onsdag, november 30, 2011

Den siste dagen i november

Hallo folkens! Eg har vore ekstremt laber på bloggfronten i det siste. Eigentleg har eg vore laber på alle frontar. For øyeblikket er eg sjuk og svak, influensa har slått til no på tampen av november. Ikkje bra. Så det har med andre ord ikkje skjedd banebrytande ting i livet mitt den siste tida, men eg kan jo nemne litt ymse som har skjedd. Det største er at mitt yngste tantebarn og finaste Mia har hatt barnedåp! Det gjekk føre seg i helga, og sjølv om eg var litt småredusert var det en veldig festlig dag. Mamma fekk vere gudmor, Eliah hadde "hanekam" og Vans til dressen sin, Celina var prinsesse (som seg hør og bør på ein slik dag), Sigrid var høggravid (som vanleg. Neida. Høhø), og eg hadde raud lebestift på. I anledning dåpen fekk eg nokre bestillingar på bakst (som seg iallefall hør og bør sidan eg skal starte bakeri!), og eg kosa meg med å lage cupcakes som bordkort, rosa og lilla makronar, rosa og kvite pikekyss, og vaniljecupcakes fylte med rørt jordbær og med ostekremfrosting! Og når eg då har reklamert meg sjølv sopass, er det på sin plass å sei at eg gjerne tek på meg andre bestillingar, eg bakar nesten alt mulig. Spread the word. :)
Nok om det. Ellers ser eg veldig fram til å få eit kort, men godt, besøk av min eks-sambuar Ingunn i helga! Ho er ute på turné med superkoret SKRUK, og dei held konsert i Hareid Kirke på laurdag. Kom! Andre ting eg kan nemne som har gått føre seg er: eg har pakka inn to julegåver, Berit har vore på besøk, eg har snart lest ut boka "Tempelhøydens hemmelighet" som var skuffande lite interessant, OG eg har smakt den nye lyse gløggen, og kan konkludere med at den var kjempegod og mykje bedre enn den originale. Takk for meg.

Sidan det er siste dagen i den ellevte månaden, kan eg jo berre forberede dokke på at eg (som i fjor osv.) har planar om adventsblogging her. Altså eit dagleg innlegg i desember. Dette er sjølvsagt mykje kjekkare for meg å gjere dersom dokke er litt flinkare å kommentere! Eg har jo ein viss statistikk her inne, og det er skuffande få av mine lesarar som legg igjen nokre ord. So no er det på tide å gi meg litt motivasjon. :)
Hadet!

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

torsdag, november 17, 2011

Påfyll på ein torsdag

Dersom du som meg kjenner deg litt matt og tom, er det på tide med litt påfyll. Litt motivasjon og fine ting som kan få fram smilet ditt igjen. Så difor har eg laga eit innlegg fylt med alt som kan varme opp eit vinterhjerte. For eksempel kan du sette på den kjekke spelelista mi, og du heiste meg til skyene, og enda lenger opp, skru på fyrste songen på høgt volum og drite litt i resten av verda. Håper verdens finaste Ryan Gosling, små youtube-skattar og slike små ting du må huske å glede deg over, kan gjere deg litt varm og kriblete i magen.

Photobucket

Photobucket

Photobucket







Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

PS! Det fyrste du kan gjere, er å pimpe opp skrivebordet ditt litt. Her kan du sjå korleis du gjer det. Eg smilar litt i allefall, når eg ser mitt:

Photobucket