onsdag, november 30, 2011

Den siste dagen i november

Hallo folkens! Eg har vore ekstremt laber på bloggfronten i det siste. Eigentleg har eg vore laber på alle frontar. For øyeblikket er eg sjuk og svak, influensa har slått til no på tampen av november. Ikkje bra. Så det har med andre ord ikkje skjedd banebrytande ting i livet mitt den siste tida, men eg kan jo nemne litt ymse som har skjedd. Det største er at mitt yngste tantebarn og finaste Mia har hatt barnedåp! Det gjekk føre seg i helga, og sjølv om eg var litt småredusert var det en veldig festlig dag. Mamma fekk vere gudmor, Eliah hadde "hanekam" og Vans til dressen sin, Celina var prinsesse (som seg hør og bør på ein slik dag), Sigrid var høggravid (som vanleg. Neida. Høhø), og eg hadde raud lebestift på. I anledning dåpen fekk eg nokre bestillingar på bakst (som seg iallefall hør og bør sidan eg skal starte bakeri!), og eg kosa meg med å lage cupcakes som bordkort, rosa og lilla makronar, rosa og kvite pikekyss, og vaniljecupcakes fylte med rørt jordbær og med ostekremfrosting! Og når eg då har reklamert meg sjølv sopass, er det på sin plass å sei at eg gjerne tek på meg andre bestillingar, eg bakar nesten alt mulig. Spread the word. :)
Nok om det. Ellers ser eg veldig fram til å få eit kort, men godt, besøk av min eks-sambuar Ingunn i helga! Ho er ute på turné med superkoret SKRUK, og dei held konsert i Hareid Kirke på laurdag. Kom! Andre ting eg kan nemne som har gått føre seg er: eg har pakka inn to julegåver, Berit har vore på besøk, eg har snart lest ut boka "Tempelhøydens hemmelighet" som var skuffande lite interessant, OG eg har smakt den nye lyse gløggen, og kan konkludere med at den var kjempegod og mykje bedre enn den originale. Takk for meg.

Sidan det er siste dagen i den ellevte månaden, kan eg jo berre forberede dokke på at eg (som i fjor osv.) har planar om adventsblogging her. Altså eit dagleg innlegg i desember. Dette er sjølvsagt mykje kjekkare for meg å gjere dersom dokke er litt flinkare å kommentere! Eg har jo ein viss statistikk her inne, og det er skuffande få av mine lesarar som legg igjen nokre ord. So no er det på tide å gi meg litt motivasjon. :)
Hadet!

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

10 kommentarer:

Henriette sa...

ååh,fekk lyst å bestille alt!! :D gler mej til adventsblogging! du e go du anna :)

ps.for en sjarmør me hanekam :D

Børtypop! sa...

JESS!! Adventsblogging!! :D

Lovise sa...

hoho, veit ken ej skal bestille med :-) flinke du e Anna!

MAmma sa...

Alt som var baka til dåpen va kjempegodt.Veldig godt!!!
Kjempekjekk dag var det og.

Anonym sa...

Ej må berre sei at alt du laga til dåpen va NYDELIG!! Spesielt makronane forsvann på rekordtid på vårt bord, nåke ej må ta på mej store dela av skylda for.. ;) du e flinke! Gler mej til å handle på bakeriet ditt! :)
Stor klem frå Hege-Anett

Siri Anette sa...

du lager så mye fint! :)

Karoline sa...

likte kjolen din anna! :)
kan ej bestille mandelmakrona med sjokoladefyll til jul?? om det går ann å lage? :) hihi

At du skal blogge kvar dag av mi resterande leseperiode på 6 daga blir bra!

love u <3

Anna Josefin sa...

Tusen på tusen takk for fine ord damer :) Motivasjonen steig et par hakk!

Karoline: sjølsagt kan ej lage makrona til dej! Vil du ha sann sjokofyll du he smakt før me mej (crunchy sjoko/peanøttfyll) eller bære rein sjokolade? :)

jorunn sa...

åååå... ditte va rein fristelse!! skolla gjerne vore i den barnedåpen ja! ej ønske mej anna-bakst i julegåve! du skollakje tatt å laga ei prisliste da?

Karoline sa...

Rein sjokolade!!! <3 nummmiiiinaaam!