I dag er det laurdag, eg er framleis sjuk, dei kvite markene har fått grøne flekkar, det regnar og det er generelt laber stemning i Gjerdevegen 12. Men seint i går kveld, kom min kjære eks-sambuar og bestevenn Ingunn på besøk! Ho er med i SKRUK som er ute på ein aldri så liten juleturné her på Sunnmøre. Dei skal ha konsert i Hareid kirke i dag kl 17, eg anbefalar alle mine locals til å kome på den altso! SKRUK består av veldig dyktige songarar, og kvar konsert eg har høyrt, har vore ein opplevelse.
Sjekk ut juleplata Stille Natt! Eg satsar på at julestemninga stig enda nokre hakk etter konserten.
Ingunn er morsom, veldig snill, litt usaklig, flink og FIN. Vi budde i lag i Oslo og i Volda, og eg starta faktisk denne bloggen då vi budde i Oslo saman med Maria. Så om du går heilt til starten i arkivet kan hende du får deg ein god latter! Ingunn har den finaste songstemma eg veit, og ho har ein duo på gong med systra si, Astrid. Gå inn på deira Urørtside og bli fan du og. :)
I LOVE YOU. ♥
4 kommentarer:
Ej som din local lesar, va på konserten å kan bekrefte ho Ingunn leverte varene! Skruk også for den del.
Ingunn og SKRUK leverte so absolutt varene i kveld ja :) Vakkert!
Haha, tegninga av Zoran! :D Jeg ler!
Love you too :) :) Dette var jo tidenes kontaktannonse for meg. Hvordan kan vi få dette innlegget viden kjent? :D Tusen takk du også, Birte, interessant at du hørte meg blant 50 andre. :P Neida. Sunnmøre er så bra, jeg blir glad. Anna-pizza står i ovnen og Jackie ser på Pirates of the Carribean. VELDIG fint å være her :)
Legg inn en kommentar