tysdag, september 19, 2006

Kjærleik

I dag har det vore ein ikkje-dag, på ein måte. På skulen og slikt. Men eigentleg hadde eg ingen ting å vere irriterte over, berre små ting som sikkert berre eg tenkte på. But still... MF er som alltid ein god plass å opphalde seg. Iallfall når vi har ROTA, som stadig får krampe i den ujevne botnen sin, som er håplaus forelska i Draugen (vi ror på svart hav), oppgitt over mannen frå lillehammer og skjønar NULL av dama som kan alt. Og iallfall når du vert glad over sidemannen som brått har satt seg ned ved sida di. Det er slike små ting som fyller livet mitt med lykke skjønar du!

Eg og Rota!!



Lættis på MF






Og apropos lykke...i dag møtte eg THOMAS! Som i Dybdahl, the man! Han hadde signering og mini-konsert på platekompaniet, eg og Karianne var der sjølsagt. Hadde med meg triologien min og det nye albumet, og han skreiv "Hei Anna" og eg blei kjempeglad! Han er ein GOD mann. Alle bør kjøpe Science. :) Stod lenge i kø, og blei kjent med Ørjan frå MF, det var koseleg! Kristine, veninna til Kæri var der også, ho er ei bra jente. :) Kan med andre ord sei at dagen tok seg kraftig opp, og eg skulle nesten ønske Rota var med meg og Thomas...


Thomas i et hjerte!

2 kommentarer:

Ingunn sa...

anna, du er nå kvinna i mitt liv da.

Andrea sa...

Ska sei, for en dag!! :D

Kjekt!



(ej mæ vil ha mej ei koserot)