søndag, desember 04, 2011

4. desember

Ein liten stemningsrapport den andre søndagen i advent:

Photobucket

Photobucket

I dag snør det og himmelen er lilla no når det blir mørkt. Det er fyr på peisen og to tente lys. Ein hund som snorkar og sjokolade på bordet. Ingunn har reist vidare til neste konsert, og eg gler meg til neste gong eg ser ho. Eg har sett "Hjem til jul" og kjenner meg litt trist men likevel varm. Snart er det jul og då skal ein vere glad og ha det bra, men kva om ein ikkje kjenner seg glad eller ikkje har det bra? Det er lett å falle ned i mørket igjen når ein kanskje kjenner på forventningspresset, men det er også den fine, rolige tida der du berre kan ligge på sofaen å sjå julefilmar og spise julekaker. Eg prøvar å glede meg til alle som kjem heim til jul, og eg gler meg til dei siste dagane før jul med eit juletre som lyser og kjærleik som får deg til å smile. Jula er så mange ting.
Så då tenker eg at det er på sin plass å lage ei juleliste til dokke, fine. Kvar gong ein høyrer julemusikk, så bruker ein jo alltid å få den gode "gler meg til juleferie-følelsen". Så om du har ein kjip eksamen, lange arbeidsdagar, er sjuk, manglar julestemning eller berre gler deg sjukt til jul, så kan du sette på all i want for christmas is you! Ei finfin blanding, med det meste i frå SKRUK til Justin Bieber. Takk for meg.

PS! Verdens aller finaste Lena har bursdag i dag!!
GRATULERER MED DAGEN! ♥ Glad i deg.

Photobucket

5 kommentarer:

Birte sa...

Jess, juleliste! Ej fann ei crap ei på spotify, so rekna me di e 10 gonga bedre :)

Henriette sa...

Herli juleliste! :D trur ej e subscriber på nesten alle listene dine ej,Anna;) hihi

Ingunn sa...

Savner deg allerede, Anna! Det var utrolig koselig å se deg! Skal følge med på bloggen din hver eneste dag :) Gleder meg til å høre på lista di mens jeg skal klø meg i huet og prøve å stå på eksamen..
Titusen takk for meg, stor nattaklem sendes gjennom Berit til deg!

Karoline sa...

Takk for lista! på fredag høyrde ej på den julelista di frå i fjor. merka det e på tide med litt updates på den ja! :)

Anna Josefin sa...

Ja, ej også tenkte om ej berre skulle holde fram med lista frå i fjor, men no he det jo komt so monge superhits innen julemusikk! So då måtte ej lage ny ;) Bra dokke lika den.

Inga: Berit kom og Berit dro, men klemmen den kom fram. Titusen takk :D Og lykke til på eksamen!!!