søndag, desember 18, 2011

18. desember

Den fjerde søndagen i advent. Og mørketid. Sola kjem ikkje opp om fjellet lenger, og det blir liksom aldri dagslys. Men det som er fint då, er stemninga frå alle julelysa. I alle vindu heng stjerner som lyser, og det er lys på alle små tre rundt om på tun. Eg får ein heilt spesiell følelse når eg ser adventsstjerna vert tent for fyrste gong. Og lysa på juletreet.

Photobucket

Eg har brukt denne fjerde søndagen på å sy ferdig dei siste julegåvene, spise karamellmuffins og tenne siste lyset, spist julemiddag på forskudd med den fødeklare, og pynta eit juletre i lag med to små gutar som både hengte julekuler i øyrer og på tre. Han minste tok dei under gensaren som puppar. Kva skal ein sei.

Photobucket

Photobucket

Som Justin Bieber syng (hehe); "lights in the street, spreading so much cheer."
Det er jammen godt ein har julelys i ei mørk tid.



Photobucket

4 kommentarer:

Ingzi sa...

En kort (og fornøyd) kommentar fra meg :D

Birte sa...

haha!! kjekt :D

Anna Josefin sa...

Du he nødt å sjå bilde av Fillip birte!!! Sverre tok kule ned i bodyen å sa til ne sigg "sjå no he oss fått oss ei jente!" :D so gikk han ront å tok på dei. Priceless ass.

Maria sa...

Haha, Fillip :D