måndag, desember 19, 2011

19. desember

God jul i frå oss i Gjerdevegen 12!

søndag, desember 18, 2011

18. desember

Den fjerde søndagen i advent. Og mørketid. Sola kjem ikkje opp om fjellet lenger, og det blir liksom aldri dagslys. Men det som er fint då, er stemninga frå alle julelysa. I alle vindu heng stjerner som lyser, og det er lys på alle små tre rundt om på tun. Eg får ein heilt spesiell følelse når eg ser adventsstjerna vert tent for fyrste gong. Og lysa på juletreet.

Photobucket

Eg har brukt denne fjerde søndagen på å sy ferdig dei siste julegåvene, spise karamellmuffins og tenne siste lyset, spist julemiddag på forskudd med den fødeklare, og pynta eit juletre i lag med to små gutar som både hengte julekuler i øyrer og på tre. Han minste tok dei under gensaren som puppar. Kva skal ein sei.

Photobucket

Photobucket

Som Justin Bieber syng (hehe); "lights in the street, spreading so much cheer."
Det er jammen godt ein har julelys i ei mørk tid.



Photobucket

laurdag, desember 17, 2011

17. desember

♥ drikke vatn frå stettglas
♥ stå opp fem minutt tidlegare for å koke seg eit egg til frukost
♥ sjå snø som drysser frå kvite tre
♥ gå til frisøren tidleg om morgonen
♥ trailershow før filmen startar
♥ vinne 25 kr på flaxlodd
♥ sjå ein hjort på ei kvit mark om natta
♥ Buzz Aldrin på NRK nett-tv ein tirsdags morgen
♥ når det er så kaldt at det knitrar under skoa
♥ late som ein ser heile orions belte på himmelen, og ikkje berre beltet
♥ å felle av eit strikketøy
♥ følelsen du får når du ser eit nyfødt barn for aller fyrste gong

Du kan ikkje nekte på at verda framleis kan vise litt magi. Smil litt, gi ein klem til den du sitt med akkurat no, gå ut å sjå om det er stjerner på himmelen, skru av TVen og tenn eit lys. Ein må aldri gløyme å leve, uansett.

Photobucket

fredag, desember 16, 2011

16. desember

Advarsel: dette innlegget har eg ikkje tenkt å illustrere med pastellfarga bilder av muffinsar berre for å gjer det.

Eg er ei rastlaus sjel. Eg er lei. I dag er eg lei av ein tom kvardag, og eg finn ikkje på noko som kan få meg til å gløyme meg litt helder. Og denne bloggen. Kva er egentlig vitsen? Eg har hatt den sidan 2006. Då var livet mitt heilt annaleis enn det er no. Eg har ikkje alltid like mykje energi, og eg gjer ikkje noko kvar dag som er verdt å blogge om. Og er det egentlig så interessant? Nei. Eg føler at eg viser meg fram heilt unødig, når det er same personen som legg igjen ein kommentar på kvar post. (Takk Birte :)) Eg veit ikkje kven som leser den, eg veit ikkje kven du er som les akkurat no, kanskje sit du berre å flirar og syns eg er patetisk og LOL. Det er noko med å ikkje heilt ha kontroll over kven som har tilgang til tankane dine, men på den andre sida kan det også vere veldig befriande. Og eg skriv ikkje dette for å få fleire til å kommentere, når sant skal seiast føler eg meg like dum kvar gong eg ønsker meg fleire kommentarar. For vil eg egentlig at så mange skal lese det eg skriv? Eg skriv dette innlegget for å vere ærlig, og ikkje berre legge ut ei oppskrift på karameller for å ha noke å blogge om. Av og til kjennes det ut som om det meste er meiningslaust i mitt liv. Så kva skal ein gjer?

Når det er sagt, så sjekka eg kva eg gjorde denne dagen for eit år sidan, og eg fann ut at eg hadde det omtrent heilt sameleis som i dag. Der skreiv eg at eg sette på denne songen, og det vart litt bedre. Så eg gjorde det i dag også. Joda, den var like effektiv eit år etter også. Eg dansar ikkje akkurat med henda i veret, men eg får litt meir stå-på-vilje. Og det er jo det ein treng for å kome seg igjennom ein dag. Så for eg helder sette på ein film for å få tida til å gå, og glede meg til i kveld når Karoline kjem på besøk. (Eg har ikkje sett ho sidan i sommar, og det er temmelig lenge utan bestevennen sin altso.)

Og her ein kveld eg var ute såg eg faktisk heilt plutseleg eit stjerneskudd på himmelen, og eg tenkte at denne verda fortsatt er litt magisk. Tross alt. :)

Photobucket

i want to wake up kicking and screaming
i want to live like i know what i'm leaving
i want to know that my heart's still beating
it's beating
i'm bleeding

torsdag, desember 15, 2011

15. desember

Beklager sein blogging, men denne dagen har gått i eit! Men bedre seint enn aldri..? :)
Dessuten starta dagen superkjipt, då eg ikkje fekk tak i billettar til Pearl Jam i spektrum. Eg sat klar før salget starta, men det var berre opptatt og kø på nettet, og når ej til slutt kom igjennom var det utsolgt. BUU!! Så skuffa har eg ikkje vore på lenge!!
Så eg har ikkje hatt så mykje blogginspo, for å ver ærleg har eg rett og slett vore litt lei heile bloggen i dag. Litt umotivert der altså. Men eg prøvar! Så her kjem ei aldri så lita liste.

Ting eg elskar heime:
av ting vil eg sei rommet mitt og dei fine blondegardinene mine, men heime generelt elskar eg at kvar morgen når eg vaknar ligg det ein hund som blir glad for å sjå meg på teppet.

Eg syns eg er finast når:
eg har håret opp, med fine augevipper og smilehol.

Eg grin når:
eg er trist, høyrer ein song som svir i hjertet, eller ser siste 20 minutta på Extreme Makeover home edition. Egentlig til det meste.

Ønsker at eg kunne gjere om igjen:
tatt fleire sjansar, hatt meir mot og ikkje våre like bekymra for små ting. Alt ordnar seg, uansett! Ikkje latt livet fått tatt styringa så mykje, men helder ta styring sjølv.

Photobucket

Favorittplass:
det finaste eg kan kome på no, var i Nice då eg spiste kokosis på et torg. Ellers kan eg kanskje sei alle plassar eg er i lag med Birte, for med ho har eg det alltid fint. Så har eg lyst å sitte på ei strand i California med saltvatn og vind i håret, sjå på solnedgongen å vere lykkelig.

Kan ikkje leve uten:
Jackie, eit strikketøy, mango-isté, ein god klem og musikk.

Er hemmelig forelska i:
Sheldon Cooper.

Drøymer om:
åpne kafé, reise til Svalbard og Kina, vere vektlaus i verdensrommet, oppleve verda, vinne i lotto, og veldig mykje egentlig.

Photobucket

Eg trives best:
med mjøl på gensaren og muffinsar i ovnen. Og når eg føler meg fin.

Saknar:
alle bestevennane mine i Oslo og Japan, når livet var litt meir bekymringslaust, sommaren og lyse netter.

Trur at eg hadde hatt det morsomt:
på båttur med Jarle Andhøy.

Flirar av:
folk som heilt utan forvarsel skrik ut "WOOOOHO" når nokon forteller kva dei gjer eller skal gjer, Modern Family, Friends, Jackie og Birte når ho fortel ei historie.

Photobucket

Når ingen andre ser:
dansar eg på ein bra dag, og gret på ein dårleg dag.

Ønsker om å:
å berre plutseleg ha masse pengar på konto, bestille ein flybillett til neste dag og reise langt vekk. Og å bli frisk.

Ord eg bruker ofte:
LOL.

Film eg kan utenat:
Titanic, Love Actually, The Holiday og Die Hard 4. I have my moments.

Elskar:
når det eg bakar blir heilt perfekt, når folk blir glad for noko eg har laga til dei, når Jackie spring superfort ute, når nokon smilar fint til meg, og fregner.

Photobucket

PS: Akkurat no er mi kjære syster Sigrid veldig lei og høggravid, så no må alle kommentere noko fint og oppmuntrande til henne. Eg er glad i deg, supersigg. :)

onsdag, desember 14, 2011

14. desember

Noko av dei koseligaste juleforberedingane eg veit, er å lage "knask". Eg har laga brente peanøtter, i går lagde eg karameller og neste trur eg skal vere oreokonfekt. Så her er det berre å vente i spenning! Karamellene blei VELDIG gode, nesten bedre enn kjøpte karameller! Så her skal du få oppskrifta. Lykke til :)

Karameller

♥ 50 g margarin
♥ 2,5 dl lys sirup
♥ 3 dl sukker
♥ ein kartong kremfløte (3 dl eller noko slikt)
♥ 1,5 ss vaniljesukker

♥ bruk ei ganske stor panne, og sett den på den største plata på ovnen, på middels varme (eg sette på 4).
♥ smelt smøret og bland i sirup og fløte, deretter resten. Rør til sukkeret har smelta og det er heilt flytande.
♥ når du ser det begynner å koke, kan du slutte å røre. Altså, ikkje rør.
♥ når det kokar, kan du skru ned temperaturen litt, men det skal fortsette å koke. La det stå i omtrent ein time. Du slepp å røre omtrent når det kokar, så du kan godt sjå litt på tv eller sjekke facebook eller ta på neglelakk mens det kokar. Det blir ikkje brent! Undervegs kan du ta "karamelltesten", som går ut på at du tar eit glas med kaldt vatn, og tar ei skjei med karamellmassa opp i, og sjekkar konsistensen. Når du kan lage ei kule, er det ferdig. Ver tolmodig. :)
♥ når massen har fått fin konsistens, heller du det ut over eit bakepapir i ei steikeplate. Så set du det ein kald plass, og omtrent etter ein halv time kan du skjere det opp i passe bitar. Mine karameller stivna etter litt over ein time, men eg lot dei stå over natta i bakepapir før eg gjorde noke meir med dei.
♥ når karamellene er stive, så tek du eit sylteglas eller ei matboks og har litt melis opp i. Så tek du karamellene i boksa og ristar litt, slik at alle karamellene får eit tynt melislag på dei. Då kan du lagre dei i ei boks utan at dei klistrar seg samen. :)

(No kan eg nemne at mine karameller kanskje blei litt vel mjuke, for etter at dei hadde ligge i boksa ein dag hadde dei klistra seg litt i hop. Så eg tok dei og rulla dei til pølser, og klipte dei opp akkurat som polkagrisar, og tok dei i ei boks med smørpapir i mellom.)

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

tysdag, desember 13, 2011

13. desember

No har eg sett litt i bloggarkivet mitt, på adventsblogginga mi dei tre siste åra. Det er rart å tenke på at for to år sida var eg på ein heilt annan plass i livet. Eg gjekk fyrste året på sjukepleia, sleit meg igjennom eksamenar og mykje lesing, og var på veg ein plass. Men kvar var eg eigentleg på veg? På veg til ei sikker framtid, ei utdanning og sjølvstendigheit? Og er det eigentleg så innmari viktig at du har ei sikker framtid å sjå fram til? For nokre er det nok det. Og eg ser den, så absolutt. Det er jo trygt og godt å vete at du er utdanna, du kan få jobb, du lev voksenlivet, og så vidare. Men for meg sa det stopp der. Betyr det at eg ikkje er voksen, at eg ikkje har ei framtid å sjå fram til? Er det ein ting eg har lært dei siste åra, er det at det er kun eg som kan styre livet mitt, lage mi eiga framtid. Om den framtida inneheld ein fast jobb, ei fast rutine for livet mitt vidare, det er ein annan sak. Ein må ta ein dag, ei veke, ein månad om gongen, og ikkje låse seg heilt fast i planen du har for korleis resten av livet ditt skal vere. Og det er jo det det vil sei å vere voksen, å ta eigne valg og stå på eigne bein. For vegen blir til mens du går, som det heiter. Det kan eg på handa på hjertet skrive under på. Dette var ikkje med i min plan i allefall. Men kanskje er det ei meining med det likevel. Kanskje er det nokon som prøvar å fortelle meg at eg måtte stoppe opp, ta det rolig, gå min egen vei, ta styringa og stake ut ein kurs for livet mitt slik eg vil det skal vere. Det er no livet er, og alle tinga du har sagt du vil gjere, kan du berre starte på med ein gong. Har du lyst å studere i London, send ein søknad da vel. Vil du ta ei pause frå skulen, så gjer det. Skulen står på samme plass neste år. Det eg prøver å sei, er at det som regel alltid vil vere muligheiter for at du kan gjer det du ønsker å gjer. Om det so startar med ein draum, ein plan. Det er berre ein flytur mellom deg og eiffeltårnet. Og ALT kan googlast.
Så smil litt meir, drøym litt meir, sei hei til ein kjekkas eller ein du syns er søt, ta deg ein biltur uten mål, høyr på musikk på badet og dans deg til kjøkkenet.
Mitt mål for 2012, er å starte å leve igjen.

webcam to gif


Photobucket

Photobucket

måndag, desember 12, 2011

12. desember

Takk gud for Radioresepsjonen på podcast, fint julepapir og silkeband, ei strikkekorg full av tråd, fyr på peisen, ein søvnig hund og ein bakarovn. I dag har eg laga brente peanøtter, og dei vart kjempegode! Her kjem oppskrifta (takk, Maria!):
(Eg kan nemne at eg fekk oppskrifta då eg var halvvegs i kokinga, så eg tok den litt på en slump.)

♥ ein pakke melis
♥ ein dl vatn
♥500 g peanøtter

Kok på middels varme slik at det ikkje svir seg, og rør heile tida.

♥ bland melis og vatn i ei panne og lag glasur. Bland i peanøtter, og kok heile greia til all væske har fordampa. Når vatnet er vekke, blir det eit kvitt lag på peanøttene, og det kan nesten sjå ut som eit slags mjøl. Slik såg det ut med meg:

Photobucket

♥ etterkvart vil dette kvite laget smelte (det tok litt tid med meg), og då blir det til brun karamelle! Når alt er smelta og brunt, kan du smøre det utover eit bakepapir til avkjøling. Smør det så tynt du greier, og det må du gjer fort fordi det stivnar lynraskt! Når det er kaldt so knekker du det opp til passeleg små bitar, og har det i ei fin krukke eller eit sylteglas.

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

søndag, desember 11, 2011

11. desember

Eg har hatt to kjipe dagar, så det har vore laber blogging frå meg. Men i dag måtte eg gjer noko, skifte aktivitet, kome i gong. Så i dag har Sigrid og gutane vore her og baka pepperkake og julemenn! Ein ganske travel dag når ein har lite energi, men to fine gutar som smilar gjer sitt for at ein held ut. :) Eg sjekka i arkivet, og fann ut at det er 364 dagar sidan vi gjorde det same i fjor, så timinga er det ingenting å sei på.

Photobucket

Photobucket

Photobucket

I år tenkte eg at eg ville lage eit litt anna pepperkakehus, så eg googla litt og fann ymse hus. Det meste var ganske avanserte greier, men eg fann til slutt eit hus frå Laban som eg printa ut og brukte. Eg kan vel trygt sei at eg er ekstremt dårleg til å klippe og skjere beint, så eg var temmelig spent då eg skulle lime saman huset. Som eg trudde, så blei det nokre glip her og der, men eg regna med det skulle gå greit. Sjølvom eg måtte lime taket på igjen etter ein time, så vart det jo etter forholda ganske så koselig. Så no satsar eg på at det held seg oppe til over jul!

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Tradisjonen tru hørte vi sjølvsagt på julemusikk på ein slik dag, og tradisjonen tru er det sjølvsagt juleplata til kor og symfoniorkester ved Høgskulen i Volda som gjeld. (Den vi spelte inn då eg studerte musikk der.) Og sidan dokke har lyst på meir synging på denne bloggen, legg eg ved songen som Ingunn og eg spelte inn på den plata.

laurdag, desember 10, 2011

10. desember

Måtte ta ein time-out i dag. Kjem sterkare tilbake i morgon.
Ha ein fin laurdagskveld, alle søte små!

Photobucket Pictures, Images and Photos

fredag, desember 09, 2011

9. desember

I dag er det heilt mørkt rundt meg, sjølvom det er heilt kvitt ute. Alle tankane flyt berre rundt i eit meiningslaust kaos. Det er som om hjertet er fylt med noko mørkt og trist, og eg klarer ikkje heilt å finne ein tanke eg kan gripe tak i for at det skal bli bedre. Kanskje blir det bedre i morgon.

anchored down and flagging wind, away from all of this


Photobucket

Photobucket

torsdag, desember 08, 2011

8. desember

Denne heilt vanlige torsdagen i desember har so longt vore ganske innhaldsrik. Radioresepsjonen på radio, på Skype med ein fin gut i Japan, stormfyrt i peisen, spist to mandarinar, åpna luke i flaxkalendaren, bestilt to kinobillettar og høyrt på Kaizers Orchestra. No skal eg fortsette mitt vesle juleverksted, og her skal du få nokren smakebitar. Hadet!

To KwangBin: 넌 너무 재밌어하고 똑똑.

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

PS! For litt sidan starta eg på eit lite prosjekt, å lage eit bilete som skal henge på stua mi. Det er ein bit tapet på eit lerret, og så har eg skrive ned alt eg har lyst til å gjer. PG har allereide lovt å bli med til Taj Mahal og Roma. :) Blei ferdig i går!

Photobucket

Photobucket

onsdag, desember 07, 2011

7. desember

Photobucket

I dag er stuebordet dekt med aviser, eg har lakk opp over henda og lerret på bordet. På eit anna bord har eg stoff, og i stolen strikkar eg litt inn i mellom. Eg har fyr i peisen og julemusikken ljomar i bakgrunnen. No nærmar jula seg med stormskritt! Eg er nesten ferdig med julegåvene no, det er berre litt sying og slikt som står igjen. Eg syns det er vel så koselig å lage julegåver, som det er å trave rundt på alle kjøpesentera i førjulstida. Heimelaga gåver varmar sikkert litt meir i hjertet også, og det skal ikkje alltid så mykje til. Så no har eg funne fram lure triks og fine idear til deg, som heilt sikkert kan gjere nokon glad, om ikkje andre enn deg sjølv. :) Ein kan finne veldig mykje hobbyrelaterte ting på Panduro, Bok&Media, Europris, Nille osv.

♥ du kan lage din eigen glitrande neglelakk! Ta ein blank neglelakk og ha i glitter i dei fargane du måtte ønske.
♥ lag ei lita bok med gåvekort, eller eit klippekort, som inneheld kafébesøk, kino, spaserturar, middag, massasje ++
♥ det går superfort å strikke ei hue f.eks, og tusen måtar å lage den morsom og fin!
♥ bruke gamle lysrestar og smelte dei om igjen i fine skåler eller koppar:

Photobucket

♥ finne gamle norgesglas, eller kjøpe fine glas eller små boksar, og bake karameller eller kjeks å ha i.
♥ pynte heilt vanlige sylteglas med blonder, trådar, maling osv. Det blir fine lysestakar!
♥ det fins også mange måtar å pynte opp vanlige kubbelys, det er berre å bruke fantasien. Lime på englebilder, knyte sløyfe på osv.

Photobucket

Photobucket

♥ ein kan klippe om gamle klær og lage nye, har ein til dømes ein ullgensar som ikkje blir brukt, kan den bli fine ullvottar! (Då må du sy litt.)
♥ lage om hermetikkboksar til fine boksar, ved å lime på fine motiv, blonder etc.
♥ finne nokre fine mønsterark å feste på begge sidene av ei fyrstikkøske. Knyt ein tråd rundt, og vips har du ei fin gåve i lag med lys eller noko lignande!
♥ kjøpe nokre fine serviettar som ein kan lime på lerret (bruk decoupage lim) og skrive noke på. Eit visdomsord, sitat, dikt eller kanskje ei oppskrift?

Det fins SÅ mange ting ein kan gjer, som krev lite og som blir veldig fint! Dersom du treng fleire tips, kan du prøve å google "DIY" (do it yourself) også. Lykke til! :)

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

tysdag, desember 06, 2011

6. desember

I dag skal eg gjere noko eg aldri har gjort før her på bloggen. Eg var nemlig på ein veldig fin og mektig konsert i kirka på laurdag, der det blei sagt at alle som har fått ei stemme kan også synge. At når du tør å synge veks trua på deg sjølv, og at det var gjort undersøkelsar der ein fann ut at dei som song hadde bedre psykisk helse. Så det ligg nok noke i det. Viss ein tenker over det, er det ofte lettare for oss å "drite oss ut" på andre måtar, enn det er å stå på ei scene å synge. Rart eigentleg.
No syng eg jo heile tida for meg sjølv, og no og då på ei scene, men eg har aldri lagt ut mine songar sjølv. Det har eg tenkt å utfordre meg sjølv til å gjere no. Så i går leika eg meg litt i Garageband, og spelte inn ein aldri så liten julesong, til ære for dokke som les adventsbloggen min.

måndag, desember 05, 2011

5. desember

Photobucket

Dette innlegget har eg tenkt å vie til Tore, Steinar og Bjarte, dei tre morsommaste menneska på jord. Kvar morgon gler eg meg til å sette på Radioresepsjonen på P3 kl 10. Det skal seiast at eg i starten ikkje var like stor fan, men no flirar eg ustoppelig av alle små kommentarar og vitsar. No har eg nettopp sett alle episodene av Radioresepsjonen på TV, dei kan du finne på NRK Nett-tv. I staden for å utdjupe meir, har eg samla nokre høgdepunkt til deg. Versego!











søndag, desember 04, 2011

4. desember

Ein liten stemningsrapport den andre søndagen i advent:

Photobucket

Photobucket

I dag snør det og himmelen er lilla no når det blir mørkt. Det er fyr på peisen og to tente lys. Ein hund som snorkar og sjokolade på bordet. Ingunn har reist vidare til neste konsert, og eg gler meg til neste gong eg ser ho. Eg har sett "Hjem til jul" og kjenner meg litt trist men likevel varm. Snart er det jul og då skal ein vere glad og ha det bra, men kva om ein ikkje kjenner seg glad eller ikkje har det bra? Det er lett å falle ned i mørket igjen når ein kanskje kjenner på forventningspresset, men det er også den fine, rolige tida der du berre kan ligge på sofaen å sjå julefilmar og spise julekaker. Eg prøvar å glede meg til alle som kjem heim til jul, og eg gler meg til dei siste dagane før jul med eit juletre som lyser og kjærleik som får deg til å smile. Jula er så mange ting.
Så då tenker eg at det er på sin plass å lage ei juleliste til dokke, fine. Kvar gong ein høyrer julemusikk, så bruker ein jo alltid å få den gode "gler meg til juleferie-følelsen". Så om du har ein kjip eksamen, lange arbeidsdagar, er sjuk, manglar julestemning eller berre gler deg sjukt til jul, så kan du sette på all i want for christmas is you! Ei finfin blanding, med det meste i frå SKRUK til Justin Bieber. Takk for meg.

PS! Verdens aller finaste Lena har bursdag i dag!!
GRATULERER MED DAGEN! ♥ Glad i deg.

Photobucket

laurdag, desember 03, 2011

3. desember

I dag er det laurdag, eg er framleis sjuk, dei kvite markene har fått grøne flekkar, det regnar og det er generelt laber stemning i Gjerdevegen 12. Men seint i går kveld, kom min kjære eks-sambuar og bestevenn Ingunn på besøk! Ho er med i SKRUK som er ute på ein aldri så liten juleturné her på Sunnmøre. Dei skal ha konsert i Hareid kirke i dag kl 17, eg anbefalar alle mine locals til å kome på den altso! SKRUK består av veldig dyktige songarar, og kvar konsert eg har høyrt, har vore ein opplevelse.
Sjekk ut juleplata Stille Natt! Eg satsar på at julestemninga stig enda nokre hakk etter konserten.

Photobucket

Ingunn er morsom, veldig snill, litt usaklig, flink og FIN. Vi budde i lag i Oslo og i Volda, og eg starta faktisk denne bloggen då vi budde i Oslo saman med Maria. Så om du går heilt til starten i arkivet kan hende du får deg ein god latter! Ingunn har den finaste songstemma eg veit, og ho har ein duo på gong med systra si, Astrid. Gå inn på deira Urørtside og bli fan du og. :)



Photobucket

Photobucket

I LOVE YOU. ♥