laurdag, september 30, 2006

this is my story...

Tilgi meg klisjè-overskrifta. Klarde ikkje dy meg. Dei som kjenner meg, veit at det eg likar best å snakke om, er kjærleiken. Kjærleiken er vakker. I går skreiv eg noko i tankeboka mi, som eg kalla for "kjærleikens historie". Vil ikkje gjengi heile historia til offentlegheita, men den var svært inspirert av ein avskjed mellom eit nyforelska par på sentralstasjonen i oslo i går kveld. Det var eit vakkertvakkert augenblink. Eg vil og ha ei slik historie, eit slikt augenblink som er så rørande og fin at eg får gåsehud av å tenke på det. Eg skal gladeleg innrømme at eg er ein tenkande person. Eg tenker mykje, ofte på små ting som blir store i haudet mitt. Eg er og ein person som ser gleda i små ting. Eit smil er ofte meir enn nok til å varme hjertet mitt.



Alle bør høyre Something Special av Big Bang.

You got me running,
running late at night
trying to find you..
And I started thinking,
thinking all the time
what could I do..

I had something for you.
Was there something for me..?




Eg håpar historia mi ein dag kan få "the end".
(And they lived happily ever after.)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Vakkertvakkert skreve AnnaJ.. :)

Nyt Hareid. Nyt live. "The end" kjeme plutseli.. :) (asso, som i "and they lived happily ever after.. :)

Ingunn sa...

Det får du.