laurdag, september 30, 2006

this is my story...

Tilgi meg klisjè-overskrifta. Klarde ikkje dy meg. Dei som kjenner meg, veit at det eg likar best å snakke om, er kjærleiken. Kjærleiken er vakker. I går skreiv eg noko i tankeboka mi, som eg kalla for "kjærleikens historie". Vil ikkje gjengi heile historia til offentlegheita, men den var svært inspirert av ein avskjed mellom eit nyforelska par på sentralstasjonen i oslo i går kveld. Det var eit vakkertvakkert augenblink. Eg vil og ha ei slik historie, eit slikt augenblink som er så rørande og fin at eg får gåsehud av å tenke på det. Eg skal gladeleg innrømme at eg er ein tenkande person. Eg tenker mykje, ofte på små ting som blir store i haudet mitt. Eg er og ein person som ser gleda i små ting. Eit smil er ofte meir enn nok til å varme hjertet mitt.



Alle bør høyre Something Special av Big Bang.

You got me running,
running late at night
trying to find you..
And I started thinking,
thinking all the time
what could I do..

I had something for you.
Was there something for me..?




Eg håpar historia mi ein dag kan få "the end".
(And they lived happily ever after.)

torsdag, september 28, 2006

omg2k6

Ja. Om du ser etter i venstre marg, har du eit rimeleg bra døme på at mine tekniske og databaserte kunnskapar ikkje er slik dei ein gong var. Eg trudde eg hadde ei viss peiling etter å ha brukt pc i 2 år på vidaregåande, der vi nerda oss på sal og service. Karakteren i IT flirar hånleg mot meg, og eg må ærleg innrømme at html og slike ting ikkje lenger er mi sterke side. Under kategorien "previous posts" (!), har eg linka til mine kjære med-bloggarar i det vide og det breie. Linkar 2k6. So slå deg laus. Men eg garanterer ikkje at du finn ei ny side kvar gong. (Hehe.)

onsdag, september 27, 2006

All's not lost.

Jaja, slik går no dagane. Sann litt opp og ned. I går til dømes, var det ein litt nede-dag. Eg sov forbi 2 forelesningar, og deltok på halve siste. Det var rett og slett ikkje min dag, eg var litt ute av meg trur eg. Klarte ikkje å følge med, og det kjentes ut som om eg hadde gått glipp av ei veke i livet, for alt var så rart. Eg måtte til å skrive ned tankane mine i timen, for å få rydda litt opp. Eg trengte å vete at ingenting var forandra.

All's not lost.

I dag har det vore ein god dag. :)
Eg er glad. For alt er slik det skal ver.
Det skal ikkje alltid vere kjekt å gå på skule. Det skal ikkje alltid vere like lett å bo i hovudstaden. Det er godt å vete at eg alltid har ein god og trygg heim på Hareid, og dit kan eg få fare kva tid som helst. Det er viktig å ta seg pauser no og då.

For tida går mykje av min faglige kunnskap til arbeidet med oppgåva i religionsvitenskap. Eg greier ut i det vide og det breie om gudane si rolle i hinduismen, og om dei ulike gudane. Visste du for eksempel at Shiva er halvt kvinne og halvt mann? Eller at den vanligaste manifestasjonen er eit fallussymbol? (Hehe, Jorunn! Den takka ej UVS og Magnus for...) :)


Guden Shiva er ein artig skrue!























No er det berre 2 dagar igjen til Hareidlandet skal inntakast. Eg frydar meg!

måndag, september 25, 2006

Terrorangrep på fergene på Hareid!!








I dag vakna eg til ei melding frå Kaja Christine i Bergen, at ho hadde høyrt om Hareid på nyhenda. Eg forstod NULL, og jatta med. Når eg kom på MF var det fleire som kommenterte at dei hadde sett Hareid på nyhenda, og du kan sjølv tenke deg at eg, Hareids ambassadør i Oslo, blei mildt sagt overraska over dette fokuset som brått hadde havna på bygda mi. I forferdelse gjekk eg inn på vg.no, og kva møtte meg der? Jo; Melshorn-ferga på Hareid-Sulesund sambandet, hadde køyrt rett inni moloen på høgre side mot indre-hareid. WHAT?! gjekk gjennom haudet mitt, og eg var svært forvirra. Korleis kan kapteinen bomme på den store åpninga mellom moloane? Er det snakk om terrorisme på øya? Ferga stod i allfall bom fast inni moloen, sjølv ikkje ein stor båt kunne drage ho ut. I nesten 24 timar stod ferga fast i moloen, som hadde rast sammen som Sodomas fall og skubba brygga innover mot land. For ein tilstand. No er det berre stakkars Vardehorn som seglar over fjorden, og det er klart at det skapar komplikasjonar for innbyggarane på Hareidlandet. Heldigvis berre 5 dagar til eg skal heim ein tur.

søndag, september 24, 2006

Heile verda er ein musikal!

I natt har eg overnatta med Karianne Aarmo i Gina Krogs vei 16. Der syns eg det er svært kos å tilbringe tid, det er alltid inkludert MacBook, latter, Frustøl og alt ho er, tomt kjøleskap, dusj med oppriven handduk og anna generell kos. Denne gongen var ikkje noko unntak. Karianne fekk krampe i leggen i natt, eg sov kjempegodt, vi hørte på still my body aches og Frustøl hosta. Livet er i slike stunder morsomt. :)
Vi var i storsalen, og det var som vanleg ein bra stad å vere. Lovsong, kos, og dansing bakerst. :) Etterpå spiste vi kebab. Alt var som det tilseier ein heilt vanleg søndag i oslo! Då vi gjekk frå Vegard, leika vi som om livet var ein musikal, og vi gjekk midt i gata å song høgt. Då vi gjekk gjennom slottsparken var det ein grease-medley som stod på programmet. Når vi sat på bussen song vi kjempehøgt, det var kun vi (Bråten + Karianne) og ein passasjer til, og brått tok bussjåføren å song i mikrofonen! Det var søren meg toppen på kransekaka, for å seie det mildt! Vi lo og lo, og heldt fram med synginga. Av og til er det godt å tenke at livet er ein musikal, med både dur og moll. Av og til har eg berre lyst til å leve i ein Mew-song. Let me in through the sealing, white lips kissed.

MacBook i et hjerte







fredag, september 22, 2006

utdrag

 eit lite utdrag frå ein msn-samtale med Maria (ho eg bor med):


Mary Mandoline says:
va sager du?
Anna Josefin Oline! says:
41
Mary Mandoline says:
jag har en son, han är 21...
Mary Mandoline says:
voldtekt?
Anna Josefin Oline! says:
neeej, det får du inta göra!!

torsdag, september 21, 2006

Anna and the city


Slottet i haustsola



Eg er nesten usynlig i storbyen



Skona mine om hausten



Haust i slottsparken



Urbane Ingunn



Trøtte-Anna har fått sjokomelk.



 
Ja. I dag er det torsdag i oslo, og eg har vore kjempetrøtt. Eg sa til Ingunn i dag tidleg: Kvifor er du so våken? Og seinare på dagen uttalte ho "Je har aldri sett deg så trøtt før tror jeg". Og det seier vel litt. Ein mann delte ut sjokolademelk på majorstua stasjon, og det gjorde virkeleg susen! Eg kom heim, og rakk å sove i 40 minutt før eg drog inn til byen igjen. Haust i oslo, og når eg gjekk gjennom slottsparken, dalte blad frå trena og ned på bakken. Ein gammal mann med hatt sat på plenen, og gardistane marsjerte rundt. Var på Haustutstillinga på Kunstnernes Hus saman med Maria og Vegard. Mykje rar og noko fin kunst. Møtte kunstar-karianne i byen, og i skrivande stund sitt ho og Maria og malar på golvet i bråten. Når eg gjekk ned gatene på karl johan, lukta det skikkelig storby, og eg kjende at det ikkje 
hadde vore feil å vår på Hareid no. Savnar folka mine heime, og gler meg til eg tek turen dit! Men oslo er svært bra altso.

tysdag, september 19, 2006

Kjærleik

I dag har det vore ein ikkje-dag, på ein måte. På skulen og slikt. Men eigentleg hadde eg ingen ting å vere irriterte over, berre små ting som sikkert berre eg tenkte på. But still... MF er som alltid ein god plass å opphalde seg. Iallfall når vi har ROTA, som stadig får krampe i den ujevne botnen sin, som er håplaus forelska i Draugen (vi ror på svart hav), oppgitt over mannen frå lillehammer og skjønar NULL av dama som kan alt. Og iallfall når du vert glad over sidemannen som brått har satt seg ned ved sida di. Det er slike små ting som fyller livet mitt med lykke skjønar du!

Eg og Rota!!



Lættis på MF






Og apropos lykke...i dag møtte eg THOMAS! Som i Dybdahl, the man! Han hadde signering og mini-konsert på platekompaniet, eg og Karianne var der sjølsagt. Hadde med meg triologien min og det nye albumet, og han skreiv "Hei Anna" og eg blei kjempeglad! Han er ein GOD mann. Alle bør kjøpe Science. :) Stod lenge i kø, og blei kjent med Ørjan frå MF, det var koseleg! Kristine, veninna til Kæri var der også, ho er ei bra jente. :) Kan med andre ord sei at dagen tok seg kraftig opp, og eg skulle nesten ønske Rota var med meg og Thomas...


Thomas i et hjerte!

søndag, september 17, 2006

oh oh, we're going to Notodden!

På fredag var eg i notodden for å besøke Michael. Eg har jo aldri vore i Notodden før, eller, har jo sjølvsagt køyrt gjennom, føler at det er det dei fleste gjer når dei er i dei traktene. Men no skulle eg altså henge i notodden, med mest lokale gangstara og litt folk frå sagavoll. Dette skulle vise seg å vere ein interessant kveld. Lokalt band på Storgata 38 spelte we're not gonna take it, Hanne var crazy på catwalken, eg og Karianne kjøpte wienerpølse i brød, Michael uttalte "ej elska hareid" og det var tross alt veldig koslig i notodden. :) Du skal ikkje sjå vekk i frå at eg kjem tilbake!



Anna og Karianne ute i Notodden!



Michael og eg :)



Bursdagsbarnet sjøl!

Fine øyeblikk :)

 
Her tenkte eg at eg skulle dele nokre øyeblikk frå Oslo!
Sein-sommaren/hausten har vore særs bra....:)
Mykje henging, besøk og slækking i hovudstaden.






Frantzen i selskapet mitt...




Ingunn og eg i slottsparken :)





Maria og eg ein regnversdag





PG på stranda =)





 Anders på bussen



laurdag, september 16, 2006

bilde



Gvarv i et hjerte!


Gaute stipp og Øyvind :)


Karianne og Øyvind på B5


Eivind og Øyvind


to stk eks-sagavollingar.


I går vendte eg og karianne tilbake til sagavoll for fyrste gong etter at vi slutta i mai. Snodig kjensle i det vi kjørte inn porten. Alt var annaleis der no, nye folk, nye gjengar, ny humor og nye øyeblikk som aldri blir glømt. Litt trist at F23-døra ikkje var like dekorert som eg hadde gjort den. Men det var kos å treffe øyvind igjen, og eg gler meg til neste visitt. :)