måndag, november 29, 2010

Den kalde fine tida

Det er 15 minusgrader ute, og på dei raude husveggane er det fullt av kvite krystallar. Eg har flytta inn i ullkleda mine (både dag og natt) og leita fram selskona mine. Eg har klart og gjennomføre planen min med heimelaga julegåver til alle, og i skrivande stund har eg berre ei julegåve eg må kjøpe. Klapp på skuldra til meg! (Det skal seiast at den personen som ikkje får heimelaga gåve er mamma, av den enkle grunn at eg ofte må ha hjelp av henne, og det hadde våre særs vanskeleg å halde eit heimelaga prosjekt hemmeleg for henne.) I morgon skal eg og Sigrid til byen på shopping, og sidan eg har vore så flink å spare pengar, har eg nok til å kjøpe meg ein julekjole. Klapp ein gong til! På laurdag pynta vi til advent heime, med stjerne og stakar i vindua. Eg gløymer litt frå kvart år den følelsen eg får når stjernene og stakane kjem opp. Fyrste gong når lyset kjem på, og ein huskar forventningane, roa og kor koseleg det er kvart år med jul.
No har eg laga ei speleliste med julemusikk også, Den kan du finne her, heime med jul. Håper alle har ei fin førjulstid, enten den er fylt med kjipe eksamenar eller rolege dagar. Eg gler meg til Karianne kjem på besøk siste veka før jul, og vi skal bake julemannar og fine muffinsar i lag. Før den tid skal eg strikke, bake, sjå film og gle meg til jul i lag med Eliah.

Come, Thou Fount of every blessing
Tune my heart to sing Thy grace
Streams of mercy, never ceasing
Call for songs of loudest praise

Photobucket
Photobucket
Photobucket

tysdag, november 23, 2010

Keep calm and eat cupcakes!

Det måtte ha vore mottoet mitt dersom min draum gjekk i oppfyllelse. Eg har så lyst til å ha mykje pengar, eit ledig butikklokale og mange nye oppskriftsbøker! Hadde eg hatt det, hadde eg starta ein liten søt kafé der eg selte gode kaker og cupcakes. Den vesle kaféen skulle hatt mange ulike kaffiservice, nokre rosa og nokre blomstra, og alle kakene skulle stått på fine kakefat med glaskuppel over. Der kunne du komt å kjøpt deg ein fin muffins, eit saftig kakestykke, ein stor kopp kaffi eller kanskje ei krus med lakristé. Åleine eller i lag med ein venn, eller kanskje til og med på date. Då skulle du fått eit kakestykke på eit fat med to gafflar. Dersom du kom åleine, kunne du plukka deg ei bok i bokhylla som du kunne bla i. Eg skulle baka og baka, og komt med nye oppskrifter på nydelige kaker, og eg hadde delt ut smaksprøver til den som ville. Alle muffinsane skulle fått nye, norske og fine navn, som til dømes fløyelsmuffins. Eg hadde spelt Thomas Dybdahl eller John Mayer (mennene i mitt liv). Så hadde eg servert varm sjokolade med chili, eller kanskje Butterbeer, slik som dei har i Harry Potter. Og du kunne komt å slått av en prat, og smakt dei nyaste og ferskaste bakeverka mine. Då hadde eg nok vore lykkeleg.

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

måndag, november 22, 2010

Eg har eit på og av forhold...

For omtrent ein eller to gonar i året gjeng eg på same smellen. Det er som om eg gløymer for kvar gong kor forelska eg vert. Det er noko med det raude håret og den litt nerdete looken hans. Eg snakkar sjølvsagt om Ron i Harry Potter. Dokke som kjenner meg godt, veit at eg elskar Harry Potter. Bøkene og filmane. Om eg kunne, hadde eg lett tatt eit år på Hogwarts School of Witchcraft and Wizardry og trylla litt. Og sjølvsagt blitt kjærast med Ron. Sukk. Den sjuande og siste boka leste eg på nokre dagar, fordi den var så spennande og fantastisk og eg greidde ikkje å legge den frå meg. På laurdag var eg og Birte på kino for å sjå fyrste del av sjuande filmen. Eg kan oppsummere den slik: takk og pris for at dei delte boka opp i to filmar, for viss ikkje hadde altfor mykje blitt kutta ut, Ron har blitt breiskuldra og voksen, der var fleire klinescener (uff, det var både LOL og flaut, folka i kinosalen tok til å plystre!) og eg vart like fengsla av film nr 7 som eg blei då eg las den fyrste boka for mange år sidan.
Eg trur eg snakkar ekte kjærleik.

Photobucket
Photobucket

søndag, november 21, 2010

Well this tired mind just wants to be lead home.



I dag er den første dagen eg har greidd å slappe av på, på veldig lenge. Eg veit ikkje om det er fordi det er søndag, for eg har jo søndagar på kvardagar, og alle dagar er like. Eg sit i joggebuksa og har Sex and the City maraton for meg sjølv. Eg slepp å tenke når eg kan sjå på tv og strikke, og det er så deilig for meg! Inn i mellom tek eg pause for å høyre litt på denne songen over (den leita eg nemlig lenge etter før eg fann ut kva den heiter) og for å ligge litt på sofaen.
Seinare i kveld skal eg og Sigrid ha kvalitetstid på garasjeloftet hennar. Der har ho innreidd med møblar, små lampar, tepper, bord og malesakene sine. Eg skal lage fine teikningar med akvarellmaling, om eg får det til. Det er så godt å få bruke henda på noko, når ein ikkje orkar å gjere så mykje generelt!

Photobucket
Photobucket
Photobucket

fredag, november 19, 2010

Frost.

I dag er det fleire minusgrader, og det knitrar under føttene når eg går. Det er heilt kvitt på bakken og lufta er klar og blå. Eg har på meg fleire lag med ull, og eg har tatt ullsåler i skona mine. Det er ganske nøyaktig 32 dagar til jul i dag. Eg tenker at det er heilt greit, for eg er straks ferdig med dei heimeproduserte julegåvene mine. Som tidlegare nemnt, vert det mykje heimestrikka i år. Dette presiserte eg også for min bror, Christian.
Eg sa: "i år blir det heimestrikka julegåver frå meg!".
Han: "javel? Er det harde tider for deg no altso?"
Eg: "Ja, økonomien min skrantar...Men kva du ønskar deg da? Noko eg kan strikke?"
Han: "Nei."

....

Hørt på makan? Så har du tips til noko eg kan lage til gutar, så let me know. Eg spurte mamma om det same, og ho foreslo eg kunne kjøpe ei boks med tennbrikettar....................
Seier ikkje meir om den saken.

Seinare i dag skal eg på kafé i lag med Sigrid. Vi treng litt kvalitetstid.
Eg skal verte flinkare til å finne på slike små ting som kan gjere ein ellers svart kvardag litt lysare. Tips?
I mens høyrer eg fin musikk og drøymer meg vekk til ein annan by, eit anna land, ein annan kvardag. Snart kjem det forresten ei ny, fin speleliste med julemusikk. Og kanskje ønskeliste.
Mens du ventar kan du høyre på denne songen.

Photobucket
Photobucket

måndag, november 15, 2010

Mamma.

Photobucket

Ho er den sterkaste eg veit. Ho er den som held meg oppe når eg ikkje klarar det sjølv. Når eg ikkje finn styrken eg treng for å kome meg gjennom dagen, gir ho meg litt av sin eigen styrke. Når eg ikkje har tru nok til å kome meg opp igjen, trur ho for meg. Når eg ikkje ser framtida, ser ho den for meg. Når eg berre vil gråte, gret ho i lag med meg. Vi delar noko sterkt og spesielt i hjerta våra. Og i hennar hjerte er det plass til alle. Omsorgen hennar er så stor og varm, og ligg rundt meg som eit varmt teppe. Ho beskyttar meg, styrkar meg, lyftar meg opp og gjer meg trygg. Trygg på meg sjølv, og trygg på livet.
Eg veit ærleg talt ikkje kvar eg hadde vår i dag, om ikkje det var for mamma. Tusen takk.

♥ Gratulerer med dagen! ♥

søndag, november 07, 2010

It's heartbreak warfare.

Photobucket

Berre nokre få, små øyeblikk, som stikk som små nåler på innsida.
Når du plutselig og voldsomt saknar han sånn at du vil dale bakover med augene lukka, legge deg under dyna og høyre på klassiske symfoniar i moll og berre huske på dei fine tinga, lengte etter det som ein gong var.
Den følelsen du får når du sit åleine i bilen og flirar litt for deg sjølv, for du huskar kor morsomt det var då. No er du berre åleine, og dei rundt deg forstår ikkje kvifor du smilar for deg sjølv.
Den gongen det ikkje var nødvendig å snakke, for begge forsto uansett.

Og klokka er alt for mykje, og du skal tidleg opp. Du har sommar og sakn og tvil og høg musikk og tankar og kjærleik og badehår og kyss og jordbær og fnising og draumar i hovudet.

Du treng å bli fri, ikkje føle noko for han lenger. Men han gjer det så vanskelig. Han gir deg små, små håp, som veks seg store og betydelige inn i deg.

How come the only way to see how high you get me, is to see how far i fall?


Photobucket
Photobucket

fredag, november 05, 2010

Fri!

Det føles i allefall slik ut.
Etter å hatt briller i 10 år, har eg for fyrste gong prøvd linser. Og eg likar det!
Photobucket
Photobucket
Photobucket

torsdag, november 04, 2010

tysdag, november 02, 2010

Eg har tre skattar.

Den fyrste heiter Eliah, og er 4 og eit halvt år. Han var mitt fyrste tantebarn, og vil derfor alltid vere spesiell for meg. Men han er også veldig spesiell for meg av andre grunnar også. Han kom ut so liten og skjør, berre nokre dagar etter at Sagavollåret var ferdig. I dag er han verken liten eller like skjør, men ei god blanding av prinsesser og spiderman. Han er den som seier "for ein fin gensar du hadde på deg, tante!" og spør fint om eg kan ta på neglelakk til han. Min eldste, finaste, morsommaste og snildaste skatt.
Photobucket

Den andre heiter Celina, og er prinsessa mi. Eg tippar ho er den jenta med mest rosa og hello kitty, berre fordi eg endelig kan kjøpe det til henne, uten å få tilsnakk av mora (slik eg får av Sigrid når det gjeld Eliah, hihi). Ho har dei største, brunaste augene, og det søtaste smilet som får meg til å smelte kvar einaste gong. Eg kunne kosa med henne dag og natt, og eg har berre lyst til å halde henne fastfast heile tida, så ho slepp å oppleve alt det vonde i verda. Og so vinkar ho som ei ekte prinsesse også.
Photobucket

Den siste heiter Fillip André, og er berre seks månar. Det første Sigrid sa når han endelig kom ut var at han lignar på mi farmor. Og det gjer han også, på ein rar og fin måte. Om han hadde fått det til, hadde han nok sprunge rundt allereide, fulgt etter storebror Eliah og sett nøye på kvar einaste ting. For han er nysgjerrig på livet og har dei ivrigaste augene. Og so har han den største, men søtaste, sutrelippa eg har sett.
Photobucket

Sjølvom dei er fine på kvar sine måtar, betyr alle tre enormt mykje for meg. Dei vil alltid ha ein stor plass i hjertet mitt uansett kva som skulle skje. Eg gler meg til å sjå kor dei veks opp, men aller helst vil eg fryse tida og behalde dei akkurat slik dei er.