fredag, april 23, 2010

Når ein berre eksisterar, i staden for å leve




Då er det godt å fare på kino i lag med to søte jenter, kjøpe smågodt, popcorn og brus, og sjå på Alice in Wonderland. Og kjekke Johnny Depp som dansar til deg:

tysdag, april 20, 2010

All the small things

I dag har eg:
♥ henta Birte, og vi har vore på 40%-salg på Cubus! Kjøpte ei jakke, tights, bukse, pysjbukse, søt kjole og ny eos.
♥ spist lunsj på Hareid Kirkekontor i lag med prestar, organist, Birte og ei søt mor.
♥ spist fyrst fruktsalat med vaniljekesam, så skikkeleg salat med kylling litt seinare.
♥ hatt Kråkesølv på anlegget.
♥ laga håret mitt ekstra krøllete.
♥ fjerna årets fyrste flått frå Jackie.

Birte var som vanleg eit vakkert syn:
Nææt!! (Som i not, siste slang frå Hareid Ungdomsskule.)

Neida. Sjå berre kor fin ho er! :)


Bitchene mine (he-he):




No over til moteblogg-delen til Maria:






måndag, april 19, 2010

Kjærleik for eldre menn

Han er gammal.
Han er ein grinebitar.
Han er sarkastisk.
Han er sur.
Men!
Han er sjarmerande når du har vorte kjend med han.
Han er morsom.
Han er følsom.
Han er forelska i feil dame.
Han er ein råtass.

Eg og Dr. Gregory House har innleda eit forhold,
og vi har ca 100 episodar til i lag. <3
Ein av grunnane til at eg er forelska, er at han får meg til å flire høgt med utsagn som dete:

Wilson: Hvordan kom du deg hit??
House: Med osmose.


(Google it, dersom du ikkje er anatominerd.)

(Han er jo kjekk for å vere gammal??? Seriøst? Jo.)

torsdag, april 08, 2010

With friends like these, who need enemies?




På ein heilt vanleg torsdag:
♥ høyrer eg musikk som smilar
♥ teller eg vekene fram til sommarferie
♥ skin vårsola ute
♥ er eg skuleflink og lagar orden i sakene
♥ er det snart helg

gif maker

måndag, april 05, 2010

Vår!

Når sola skin og ein har soft-is med jordbærstrø og det er 2. påskedag og Karoline kjem og lyser opp og pizzaen står i ovnen og ein har kinobillettar til kvelden, då kan ein gjerne danse på ei strand på Flø.

gif maker


gif maker





laurdag, april 03, 2010

Time is on our side

Omtrent slik kjennes det ut når gutane i Kråkesølv syng til meg. Då tenker eg på at kveldane vert seinare og lysare, med gode venar og nye minner. (Bortsett frå Kråkesølv, har eg blitt pittelitt forelska i Aleksander With. Hihi.)

No syng Esther (ja, ho i The Orphan) til meg, og eg tenker at eg gler meg til:
♥ at lisjebabyen til Sigrid kjem ut
♥ at all snøven forsvinn
♥ forlovar-planlegging i lag med Karianne
♥ at dei fire eksamenane er overstått
♥ sommarferie
♥ bryllup i august

Hadet!




Celina har blitt stor jente, heile 10 månar. Ho har gått tre steg, og ho seier hei og hade mens ho vinkar. <3

fredag, april 02, 2010

Langfredag

I dag har eg fyllt dagen med lesing (den ultramegaüberspennande boka "det tapte symbol". Shit man!), spasertur med Jackie, Sigrid, Eliah (på sykkel) og mamma, som inkluderte årets fyrste soft-is. Eg har også tatt ut vinterforet i jakka mi, så no er ho klar for våren. Det har eg også vore, med nye seilarsko på. No skal eg spise snop og sjå film med Sigrid.

Ellers gler eg meg til sommar og fri. Den skal sjå slik ut:


Hei Maria! Her kjem motebloggen:
Nye solbriller

Ny rosa pute i senga mi:


Ein finfin lysestake med luktelys som luktar "clean cotton":

Denne gensaren kosta berre 49 kr!! :O

Ei beige "ridebukse" og eit fint stripa skjørt

<3 Seilarsko!!!! <3


XOXO, Jackie