Det måtte ha vore mottoet mitt dersom min draum gjekk i oppfyllelse. Eg har så lyst til å ha mykje pengar, eit ledig butikklokale og mange nye oppskriftsbøker! Hadde eg hatt det, hadde eg starta ein liten søt kafé der eg selte gode kaker og cupcakes. Den vesle kaféen skulle hatt mange ulike kaffiservice, nokre rosa og nokre blomstra, og alle kakene skulle stått på fine kakefat med glaskuppel over. Der kunne du komt å kjøpt deg ein fin muffins, eit saftig kakestykke, ein stor kopp kaffi eller kanskje ei krus med lakristé. Åleine eller i lag med ein venn, eller kanskje til og med på date. Då skulle du fått eit kakestykke på eit fat med to gafflar. Dersom du kom åleine, kunne du plukka deg ei bok i bokhylla som du kunne bla i. Eg skulle baka og baka, og komt med nye oppskrifter på nydelige kaker, og eg hadde delt ut smaksprøver til den som ville. Alle muffinsane skulle fått nye, norske og fine navn, som til dømes fløyelsmuffins. Eg hadde spelt Thomas Dybdahl eller John Mayer (mennene i mitt liv). Så hadde eg servert varm sjokolade med chili, eller kanskje Butterbeer, slik som dei har i Harry Potter. Og du kunne komt å slått av en prat, og smakt dei nyaste og ferskaste bakeverka mine. Då hadde eg nok vore lykkeleg.
8 kommentarer:
Da hadde jeg vært lykke li også! Mmmmmuffins <3
åååh det hadde vår fantastisk! Ej hadde blitt stamgjest. Do it! ;)
ja, her e jo tross alt ikkje kafé på hareid!! konna laga på bestilling mæ!
so viss du bære overføre litt penga til mej da, dagny, so gjer ej det lett! ;)
Ej kjøme! =)
Kan oss høyre litt på Thom Hell mæ?
okej da ;)
du er så flink og søt. jeg liker deg og alt du skriver ekstremt godt. <3 gleder meg til lille besøk når jeg er tilbake, da skal vi lage marengsmuffins! :D
Startar lett kronerulling for at dette skal kome igjennom ;)
ej gir 10 kr og byr ut kristina og oda! :)
men ein fantastisk ide! Tipp lotto. kanskje akkurat du skal vinne no på laurdag! kanskje akkurat du skal få oppfylle din draum. kanskje akkurat du kan vere lykkelig i din eigen muffinskafe <3
Da hadde jeg og vært veldig lykkelig! Den drømmen kan gå i oppfyllelse :) Kan selge hjemmestrikkede klær der og, du :)
♥
Legg inn en kommentar