onsdag, desember 14, 2011

14. desember

Noko av dei koseligaste juleforberedingane eg veit, er å lage "knask". Eg har laga brente peanøtter, i går lagde eg karameller og neste trur eg skal vere oreokonfekt. Så her er det berre å vente i spenning! Karamellene blei VELDIG gode, nesten bedre enn kjøpte karameller! Så her skal du få oppskrifta. Lykke til :)

Karameller

♥ 50 g margarin
♥ 2,5 dl lys sirup
♥ 3 dl sukker
♥ ein kartong kremfløte (3 dl eller noko slikt)
♥ 1,5 ss vaniljesukker

♥ bruk ei ganske stor panne, og sett den på den største plata på ovnen, på middels varme (eg sette på 4).
♥ smelt smøret og bland i sirup og fløte, deretter resten. Rør til sukkeret har smelta og det er heilt flytande.
♥ når du ser det begynner å koke, kan du slutte å røre. Altså, ikkje rør.
♥ når det kokar, kan du skru ned temperaturen litt, men det skal fortsette å koke. La det stå i omtrent ein time. Du slepp å røre omtrent når det kokar, så du kan godt sjå litt på tv eller sjekke facebook eller ta på neglelakk mens det kokar. Det blir ikkje brent! Undervegs kan du ta "karamelltesten", som går ut på at du tar eit glas med kaldt vatn, og tar ei skjei med karamellmassa opp i, og sjekkar konsistensen. Når du kan lage ei kule, er det ferdig. Ver tolmodig. :)
♥ når massen har fått fin konsistens, heller du det ut over eit bakepapir i ei steikeplate. Så set du det ein kald plass, og omtrent etter ein halv time kan du skjere det opp i passe bitar. Mine karameller stivna etter litt over ein time, men eg lot dei stå over natta i bakepapir før eg gjorde noke meir med dei.
♥ når karamellene er stive, så tek du eit sylteglas eller ei matboks og har litt melis opp i. Så tek du karamellene i boksa og ristar litt, slik at alle karamellene får eit tynt melislag på dei. Då kan du lagre dei i ei boks utan at dei klistrar seg samen. :)

(No kan eg nemne at mine karameller kanskje blei litt vel mjuke, for etter at dei hadde ligge i boksa ein dag hadde dei klistra seg litt i hop. Så eg tok dei og rulla dei til pølser, og klipte dei opp akkurat som polkagrisar, og tok dei i ei boks med smørpapir i mellom.)

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

9 kommentarer:

Anonym sa...

ej ramla ta lasset. laga du karamellpølse ? grei ut.

Kristin på Biristrand sa...

Vi må nok også lage karameller èn dag før jul, og oreokonfekt er fryktelig godt!

Anna Josefin sa...

Haha, nei men når dei klistra sej samen so måtte ej knø dei samen og rolla ut til ei pølse. So klipte ej sann på skrå so det blei trekanta karamelle-klompa, ala polkagrisa ;)

Kristin: karameller e jo et must før jul:) He ikkje prøvd oreokonfekt før, men ser veldig godt ut! So dei skal ej lage.

Kristin på grefsen sa...

NAMM!! Gler mej til å smake :)

ingvild sa...

Kjære FLINKE Anna! Eg lar meg inspirere av deg heile tida, og det er så oppmuntrande å lese innlegga når du er så ærleg og kreativ:)Har anbefalt deg til søster og Regine, har eg og! Gleder meg til resten av desember-blogginga og kanskje til og med ein kommentar hjå meg:)

Janita sa...

Ditta såg veldig spennande ut Anna! Låna oppskifta me dej :) Dissa oreokulene he ej også sett på..Gi gjerne oppdatering om du laga dei ;)

Maria sa...

Mmmmm, det så godt ut :D

Hadet på badet, din gamle sjokolade,
sees i kveld, din gamle karamell!

Ingunn sa...

Litt out of topic, men gleder meg til å komme på Hareidbesøk igjen, jeg :) Hadde vært meget koselig med ei helg i huset ditt der du skal flytte!

Henriette sa...

Nam:) sånne må du selle på bakeriet:D