, så eg stod opp ekstra tidlig i dag (til og med FØR mamma!). Eg har sydd, pakka inn gåver og baka pepperkake. Heilt åleine. Og pepperkakehus med fine hjartevindu med raude bringebærdrops-vindu.

I dag har det komt mykje snøv på Hareid.
Ei som var ekstra glad for det, var Jackie. I dag tidleg når ho skulle ut på dotur, hoppa ho rundt og grov snuten ned i nysnøven. Når ho kom inn igjen hadde ho små snøvballar på fotane sine, so det sa "klakk-klakk" når ho gjekk bortover golvet.

I dag er eg stolt tante.
Eg har vore på juleavslutning på turnen, og sett på Eliah som dansa som berre juling.

I dag er ein litt bedre dag enn i går.

Photobucket

Photobucket

Photobucket

4 kommentarer:

Anlen sa...

Nydelege små nissar, ja:)

Anna Josefin sa...

jaaa, dei va so fine :)

Maria sa...

Hvorfor så streng på siste bildet, Eliah?

Anna Josefin sa...

Tru det va nåke han Fillip gjor! :)