onsdag, desember 07, 2011

7. desember

Photobucket

I dag er stuebordet dekt med aviser, eg har lakk opp over henda og lerret på bordet. På eit anna bord har eg stoff, og i stolen strikkar eg litt inn i mellom. Eg har fyr i peisen og julemusikken ljomar i bakgrunnen. No nærmar jula seg med stormskritt! Eg er nesten ferdig med julegåvene no, det er berre litt sying og slikt som står igjen. Eg syns det er vel så koselig å lage julegåver, som det er å trave rundt på alle kjøpesentera i førjulstida. Heimelaga gåver varmar sikkert litt meir i hjertet også, og det skal ikkje alltid så mykje til. Så no har eg funne fram lure triks og fine idear til deg, som heilt sikkert kan gjere nokon glad, om ikkje andre enn deg sjølv. :) Ein kan finne veldig mykje hobbyrelaterte ting på Panduro, Bok&Media, Europris, Nille osv.

♥ du kan lage din eigen glitrande neglelakk! Ta ein blank neglelakk og ha i glitter i dei fargane du måtte ønske.
♥ lag ei lita bok med gåvekort, eller eit klippekort, som inneheld kafébesøk, kino, spaserturar, middag, massasje ++
♥ det går superfort å strikke ei hue f.eks, og tusen måtar å lage den morsom og fin!
♥ bruke gamle lysrestar og smelte dei om igjen i fine skåler eller koppar:

Photobucket

♥ finne gamle norgesglas, eller kjøpe fine glas eller små boksar, og bake karameller eller kjeks å ha i.
♥ pynte heilt vanlige sylteglas med blonder, trådar, maling osv. Det blir fine lysestakar!
♥ det fins også mange måtar å pynte opp vanlige kubbelys, det er berre å bruke fantasien. Lime på englebilder, knyte sløyfe på osv.

Photobucket

Photobucket

♥ ein kan klippe om gamle klær og lage nye, har ein til dømes ein ullgensar som ikkje blir brukt, kan den bli fine ullvottar! (Då må du sy litt.)
♥ lage om hermetikkboksar til fine boksar, ved å lime på fine motiv, blonder etc.
♥ finne nokre fine mønsterark å feste på begge sidene av ei fyrstikkøske. Knyt ein tråd rundt, og vips har du ei fin gåve i lag med lys eller noko lignande!
♥ kjøpe nokre fine serviettar som ein kan lime på lerret (bruk decoupage lim) og skrive noke på. Eit visdomsord, sitat, dikt eller kanskje ei oppskrift?

Det fins SÅ mange ting ein kan gjer, som krev lite og som blir veldig fint! Dersom du treng fleire tips, kan du prøve å google "DIY" (do it yourself) også. Lykke til! :)

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

5 kommentarer:

Mary's boychild sa...

Åh, så mye fint! Likte ekstra godt koppelyset og lyspærevasene! Ønsker linker til bildene :D

Anna Josefin sa...

Enig! Bilda fann ej på weheartit når ej søkte på DIY. Du finne sikkert oppskrift dersom du googla f.eks cupcandle :)

Birte sa...

haha!! Stilige lyspære :D men luurt :)

Anna Josefin sa...

Ja :) det e ganske fint for dei som ikkje he so mykje penga å bruke på gåve :)

Karoline sa...

ååj! likte spesielt godt gamle glas med blonde på, og den blondelampen! smart ass!
juleverkstad når ej kjeme heim?? Ej e IKKJE ferdig med gåve for å sei det sånn :)
<3