laurdag, desember 17, 2011

17. desember

♥ drikke vatn frå stettglas
♥ stå opp fem minutt tidlegare for å koke seg eit egg til frukost
♥ sjå snø som drysser frå kvite tre
♥ gå til frisøren tidleg om morgonen
♥ trailershow før filmen startar
♥ vinne 25 kr på flaxlodd
♥ sjå ein hjort på ei kvit mark om natta
♥ Buzz Aldrin på NRK nett-tv ein tirsdags morgen
♥ når det er så kaldt at det knitrar under skoa
♥ late som ein ser heile orions belte på himmelen, og ikkje berre beltet
♥ å felle av eit strikketøy
♥ følelsen du får når du ser eit nyfødt barn for aller fyrste gong

Du kan ikkje nekte på at verda framleis kan vise litt magi. Smil litt, gi ein klem til den du sitt med akkurat no, gå ut å sjå om det er stjerner på himmelen, skru av TVen og tenn eit lys. Ein må aldri gløyme å leve, uansett.

Photobucket

1 kommentar:

Maria sa...

Den første snøen.
Når bandet du er på konsert med spiller yndlingslåta du ikke turte håpe på - og de spiller den perfekt.
Å vinne i brettspill.
Den første slurken av en skikkelig god kaffe med varmt melkeskum.
Å le og le så du ikke klarer å snakke.