tysdag, desember 13, 2011

13. desember

No har eg sett litt i bloggarkivet mitt, på adventsblogginga mi dei tre siste åra. Det er rart å tenke på at for to år sida var eg på ein heilt annan plass i livet. Eg gjekk fyrste året på sjukepleia, sleit meg igjennom eksamenar og mykje lesing, og var på veg ein plass. Men kvar var eg eigentleg på veg? På veg til ei sikker framtid, ei utdanning og sjølvstendigheit? Og er det eigentleg så innmari viktig at du har ei sikker framtid å sjå fram til? For nokre er det nok det. Og eg ser den, så absolutt. Det er jo trygt og godt å vete at du er utdanna, du kan få jobb, du lev voksenlivet, og så vidare. Men for meg sa det stopp der. Betyr det at eg ikkje er voksen, at eg ikkje har ei framtid å sjå fram til? Er det ein ting eg har lært dei siste åra, er det at det er kun eg som kan styre livet mitt, lage mi eiga framtid. Om den framtida inneheld ein fast jobb, ei fast rutine for livet mitt vidare, det er ein annan sak. Ein må ta ein dag, ei veke, ein månad om gongen, og ikkje låse seg heilt fast i planen du har for korleis resten av livet ditt skal vere. Og det er jo det det vil sei å vere voksen, å ta eigne valg og stå på eigne bein. For vegen blir til mens du går, som det heiter. Det kan eg på handa på hjertet skrive under på. Dette var ikkje med i min plan i allefall. Men kanskje er det ei meining med det likevel. Kanskje er det nokon som prøvar å fortelle meg at eg måtte stoppe opp, ta det rolig, gå min egen vei, ta styringa og stake ut ein kurs for livet mitt slik eg vil det skal vere. Det er no livet er, og alle tinga du har sagt du vil gjere, kan du berre starte på med ein gong. Har du lyst å studere i London, send ein søknad da vel. Vil du ta ei pause frå skulen, så gjer det. Skulen står på samme plass neste år. Det eg prøver å sei, er at det som regel alltid vil vere muligheiter for at du kan gjer det du ønsker å gjer. Om det so startar med ein draum, ein plan. Det er berre ein flytur mellom deg og eiffeltårnet. Og ALT kan googlast.
Så smil litt meir, drøym litt meir, sei hei til ein kjekkas eller ein du syns er søt, ta deg ein biltur uten mål, høyr på musikk på badet og dans deg til kjøkkenet.
Mitt mål for 2012, er å starte å leve igjen.

webcam to gif


Photobucket

Photobucket

8 kommentarer:

Birte sa...

Ditta bilde av dej, jor dagen!! :)

Anna Josefin sa...

Hihi, bra :):)

Anonym sa...

Ej vil du skal lære mej å lage sann animasjon :)

Anna Josefin sa...

Gå inn her: http://www.picasion.com/

Maria sa...

Det her var deilig å lese!

Ingun sa...

Viktig sagt! :)

Ingunnnnnn sa...

ikke ingun velll!

Love u lots!

Emilie Petrine sa...

Herligt skreve!